Magne Rjupheim, Egno Lio og Turs i Lunden

Før i tidi budde det mange stader folk, der som det ikkje bur nokon no, framme i dalane og oppe i høgdene. Soleis og i Hafslo. Der det no er gilde gardar med åker og eng og alt som dertil høyrer, var det då tjukk skog, fureskog, og folki som budde oppe i skogavakset, kunne ikkje sjå vatnet for skogen si skuld. —Stolpane i den gamle Hafslo-kyrkja. var på omlag metern i tverrmål, og tømmeret var hogge på Furestodreinene (på Prestateigane) og på Furestodene (ein åker som høyrer Venjo til). Under Furestodreinene, er der ein haug, som dei kallar Studerhaugen (Hafslo-prestane, har vel halde seg der om somrane og studert preikene sine). Nedanfor der skal det ha stade eit Hov, og der har dei funne oldsaker. Den garden dei no kallar Båsåkcr, har før høyrt til Venjo, men vart eingong fråskild garden som fadder-gåve. Likecins Asbørntcigane i Torskamarki. Dei kallar dei ogso Torskalli. Derfrå skulle koma dei beste bordi som vart føyde til Bergen. Der syner endå ei sagastod. 

Ovafor Beheim er det ein stad som kallast Stemmingo. Der budde folk før, og det er ikkje so svært lenge sidan. Hustomtene syner endå. 

På Rjupheim, Lio og Lunden, eit stykke under Vetlestølen, stølen til Venja og Skjervo, budde det ogso folk før. Der syner enno hustufter. og der syner stoder etter kvernhus i grovi, og ein ligg der endå. Ein kvernstein som vist nok er komen derfrå ligg på Skjervo. På Rjupheim er det nokre store haugar som ser ut til å vena gravhaugar. og der ligg nokre lange steinar. Det cr vel bautasteinar. Der har dei funne ein ring av bronse og ei flat spøta med halvt auga på. hitt halva var vekktert. Desse to tinga er no bortkomne. So har dei funne ein dåse, som for ei tid sidan vart seld til ein som for omkring og kjøpte opp oldsaker. På Øygarden fann dei for ein del år sidan ei grav. og i den fann dei ei mengd med glasperler i ymse fargar. Dei finst no på Bergens Museum.

På Rjupheim skal det i gamle dagar ha butt ein mann som heitte Magne, på Lio ein som heitte Egne og på Lunden ein som heitte Turs. Dei var vidt og breitt kjende for ein djervleik og rikdom. Rike var dei før og meir ville dei ha. Difor so drog dei på vikingeferd, soleis som skikk var i den tid. Korleis dei for fram og kva for land dei heldt til i, er det ingen som kan fortelja no. Men dei var so lenge vekke, at heimefolket trudde dei var fanga eller drepne, eller ogso husene i andre land, so som vikingane ofte gjorde. Men då folket minst venta dei. høyrde dei at Egne og Turs var komen til Solvorn med nokre skip lasta med gull og sylv og andre kostbare cigneluter, dei hadde vunne i strid. Frå Solvorn og opp til heimen deira. var det i dei dagar ingen veg som kunne ferdast med hest. Egne Lio og Trus i Lunden tykte no at dei fulla hadde råd til å kosta veg opp til heimane sine, so dei kunne føre eignalutene sine heim på ein lettare måte. Det vart grave og mura av mange folk i lang tid, for det var ikkje so beint fram å få veg der dei la han opp skårer og skorter, gruvlar og jel. Når vegen var ferdig, kløvja dei alle sine skattar på sine spreke hestar opp til Lio og Lunden. Vegen som dei arbeidde opp til Havslo, syner endå. Han gjekk opp om Øvrebø, opp Skormejelet om Kjos, gjennom Hillestad, Solvi, Haugo og ut Stemmingo og utover til Lio, Lunden og Rjupheim. Ei stund etter at Egne og Turs var komne, kom Magne til Solvorn. Han hadde ein gong til so mange skip som hine, og dei var lasta med gull, og allslags gode ting, som han hadde med seg til Rjupheim. Der levde han mange år etter den tid. 

Straks før han døydde grov han ned den store skatten sin, og det er somme som fortel at det er den som ligg i den store Kveurdi, i ein stor kjele. Andre fortel at både Magne og Egne og Turs grov skattane sine ned i ein stor haug. som endå kallast Gullhaugen. Før skulle nok denne haugen heita Lundarhaugen.

Soga om Magne Rupheim, Egno Lio og Turs i Lunden er henta frå heftet Segn og Soga, utgjeve av Hafslo Sogelag i 1983. Du kan lese heile heftet på Nasjonalbiblioteket sine sider.