Haugmelarisen og Stedjerisen

Det var ein gong to risar møttest på Nonfjell. Den eine var ryseleg stor. Den andre var noko mindre. Den største heldt til i Haugmelatraktene, der det syner djupe jel og jiljar etter fotefari hans. Den andre heldt for det meste til på Stedjeåsen, Njuken og Tølderingen. Det synte ikkje so mykje spark etter han, anna enn ei djup hole i fjellet ovanom Aberge, som dei kallar Ljøtaholet. Elles for dei no rundt omkring i mange fjell. som risar brukar å gjera. Risane er store og agelaust sterke, men helst er dei dumme. Alle er dei hatarar av kyrkja og kristendomen. Dei tolar ikkje at det luktar kristenmannsblod. Det går segner om at ein slik rise var forarga på Orneskyrkja, og kasta ein stor stein og ville knusa henne. Men han rokk ikkje fram. Steinen står den dag i dag i bakken nedanfor kyrkje. Ein annan rise kasta ein lang stein mot Solvornkyrkja. Men han kasta for langt. Steinen står i dag som ein bautastein oppe i Borhaug. 

Ja, so var det desse to som møttest på Nonfjell. Dei stod og såg ned i Solvorn, og merka seg den store fossande elvi som rann frå Hafslovatnet og ned i Lusterfjorden.- Denne elvi skal ikkje renna ned her. Ho skal renna ned i Basnesfjorden», sa stedjerisen. Då vart den andre fykande sinna, og dei rende i hop og drogst lenge og sparka opp, so det vart eit djupt skar der dei stod. Det som no heiter Nonskaret. Stedjensen skyna nok at han kom til å tapa i dragsmål. «Lat oss ikkje dragast meir. Kan me ikkje heller gjera ein avtale-. seier han. Grev du ned på Galden, so skal eg grava ned på Sanden. Den som fyrst kjem ned har vunne. Dette høyrdest rimeleg ut, og haugmelarisen gjekk med på dette. Han hadde kjendt at han var mykje sterkare enn hin, og kjende seg trygg på å vinna. Men Stedtersen var sløgare. Han grov berre i sand, medan hin med ein gong kom ned på harde granittfjellet. Elvi tok snøgt ned Stupshølen, utover Helvetesstupet. ned Årøyo og ut i Basnesfjorden. Der har ho sidan runne, og laksen har i lange tider boltra seg i elvi og lauga seg godt under Helvitesfossen. Men Galdefossen vart borte. Der renn berre ei liti grov no. Dei kallar henne Storagrovi. Kanskje eit minne om den store elvi som ein gong var. og ikkje er meir. 

Soga om Haugmelarisen og Stedjerisen er henta frå heftet Segn og Soga, utgjeve av Hafslo Sogelag i 1983. Du kan lese heile heftet på Nasjonalbiblioteket sine sider.