Bertha Kvam Nes – Jordmor på Veitastrond i 50 år

av Jorunn B. Husa

Ungdomstida

Bertha vart fødd på Hafslo 30.august i 1873. Foreldra, Mons og Bertha Halsateig, var då paktarar i Prestegarden på Hafslo. Då Bertha var 19 år, flytta familien til Yngsdalen der faren vart eigar av eit gardsbruk, og tok namnet Yngsdal. Det låg to gardar i Yngsdalen, høgt oppe i fjellsida, nær enden av Veitastrondsvatnet (480 m.o.h).  Bertha var eldst i ein syskenflokk på 9, så ho måtte tidleg læra å ta ansvar, noko ho seinare skulle dra stor nytte av.

Då dei flytta til Yngsdalen, var det eit lite barn (nr 8 i søskenflokken) med. Det var Anna som var fødd i 1891. Ho kom til å bety ei vending i livet hennar Bertha.  Som liten fall Anna utfor ein hammar i det brattlendte terrenget. Dette førte til at ho vart sengeliggjande i fleire år, og døydde berre 6 år gamal. Denne hendinga gjekk sterkt inn på mor til Bertha, og gjorde at ho vart ekstra redd for å missa fleire av borna.

Dette var i ei tid då  «Amerikafeberen« rasa. Bertha vart kjent med Lars Kvam, frå Kvam på Veitastrond. Han hadde alt lagt bak seg ein 10 –årsperiode i Amerika då han kom heim i 1895.  Det oppstod søt musikk mellom desse to, og tanken var nok at dei saman skulle dra over til Amerika og skapa ei framtid der. Men når Bertha no tenkte på mora, skjøna ho at det ville bli ei hjartesorg for henne om ho for dit, så desse planane vart lagde bort.

Då Bertha no uttrykte ynskje om å få ta jordmorutdanning, støtta foreldra henne fullt ut i dette. Kommunen gav henne økonomisk hjelp til skulegangen og sikra henne  jobb på Veitastrond etter fullført eksamen. 21 år gamal kom ho attende, ferdig utdanna, og vegen vidare var på sett og vis utstaka. Ho skulle bruka utdanning, tid og krefter i bygda utanfor allfarveg. I 1896 gifte Bertha og Lars seg og slo seg ned på Nes på Veitastrond, – han som gardbrukar og ho som jordmor.

Levevilkår i bygda dei kom til

Veitastrond baud på denne tida  på svært mange tøffe utfordringar. Bygda var veglaus, kontakten med omverda gjekk via det 17 km lange vatnet. Først vart det nytta ein robåt, men i byrjinga av 1900 – talet, fekk dei motorbåt, som kunne frakta både folk og fe. Den gjekk ikkje meir enn 2–3 dagar i veka, men det betydde  ei stor betring. Likevel vart bygda avstengd frå omverda i lange periodar, mest i den tida då isen på vatnet fraus til eller skulle tina bort. Då var isen utrygg, og var til mein for all ferdsel, derav uttrykket «mein–is». Bygda fekk ikkje telefon før i 1923, så ein kunne heller ikkje på det viset få kontakt med omverda. Heilt fram til 1927 var det postgang berre tre dagar i veka  (men sjølvsagt ikkje når det låg mein-is).

På gardane langs Veitastrondsvatnet og i sjølve hovudbygda,  budde det tidleg på 1900 –talet ca 5 -600 menneske. Med omsyn til helse og hygiene var det eit skrikande behov for betringar. Mange leid av rakitis (engelsk sykje), og tuberkulose var det mykje av.   I ettertid såg Bertha det som eit under at ho ikkje hadde vorte smitta, så mykje som ho hadde vore involvert i pleie av dei tuberkuløse.

Jordmorkvardagen

Då Bertha kom til Veitastrond, kjende ho nesten ingen, så noko støtteapparat hadde ho ikkje i ryggen. Det sjokkerande møtet med kvardagen fekk ho allereie tre dagar etter at ho hadde forlete jordmorskulen. Då vart ho henta til ei barselkvinne og måtte ta ansvaret heilt åleine. Ho var 21 år gamal, ei skjelvande ungjente som vart rodd framover vatnet midt på natta. Då ho kom fram, vart ho møtt av dei såkalla «pleiekonene». Dei representerte i stor grad vankunne, fordomar og gamal overtru. Til dømes kunne dei ikkje skjøna kvifor ho hadde behov for å vaska seg , eller kvifor ho ville ha reint, varmt vatn til stell av pasienten. Alt var så ureint at ho måtte vaska både golv, gryter og kar. Reint tøy til barselkone og barn kom ikkje på tale, for det fanst ikkje. Ho vart møtt med mistanke og redsle. Når barnet så vidt var født, nekta pleiekonene henne å ta i den fødande meir, og barselkvinna sjølv skreik hysterisk berre ho nærma seg. Bertha skjøna at det her kunne koma til å stå om livet, for kona var av blødarslekt. Ho sa då ifrå til pleiekonene at dei fekk ta ansvaret sjølve. Då ho imellomtida hadde teke på seg yttertøyet for å gå, skjøna dei endeleg alvoret, og ho fekk fullføra arbeidet sitt og gjera det ho meinte var naudsynt. Den unge jordmora måtte såleis frå første stund visa alvor og vera myndig. Mellom pleiekonene vart ho mistenkeleggjort. Dei murra om at det nok ikkje vart lenge før denne jordmora kom til å drepa folk. Dette vekte sjølvsagt mistillit og redsle også hjå barselkvinnene, og i byrjinga var dette ei tung motbør for ho Bertha.

Etter kvart vann ho meir tillit, og folk skjøna at ho ville dei vel, og at ho ynskte å gjera fødslane lettare og meir smertefrie for dei. Dei skulle til og med få lov å liggja når dei fødde borna sine!!  Det hadde nemleg ikkje vore praksisen før. Då skulle dei fø ståande, bøygde framover. Før fødselen vart dei ofte i dagevis tvinga til å krypa rundt på golvet til dei nærmast vart hudlause både på kne og albogar. Nokre svima av under slik medfart, og nokre hadde faktisk blødd seg i hel. Viss fødselen gjekk tregt (særleg hos førstegongsfødande), vart dei sette «på kruna».  Det vil seia at den fødande vart heist opp i lufta med hovudet ned, for at barnet skulle «snu seg» inni henne. Dette var ein «tortur» som kunne gå på vitet laus for somme. Også etter at eit barn var født, kunne dei stakkars barselkvinnene verta heist opp etter armane for at dei skulle  verta «heilt forløyste». Det var ikkje gjort i ei handevending å få folk til å tenkja nytt i høve til alle desse gamle skikkane, men etter kvart opparbeidde Bertha seg meir og meir respekt og tillit.

I 1927 var avisa «Sogningen» på besøk på Veitastrond. Dei hadde  m.a. ha intervju med Bertha, som då hadde ho vore jordmor i 33 år, og kunne fortelja at i alle desse åra hadde ho ikkje hatt noko alvorleg uhell, og dokterhjelp hadde ho berre hatt bruk for 4 gonger. Nett denne våren hadde ho opplevd noko heilt spesielt. Den 11. mai var ho uheldig og datt på fjøstrappa og braut eine foten. Dette måtte ho kurere sjølv, med litt hjelp frå sonen. Foten vart spjelka og forbunden på best mogeleg vis etter tilhøva. Nokon dokter var det ikkje råd å få tak i, for på denne tida av året var det ikkje råd å ferdast på isen, men tanken som for gjennom ho Bertha då ho knekte foten, var følgjande: «Å, korleis skal det gå med Elina no?»  Elina var ei gravid kone som nett på denne tida var «dags ventande». Jau, fire dagar etter beinbrotet kom det bod om at no trongst det barselhjelp til ho Elina. Bertha sende bod attende at dei måtte bringa den fødande heim til henne. Barselsenga vart plassert attmed senga hennar Bertha, og ho  greidde å yta den naudsynte hjelpa og alt gjekk bra! Jenta som vart fødd den dagen, lever den dag i dag. (2013) Seks veker etter beinbrotet bar det av stad til ein ny fødsel, denne gongen med krykkje og stav. Skyssen ho fekk var ei alminneleg arbeidskjerre, så ho måtte sitja og halda på foten heile vegen for at han ikkje skulle verta broten opp att.

Seinare same hausten  (1927) vart ho heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv for det arbeidet ho til då så samvitsfullt hadde utført, men ho heldt fram som jordmor i mange år vidare.   I  1943 hadde ho på nytt besøk av ein journalist, denne gongen frå vekebladet «Urd». Då kunne ho på ein måte summera opp arbeidet sitt. Ho hadde teke imot ca  500  born, og heile denne tida hadde ho sendt bod etter dokter berre 7 gonger. Det var heller ikkje ei enkel sak å få tak i dokter på denne tida.  Før bygda fekk telefon, gjekk det minst eit halvt døger å skaffa dokter. Etter telefonen kom  (1923), kunne ein kanskje greia det på 3 timar. Vi skjønar at under slike tilhøve måtte ein berre gjera så godt ein kunne, og finna ut av problema på eiga hand. Ikkje rart at ho ut frå si røynsle var ein ivrig  talsmann for at bygda måtte få vegutløysing. Ho såg også klårt at det var mange andre ting bygda hadde bruk for, så då ho slutta som jordmor, fekk ho i stand ein basar som mellom anna skaffa bygda mange naudsynte sjukeartiklar.

Andre oppgåver

Bertha var slett ikkje berre jordmor. Ho var svært allsidig og på mange måtar  eit føregangsmenneske som kom til å bety mykje for Veitastrond. Nær opp til utdanninga hennar låg oppgåver der ho måtte fungere som doktererstatning. Særleg var dette aktuelt i dei tidene på året då bygda var avstengd frå omverda. Mangt eit beinbrot tok ho seg såleis av, og ho var flink med spjelking og forbinding. Viss folk hadde skada seg og trong sårbehandling og forbinding, fann dei vegen til ho Bertha. Heldigvis opplevde ho berre vellæte frå dokteren for det ho hadde gjort av naudhjelp. Ho hadde også lært å koka salvar til ymse formål. Ho oppbevarte igler som ho kunne leggja på infiserte sår så dei saug i seg ureinska. Mange gonger måtte ho også vera med folk i fjøset for å hjelpa dyr med deira fødslar.

Bertha og Lars hadde også ein særs open heim for reisande folk. Huset deira låg rett ovanfor kaien der rutebåten la til. Mange turistar og anna farande folk fekk husrom, overnatting og godt matstell hjå dei. Lars var flink til å fiska, og mange var dei som fekk nyta flott fjellaure, heimebaka flattbrød og nydeleg fiskesuppe. Dei store inntektene førte ikkje denne gjestfridomen med seg, men kanskje ein ekstraslant. Lars hadde også kunnskap om breføring, så han kunne vera med og losa turistar over breen, om dei ynskte det.

Så må det ikkje gløymast at midt oppi alle gjeremåla ho Bertha utførte for andre, så hadde ho sjølv sin eigen familie å ivareta. Ho var gardkone, med dei plikter og utfordringar det innebar. Ho fekk 4 born sjølv, men måtte oppleva å missa to av dei medan dei var små. Midt i sorg og kvardagssuter, var likevel alltid omsorga for andre til stades. Det var difor heilt naturleg, sidan høvet baud seg, at ho også tok til seg ei pleiedotter i tillegg til sine eigne. Mellom desse to var det alltid eit ekte og godt mor/dotter – forhold som varte livet ut for dei begge.

Symaskina hennar Bertha var, så langt vi kjenner til, den første i sitt slag på Veitastrond. Maskina nytta ho mykje til eige bruk. Ho sydde vanlege klede til familien, sengetøy, gardiner o.l, men også nydelege ting som dåpskjolar og dåpsluer vart trylla fram.   Blondedåpslua frå slutten av 1800 –talet har vore nytta fram til vår tid. Symaskina førte også med seg andre oppgåver som kom samfunnet til gode. På denne tida var det vanleg at dei døde vart gravlagde i heimesydde lik-klede. Ho Bertha sydde mykje lik-klede av eit spesielt lerret-stoff som dei nytta til det bruket. Interessant er det også at ho av og til måtte sy baby-klede og ta med seg når eit barn skulle fødast. Det er ikkje å leggja skjul på at det rådde mykje fattigdom i bygda tidleg i hennar virketid, og dei som eigde minst, var ofte dei som fekk flest born. Ho opplevde i nokre høve at ho ingenting hadde å kle på barnet når det var født. Når ho då høyrde at « no er det noko på gang att « fann ho fram t.d. gamle,mjuke skjorter o.l. og sydde dei om til baby-klede. Slik hadde ho noko å hjelpa seg med når barnet skulle koma.

Ein annan ting ho også hadde skaffa seg, var ein vedkomfyr med bakarovn  ! Det var «sensasjonelt» for konene omkring, og mange kom for å få steika brød og småkaker hjå ho Bertha. Etter kvart vart det så fleire og fleire som skaffa seg «moderne « komfyrar.

 Det må i sanning også nemnast at det var ikkje berre materielle ting ho Bertha hadde tanke for. Ho ville gjerne vera med i arbeidet for at folk skulle få syn for åndelege verdiar. Misjonsarbeidet låg hennar hjarta nær, og for å få i gang ei misjonsforeining, tok ho like gjerne på seg leiaransvaret.

Denne artikkelen har vist nokre små glimt frå det som var livet  til denne jordmora  i fjelldalen. Men vi vonar at det er med på å visa at Bertha Kvam Nes var ei kvinne som betydde svært mykje for Veitastrondsbygda  si utvikling i den tida ho levde. Ho er vèl verdt å minnast med vørdnad !

Kjelder som er nytta :

  • Gards – og ættesoge for Luster kommune , band 8 : Veitastrond
  • « Sogningen» nr 59 , 9. aug.1927
  • « Urd » nr 1,  årgang 47   2. jan . 1943. Artikkel av Sigrid Tang : « En kvinne som virkelig har utrettet noe i livet »
  • Elles byggjer artikkelen på opplysningar frå familien hennar Bertha.

Artikkelen var første gong publisert i «Årbok for Sogn 2013» – utgjeve av Historielaget for Sogn