Årsmelding for driftsåret 2019

Årsmøte på Eikum Hotell, onsdag 12.februar 2020

Styre:
Leiar: Svein Solheim vald i 2019 ikkje på val
Nestleiar: Henny Eikum Roterud vald i 2019 ikkje på val
Sekretær: Gerd Westby Haugen vald i 2019 ikkje på val
Kasserar: Torstein Molland vald i 2018 på val
Styremedlem: Aud Marit Hilleren vald i 2019 for eitt år

Varamedlemar til styre:
Tordis Skjeral Rauboti vald i 2019 for eitt år
Tor Bremer vald i 2019 for eitt år
Kristoffer Melheim vald i 2019 for eitt år

Bygdeboknemndi:
Per Jørgen Loen leiar vald i 2018 for to år
Magnar Høyum vald i 2018 for to år
Leif Hammaren vald i 2018 for to år

Flugenemndi:
Astrid Heggestad, delt leiaransvar vald i 2018 for to år
Wenche Moe, delt leiaransvar vald i 2019 for to år
Svein Øygard vald i 2018 for to år
Svein Haugen vald i 2018 for to år
Olav Grøteig vald i 2018 for to år

Varamedlemar:
Sigrid Hamre Nyseth vald i 2019 for eitt år
Per Hess vald i 2019 for eitt år

Stuaflåtringen:
Ole Johnny Sie leiar vald i 2019 for to år
Edin Lingjerde vald i 2018 for to år
Kjell Jacobsen vald i 2018 for to år

Modvanemndi:
Tor Bremer leiar vald i 2019 for to år
Odd Gerhard Solvi vald i 2018 for to år
Sverre Agnar Norheim vald i 2018 for to år

Revisorar:
Jon Sterri vald i 2019 for to år
Torstein Lomheim vald i 2018 for to år

Valnemnd:
Hans Moseng vald i 2019 for to år
Lars Mogens Stølen vald i 2018 for to år
Johannes Bremer Lomheim vald i 2019 for to år

Æresmedlemar i Hafslo sogelag:
Kåre Alme, utnemnd til æresmedlem i Hafslo sogelag av årsmøte i 2017
Johannes Bremer Lomheim, utnemnd til æresmedlem i Hafslo sogelag av årsmøte i 2019

Johannes Bremer Lomheim vert utnemnd til æresmedlem av årsmøtet, 13.februar 2019.

Årsmøte for driftsåret 2018, vart halde på Eikum hotell, onsdag 13.februar 2019.
Det var 55 frammøtte på årsmøtet, og laget har 81 medlemar.
Leiaren ynskte velkomen, gjekk gjennom innkalling og sakliste. Ingen merknader.

Etter forslag frå årsmøte, vart leiaren vald til møteleiar, og sekretæren til referent.
Per Jørgen Loen og Thomas Skjerven vart valde til å skriva under møteboka.

Til innleiing var det song med gitar av Tordis Skjerdal Rauboti, og Ragnhild Walaker og Svein Solheim song med

Innkomen sak frå styret: Forslag om bruk av kr 150 000,- av oppsparte midlar, til oppføring av reiskapshus på Fluga. Dette vart einstemmig vedteke av årsmøte.

Leiaren gjekk gjennom årsmeldinga for 2018, og arbeidsplan for 2019.
Per Jørgen Loen les årsmeldinga for bygdeboknemnda.
Ole Johnny Sie les årsmeldinga for Stuaflåtringen.
Svein Solheim les årsmeldinga for Modvanemnda( i Tor Bremer sitt fråvær).
Wenche Moe les årsmeldinga til Flugenemnda.
Årsmeldingane vart samrøystes godkjende.

Kasseraren gjekk gjennom rekneskapen for 2018. Den vart samrøystes godkjend.
Fastsetting av medlemskontingent for 2020 vart sett til kr 200,-.

Det var innstilling frå styre om å utnemne Johannes Bremer Lomheim til æresmedlem i Hafslo sogelag, for lang og stor innsats for laget. Dette vart einstemmig vedteke, med ståande applaus frå årsmøte. Johannes fekk blomsteroppsats og diplom som synleg prov på utmerkinga.

Leiaren gav og blomster og takka av dei som gjekk ut av styret.

Rådgjevar ved Fylkesarkivet, Per Olav Bøyum, heldt interessant kåseri og synte fram gamle registrerte bilete og dokument frå Fylkesarkivet.

Aamund Bremer presenterte den nye heimesida til laget, og synte korleis ein kan kome inn på sida og linkar til denne. Han viste og videoar frå årets slåttedag på Fluga.

Så var det matpause, med karbonade og blautkake, samtidig med loddsalg og trekning av ei mengde innsamla gevinstar frå næringsdrivande i kommunen og i Sogndal.

Årsmøte vart avslutta med allsong : «Mellom bakkar og berg»

Arbeidsåret 2019

Styremøter:
Det er halde 6 styremøter, og handsama 43 bokførde saker. Styremøta er haldne i tidlegare Luster vgs. sine lokaler. Her har og sogelaget kontor og eige arkivrom.

Av saker som har vore handsama kan nemnast:

  • Evaluering av årsmøte
  • Orientering om laget og pågåande prosjekt for nyinnvalde i styre
  • Rapportering til Luster kommune vedk. løyvde midlar. Nye søknadsskjema og registreringar frå Luster kommune
  • Innsending av søknader til Luster kommune innan 15.mars
  • Status søknader til reiskapshus
  • Sammøte med Stiprosjektgruppe
  • Støtte til bygdebokarbeidet – bind 12, til Lars Øyene og Terje Mikael Hasle Joranger
  • Oppgåvefordeling til arrangement på Fluga : slåttedagen, 4 H sin fylkesleir (samarbeid med Hafslovatnet 4 H), besøk av 4 skuleklassar frå Hafslo barne- og ungdomsskule m m.
  • Rehabilitering av pipa på Fluga
  • Omvising for tilsette frå Sogn folkemuseum
  • Nye rutinar for søknad om spelemidlar
  • Legge til rette for vatn på Fluga (pumpe utandørs, etter modell «Farmen»)
  • Etablere WEB-ansvarleg / heimesida, og at denne vert med i styret. WEB-ansvarleg er Aamund Bremer
  • Planlegging av årsmøte, gjennomgang av årsmeldingar m m

Aktivitetar i arbeidsåret 2019.

Om aktivitetane som har vore på Fluga, Stuaflåten, Modvo og i Bygdeboknemnda, vert det synt til eigne årsmeldingar frå gruppene.

I tillegg ynskte Flugenemndi at me her tok med litt om Amerikabesøket som var på Fluga 28.juli: Amerikabesøket som me hadde i sommar (27. – 31.juli), var etterkommarane til Erik Moe, f 1869, og som utvandra til Amerika som 17-åring i 1886, saman med moster si. For spesielt interesserte, står det meir detaljar i: «Gards- og ættesoge» – Hafslo 2, side 236 og 237. Erik var nr 3 i ein syskenflokk
på 9, og det spesielle er at han var bror til Knut Moe (Tangsås), som var den siste husmannen på Fluga, saman med kona Kristina. Han var såleis og bror til Samuel T Moe, bestefar til Svein S.

At besøket på Fluga, saman med ca 50 slektningar frå nærområdet, vart noko heilt spesielt for Amerikafararane, Erik Hans og Melissa med to born, vart observert då dei gjekk rundt på området, og det vart halde orientering om husmannsplassen, aktiviteten og generelt livet på ein husmannsplass.

Den 28.juli var ein varm og fin sommardag, og det vart servert kaffi og kaker, jordbær med fløyte, som uteaktivitet.

Det vart og lagt opp til tur der husmannsplassen Krabben 1 låg, plassen som far til Erik ( Torstein Knutsen Moe og mor Anna J Moe) hadde, og som Erik var fødd og vaks opp på. Plassen var rett nedanfor husa som i dag er i Modal. (Det står omtale av denne plassen i «Bygsleheimar i Hafslo», side 130 og 131).

Det var vidare besøk på grava til Torstein K Moe og Anna J Moe, i tillegg til dei næraste.

Dette vart ein minnerik dag for mange, og ei fin markering / marknadsføring av Fluga, som har mange kvalitetar å by på for besøkande i alle aldrar.


Bygging av reiskapshus / søknadsprosess.
Frå Styre si side har det vore jobba mykje med å få til forsvarleg finansiering av det planlagde reiskapshuset. Såleis vart det sendt søknader om tilskot, til: Kulturminnefondet, Luster kommune, «Huset i bygda» m fl. Sidan det er eit spesielt bygg, ligg det heller ikkje innanfor råma av tilskot som kunne gjevast.

Saka vart vidare teken opp med kommunen/Kultursjefen, korleis kome vidare med byggeplanane. Ideen med å få spelemidlar/tippemidlar kom då fram. Men det vert heller ikkje gjeve spelemidlar til bygg/anlegg, utan at det kan knytast opp til ein aktivitet. Hafslo sogelag er heller ikkje søknadsgode til å få spelemidlar.

Såleis vart framdriftsplan endra. For å få til aktivitet, planlegg ein no å få til hesteaktivitet i bygget. Hans Nes Bygg AS kasta seg rundt og laga nye teikningar, med innlagd stall i enden av planlagd bygg. Ein tenkjer seg å få til rideaktivitet og køyring med hest, der ein kan nytte lagra hestereiskapar. Interesserte hesteeigarar er kontakta.

For å fremja søknad om spelemidlar, prøvde ein først Luster kommune som medspelar. Dette samarbeidet vart før omfattande, med m a bruk av anbodsrundar. Det kom så innspel på å prøve å få til eit samarbeid med Hafslo idrettslag (HIL).

HIL vart kontakta, ved leiar Ove Midtbø, med positiv haldning frå første innspel. Det vart halde møte med HIL v/leiar, og leiar og sekretær i Sogelaget. Det vart vidare utarbeidd ein samarbeidsavtale mellom laga, som er godkjend i begge styra.

Med dette som bakgrunn, og anna nødvendig dokumentasjon, er det søkt om spelemidlar, og prosjektet er kome med i planane til Luster kommune, som er godkjende i Formannskapet og Kommunestyret. Den endelege godkjenninga må kome frå Fylket, der det er venta avklaring mellom 1/2 – 1/3 2020.

Om søknadsprosessen går slik me vonar, er det landa ei god finansieringsløysing av prosjektet.

Framføring av vatn på Fluga.
Det har vidare vore jobba med planar på framføring av vatn til Fluga, i samsv. med oppsette arbeidsplan for 2019. Det er ikkje tanken å leggja inn vatn i huset, men få tilgang til vatn utandørs, etter modell som på «Farmen». Her har laget fått pumpe av Ola Skophamar (Røyrleggjarservice AS), som er tenkt montert til våren.

Rehabilitering av pipa på Fluga.
Det er kome forbod om bruk av pipa. For å kunne fyre i peisen på kjøkken og omnen i stova, må det føretakast rehabilitering av pipa ( sette inn stålpipe i eksisterande pipe). Det er innhenta tilbod på jobben, og fleire løysingar er vurderte. Det er enda opp med ei løysing som går på ei tilpassing av peisen i kjøkken, og at ein koplar på omnen i stova. Dei øvrige uttaka frå pipa vert tetta (attstøypte). Arbeidet er tenkt gjennomført til våren.

Stiprosjekt.
Det er sett opp skilt i Kjosavegen, som viser stien til Huarplassen, Kjosastølen, Skårane og elles namn på plassar langs stien, i tillegg til kvilebenkjer. I samarbeid med stiprosjektgruppa, er det planar om merking av fleire stiar i området.

Heimesida.
Laget har fått etablert heimeside: www.hafslosogelag.no. Det er Aamund Lomheim Bremer som redigerer og koordinerer arbeidet. Her kan ein m a finna : fakta om laget, korleis einkelt bli medlem i laget, gamle bilete, lokalhistorie, om Fluga, om Stuaflåten og om Modvo. Vidare kan ein lese om aktivitetar som Sogelaget har. Har du bilete, artiklar eller anna som kan vera av interesse, kan du kontakte Aamund, Henny eller Svein.

Arkivet.
Det vert stadig jobba i arkivet. Det som har prioritet no, er å få oversikt på innsamla bilete frå Kåre Alme. Det er fleire ringpermar med bilete som Kåre og Svein prøver å systematisere, med namn, årstal, stad og aktivitet, så langt det let seg gjera. Eit tidkrevjande arbeid.

Arkivet er og ope for arkivering av protokollar og anna arkiverbart materiale frå lag og organisasjonar.

AKTIVITETSPLAN 2020.

  1. Få på plass finansiering av hestesportaktivitet og lager for hestereiskapar på Fluga.
  2. Når/om det ligg føre godkjend finansiering på bygget, starte opp med bygging.
  3. Gjennomføre rehabilitering av pipa på Fluga.
  4. Leggje fram vatn og sette opp pumpe, ute på Fluga.
  5. Følgje opp søknader om tilskot, refusjonar og søknad om gåve. Sende inn rapportar i samsv. med oppsette tidsfristar på tilskotsordningar.
  6. Samarbeide med bygdalaget og Hafslo idrettslag/trimgruppa om stiprosjekt.
  7. Arbeide vidare med arkivet.
  8. Støtte opp om arbeid og innspel til heimesida, for å utvikle og gjera den endå meir tidsaktuell. Her må alle bidra !
  9. Sjå framsette planar i årsmeldingane frå gruppene.
  10. Vurdere / utvikle nye aktiviteter og områder for laget ?


Styret vil nytte høve å takke for all støtte gjennom året. Takk til Luster sparebank for den årlege gåva, takk til Luster kommune for god støtte og samarbeid, og kjærkomne tilskotsmidlar.

Takk til Fylkeskommunen for tilskot til stell av Modvo.

Takk til våre sponsorar for gåver til utlodding og kostnader med annonsering.

Takkar og for det gode og konstruktive arbeidet innad i styre, og det viktige samarbeidet med og mellom grupper i laget. Takk til Kåre for hans medverknad, spesielt i arkivarbeidet.

Du kan vera med å støtte arbeidet i Hafslo sogelag ved å bli medlem i laget. Gå inn på heimesida, eller du kan nytte vipps direkte, vipps nr 547657, og hugs å skrive melding: Medlemskontingent 2020, evnt. anna innbetalinga gjeld.

Styret

Svein Solheim
-leiar-

Årsmelding for husmannsplassen Fluga 2019

«Eit kulturminne blir best halde i hevd ved at det er aktivitet på plassen»

Aktivitet har det verkeleg vore på Fluga i 2019. Hafslovatnet 4-H arrangerte 4-H leir på Hafslo sist sommar, og allereie i januar fekk Fluganemndi spørsmål om me i den anledninga kunne stilla opp med aktivitetar på Fluga.

Seinare kom det så mail frå Hafslo barne- og ungdomsskule med same spørsmål.

Juni og juli vart difor ein travel periode. Det kom fire store grupper med ca førti deltakarar i kva gruppe som me skulle prøva gje ei fin oppleving på Fluga. Mange velvillige og arbeidsvillige medhjelparar stilte opp kvar dag og på det meste var femten personar «i arbeid» fordelt på dei forskjellige gruppene .

Her er dei aktivitetane me kunne tilby: Slå gras, setja opp hes, tove små ballar av ull, strikke, smaka vassgraut, saft og lappar, sjå skomakarverkstaden, høyre Fluga sin historie, rokk med spinning og karding, sy på gamal symaskin, laga hoppetog av tøystrimler, leik med liten ball, gå på stylter, spikke tvore, vaska klede i balje .

Det vart hektiske, men også kjekke og inspirerande dagar. Leiarane for gruppene var dyktige til å organisera i små grupper. Dei hadde god «kustus» på ongane, og me fekk mange positive og gledelege tilbakemeldingar både frå ongane og leiarane ! Den som gleda oss aller mest var denne: « DET ER DETTE SOM ER 4-H»

Igjen så vart det ein tradisjonell og vellukka slåttedag på Fluga tidleg i juli. Slåttedagen ser me på som høgdepunktet på Fluga gjennom året. Det har vorte ein fantastisk dag der det tydeleg blir streka under kva verdi husmannsplassen Fluga har i bygda vår. Her møtest unge og gamle –nokon for å sjå og læra — andre treng me der for å læra frå seg det dei ein gong har lært!

Den 28. juli hadde Fluga igjen besøk frå Amerika. Om dette besøket, sjå innlegg av leiar i årsmeldinga!

7. oktober hadde Fluga selebert besøk av femten tilsette ved Sogn
Folkemuseum. Akkurat denne dagen var det berre dei to æresmedlemane i Sogelaget Johannes Lomheim og Kåre Alme som var heimeverande og ledige, og på kort varsel stilte dei som vertskap . Tilsette på Sogn Folkemuseum må reknast som fagfolk på eit område som husmannsplassen Fluga. På Fluga møtte dei sine likemenn : Ingen har vel meir kunnskap om slekt, lokal historie, restaurering og drift av Fluga enn Johannes og Kåre!

Barnehagebesøk 6. november.

Djup konsentrasjon inn i ei forståing av kunsten å laga ull om til garn! Alltid kjekt med besøk frå barnehagen og rokken til Elen skapte STOR beundring !

Fluganemndi vil gjerne i denne anledningen gje ein ekstra applaus/honnør til Elen Øygard! I fem dagar sat ho sist sommar på Fluga med rokken sin, og ikkje
noko anna blir vel meir BEUNDRA av alle enn det mirakelet som skjer mellom
Elen og rokken. (Rekk opp handa alle her på årsmøtet som kan spinna! )? Elen
til og med tek med seg sin eigen rokk i bilen— ull, karer og HATTEN tova av ull
har ho også med seg! TUSEN, TUSEN TAKK TIL ELEN!!!!

Avslutning av dugnadsåret.
Utan folk rundt oss som me kan spørja om arbeid på dugnad så stoppar drifta av Fluga opp. Om lag 450 arbeidstimar har me notert ned siste året! Som avslutning på dugnadsåret, bad me difor inn til ei lita markering. Stova på Fluga egnar seg godt til eit gamaldags gjestabod. Sjølv om det til slutt vart trongt om plassen , vart dette ei triveleg samkome—- stor takk til alle som kom og till alle andre som er med å skapa eit triveleg miljø rundt Fluga!

Arbeid utført på Fluga i 2019:
Stor reparasjon/forbetring av stabburet. Rydda under stabburet.
Rydda inne på stabburet samt merka alle tinga der .
Har rydda på eigedomen på andre sida av vegen mot Torvald Moen.
Måla vindaugskarmane i andre etage .
Har vaska og behandla nordsida av stovehuset mot sopp.
Generelt vedlikehald inne og ute

Oppgåver for året 2020

Meir forbetring/ reparasjon av stabburet—taket er i ferd med å losna.

Avslutte arbeidet med nytt stålrøyr inne i pipa slik at me kan fyra i peisen på kjøken og omnen i stova.

Vannpumpe er allereide på plass på Fluga— Kvar finn me vatn? Svein Øygard vil prøva finna ut meir om dette prosjektet.

Det er svært lite barnetøy og barneutstyr på Fluga. Klarar me å kopiera kvardagsutstyr som bleier, lind/reiv og leyert ?

Me i Fluganemndi vil takka alle som har bidrege i eit godt arbeidsår! Ei spesiell takk til Svein Øygard som held hjulene i gang i kvardagen gjennom heile sommarhalvåret på Fluga! Takk til Mads på SPAR og takk til styret i Hafslo Sogelag for positiv innstilling og inspirasjon gjennom arbeidsåret!

Samla dugnadstimar har vore ca 450

Antall gjester nærmar seg 400

Hafslo 6. januar 2020
Wenche Moe, Astrid Heggestad, Svein Øygard, Svein Haugen, Olav Grøteig

Årsmelding Stuaflåtringen. 2019

Styret dette året: Ole Johnny Sie – leiar
Kjell Jakobsen – styremedlem
Edin Lingjerde – styremedlem

13.juni hadde me slåttedugnad der 11 deltok. Turkesommaren gjorde ikkje noko på grasavlinga, så arbeidet vart det same som før om åra.

17.juni var me 4 dugnadskarar og bar kvilebenker nedover og plasserte på ymse utsiktspunkt på stien.

7.august tok me resten av benkene. Så no er det i alt 5 benker langs stien. Denne gongen var me 6 deltakarar. Det var ein tung jobb, så det var godt å vera hjelpa.

8.november hadde me endå ein dugnad. Denne gongen med bering av informasjonstavla. Ho var så tung og uhandterleg, at me laut transportera ho i deler. I tillegg hadde me motorsager med og fekk felt nokre tre rundt stova. Claus R. Moe tok seg av styvingstrea. Dette var seint på hausten, så mørkni tok oss før me vart ferdige.

I år har det vore omlag 60 som har skrive seg i boki.

For Stuaflåtringen
Ole Johnny Sie

Årsmelding frå Modvanemnda.

Nemnda har hatt fylgjande samansetting: Sverre Norheim, Odd
Solvi og Tor Bremer, med sistnemnde som leiar.

Forvaltning av eit naturområde som Modvo er eit langsiktig arbeid som har som føremål å halde vegetasjonen i sjakk rundt fornminna. Vidare gjeld det å sjå til at det er fritt for søppel og er mest mogleg tiltalande å besøke området.
Vegetasjonen blir halde i sjakk ved fysisk tjerning av tre og busker, samt at graset fortrinnsvis blir beita.
Sommaren 2019 var prega av svært gode beiteforhold i heile kommunen frå tidleg vår til seint på hausten. Det lukkast difor ikkje nemnda å få beitedyr til området. I staden vart store deler av området pussa ved hjelp av beitepussar på seinsommaren.
Nemnda har for sommaren 2020 vore i kontakt med ein småbrukar som treng noko beite ti! ein liten flokk geiter.

For Modvanemnda
Tor Bremer

Årsmelding 2019 – Bygdeboknemnda

Bygdeboknemnda har i 2019 vore samansett slik:
Per Jørgen Loen – leiar
Magnar Høyum
Leif Johan Hamaren

I 2017 vart Bygdebok for Luster – Band XI – Solvorn I – ferdigstilt og utgjeven. Det som står att før serien er fullført er Band XII – Solvorn II. Dette bandet skal omhandle 4 gardsnummer, 182 Kroken, 183 Urnes, 184 Dalen og 185 Åsen.


Bygdeboknemnda har ikkje hatt fysiske møte i 20L9.
Leif Johan Hamaren har jobba noko med å samle inn restdata for nokre bruk i Kinsedalen, og han har hjelpt Lars Øyane med å plassere ein del husmannsplassar på kartet på Ornes. Leiaren har hatt noko telefonkontakt med Leif for å drøfte einskilde problemstillingar. I følgje Lars Øyane (Jan 2020) , har han no fått inn dei data han treng frå Kroken og Ornes. Han ventar på at gardssoga skal bli ferdigstilt, slik at han kan byrje å flette tekstane.

Leiaren har også hatt jamleg kontakt med Terje Mikal Hasle Joranger som skriv den generelle delen og gardssoga. I følgje opplysningar eg har fått frå han i desember 2019 vil han prioritere dette arbeidet etter påske i 2020.

Lars Øyane var sjukmeld i heile vår-halvåret, men han er klar på at bind XII skal vera klart til utgjeving i løpet av 2020.

Bygdeboknemnda meiner å ha god kontroll på det arbeidet vi skal gjere i høve band XII – Solvorn II. Vi er klar til å ta fatt på korrekturlesing når manus føreligg.

Solvorn 05.01.2020
Per JØrgen Loen
leiar

Følg og lik oss på Facebook: