Våronn på 1800-talet

I si skildring av Hafslo Kring 1860, utgjeve som tidsskrift av Historielaget for Sogn, fortel Kristen Bremer om våronna.

Sumarmål (14de april) er nyårsdag i jordbruket. Snart er det såtid, våronni skal førebuast.

Enno er det meir vinter enn vår. Dei hadde som vanleg sett myke på om hausten, så stølsbeiti kunde verta godt utnytta. Våren er ofte seinkomen. Dei har halde attåt med skav frå først av, dei som skavskog har; vert det hard vår, lyt  dei kjøpa nokre lass, dei som ikkje har og. Ein og annan heldt attåt med lyng eller bjørkeris um hausten.

Ard og horv lyt setjast istand, vaingsné og grev kvessast, kanskje åleggjast.

Kvendi  er ferdige med spunen, som er nøsta eller hespa. Rokkane set dei bort, vevbørnaden inn. Og so går veven heile dagen, under måli og (ei vev medan hi et), radt til slåtten. For heile huslyden skal hava kler, under og utapå, gangkler og sengkler. Jamvel sekker (hærasekker) tøtar dei, av hestamon. 

Ved skal hoggast og leggjast i lad, lauvris og annan risved klippast og koma under tak. 

Våren er komen so langt at møki kan køyrast ut. Gjødsli av kyr og gris, frå sorpdungen og tunet skal kornåkeren hava, frå hest og smale køyrest det ut til overgjødsel på eng eller til å strø i fôrene på den potetåkeren som ikkje fekk hevd som kornåker ifjor. Noko vart køyrt ut på snøføri, der det er vandt å koma med kjerra. 

Fjøsen står på so høge hyrne-lod at møki har rom under. Strøy (strø) brukast ikkje. Landet fer der det vil og skade-gjødslar jordi i nærleiken. 

Møkakøyrsla er fråseggjord, våronni, den stridaste av onnene, tek til. Det er høg snø i Hafslo. Det hende i bygdi, det var vanleg på Veitastrondi, at dei molda, breidde mold på snøen, so han snarare hadde seg or vegen. Urbanus — 25de mai — skulde vera midt i såtidi. 

«Da har kje slike braohast», høyrde eg Erik Venjum sa, «her er so god solmeid i Hafslo; sista sæ’e gjev lika god haust som da førsta»

Folk meinte no det hasta, kva han Erik sa. Dei stod upp klokka 4, det kunde vera dei som stod upp klokka 3, og heldt på til klokka 9. Men so fekk me rugkake og øl til førebisk og kveldsbisk, og hestane fekk grjon.

Våronnredskapen vil eg tru var den same som på Harald Hårfagre si tid: Ard (fast-ard og så-ard), leda-horv (heilt av tre), ardane hadde stålskodd fot,  grev, kvitl (jarnskodd tvofingra, tregreip) skoreka (jarnskodd tre-spad). Spade og greip av jarn var i kjømdi. 

Fast-arden var ein viktig reidskap i våronna

Kvendi slapp til vanleg å lessa møk, men dei laut breida ho på åkeren, medan karane braut (pløgde). Dei bruka ikkje å haustpløgja.  Dei to-tre jarnplogar som fanst i bygdi, vart bruka til å ta opp rein grasvoll. Etter arden kom horvi. Det var dei som hadde stiv tre-horv med faste jarntinder. Der horvi ikkje kunde smuldra moldi, laut me først «slao itle». Det var helst der det låg drifteveg, eller jamvel ålmenn veg over åkeren, etter det var innhausta, og før det var sådd. 

Kornet vart sådd med handi. Det kunde horvast nedi men heller vart det molda ned med så-ard. Så-arden var lik fast-arden, berre mykje mindre. A så-brota var for lett arbeid for vaksen kar og vaksen hest, halvvaksne greidde det. Baketter jamna horvi. Rull hadde me ikkje. 

Potetone sette me sist, let dei ål-renna og skar dei store i stykkje, før me sådde dei, men vara ikkje ålane, skufla så-potetone i kjerra, og derfrå i settebidni. 

Hagebruket valda ikkje stort arbeid. Vokstrar til pryd hadde ingen. Kålrot og nepe hadde mest alle, og gulrot hadde mange. Som eit løgje fortel eg at ein framankar selde så-kaffi ein gong. Eg hugsar tydeleg me sette kaffi i Guritufti. Um haustingi veit eg ingenting å fortelja.

Skiftebruk vert drive på den måten at bygg byter med potetor, med gjødsling kornåret. Bratt åker lyt hava korn, potetavl fører moldi for mykje nedover. Vert so trauska (krypsoleia) for lei, får ein potetavling det av med ho. 

Åkerviddi er so stor som fødnaden kan gjødsla. Eg har lite vet på det, men gissar på eit mål for kvart vintrafødd fenabeist. Kunsthevd var ukjend. *) Ingen la kompost. Åkrane var dei same år etter år, mann etter mann. Dei har kvar sitt namn, dei liksom teigane, so gamle namn iblant at dei er uskjønande, eldre enn norsk soga. Største og beste åkeren på garden helter flåten. 

Dei rudde ikkje jord til engbruk. Rudd grasjord var åkerlegje på attlagde gardar og husmannsplagsar. **) Tok dei upp eit stykke nylende, so var det vederlag for ulagleg åker, som vart attlagd og grasbatt seg sjølv. Eg trur snautt nokon sådde forvokstrar so tidleg som i 1860. Korn tydde bygg. Ein og annan avla rugen til rugkaka til jol og våronn. Med undring høyrde me i Kvam at dei hadde prøva med ein grand kveite i Øvrabø i Solvorn og fått han mogen. 

Ved våronne tider vart det grevi trauska, i eigen eller andre sin åker. I åkeren var ho ugras; uppgrevi og reinskola, kanskje med skjele-mjøl på, var ho mat åt svin, til kyr og, i vårknipa.

*) Me høyrde gjete beinmjøl

**) På Rupheim, Lio, Lunden, Bårheim, Stemmingo, jamvel på Stora-Gjerde i Kalbakkamarki er åkerlegje.

Følg og lik oss på Facebook: