Jul i gamle dagar

Mons Bathen ( 1897 – 1989 ) var lærar og bonde i Baten på Mollandsmarki. Han var levande oppteken av histore og har skrive fleire lokalhistoriske tekstar. Her har han skrive om juleferinga slik han hugsa den frå sin barndom tidleg på 1900-talet.

Når ein vert gamal, er det ofte minni frå yngre år kjem fram. Kring jul er det helst barndomsminni som dukkar opp. Eg minnest so vel kor mykje dei vaksne hadde å bala med i vekene føre jul.

Då skulle dei slakta, bryggja, baka og vaska. Eg tykte det var sårt då grisen skulle lata livet, og endå verre då dei tok den vesle kalven. Då gøymde eg meg. Men eg likte å få sølteflesk, blodpølsa, mårpølsa og spekepølsa. Eg var so pass stor at eg greidde å spikka pølsepinnar, og eg tykte det var gildt å kunna gjera noko, når eg såg kor travelt alle hadde det. Når far bryggja, fekk me ungane drikka vørterøl, og det tykte me var godt. Det sterke ølet var berre for dei vaksne. Ho mor steikte store rugbrød. Til bakaromn var det ein stor jarnring med dør i, under og oppå vart det lagt ei rund baksterhella, og so alt saman oppå ein stor brannfot. Ein kunne elda med god bjørke-ved oppå og under. Inni denne omnen la mor kakene. Du kor brune og godt steikte dei vart. Eg tykkjer eg kjenner både lukti og smaken når eg tenkjer på det. Det var ikkje ofte me fekk rugbrød i dei dagar. To gonger om året steikte mor brød på denne måten. Det var til jul og jonsok. Men dei varde lenge. Ho hadde funne ein god måte å lagra dei på. Ho rota dei ned i kornbøra på stabburet. Der heldt dei seg godt, ikkje turka dei opp og ikkje møgla dei. Ho hadde og ei matbomba i kjellaren, men der ville dei gjerne møgla om ei tid. Til kvardags vart det brukt flatbrød, potetkaka, hellekaka og lompe. Kvinnfolki hadde arbeid mange dagar med slaktet. Då det var ferdigt, var det, å støypa talgljos, store og småe og nokre trearma. All talg vart teke vel vare på. Ein brukte mykje talgljos gjennom vinteren. Elles skulle me alle ha noko nytt til jul. Alt dette og måtte kvinnfolki syta for. Karane måtte ha nøgdi turr ved, og ha heim frå marki høy og lauv for heile helgi. Budeia sopa ned støv og spindelvev i fjøset og vaska fjøsgolvet og fjøskrakkane. Vetlajulafta stod alt på ende moe i stova, for no skulle det vaskast og gjerast reint alle stader. sengkleda måtte ut og luftast og barkast, og halmen bytast i sengene.

Far var i skogen og fann juletre, og det kunne ikkje alltid gjerast i ei handevenda. For treet måtte vera fint og jamt, og på same tid takast slik at det ikkje gjorde skade på skogen. So var det å setja fot på det. Fuglebandet låg i ein sekk på låven. No var det å finna ein høveleg plass å setja det opp. I eldhuset stod det ei stor gryta med heitt vatn, og eit stort vidt kjerald med kaldt vatn. Mor hadde blanda passeleg i med heitt. På, komando vart me sende dit til å lauga oss, først gjentungane, so gutungane, og sidan dei vaksne. Alle fekk me reine kler til byte. I dette kjeraldet lauga me oss andre tider på året og. Men om sommaren hadde me laugedam i kvernagrovi

Juleaftedagen åt me tidleg til non. For då var alle trøytte etter strevet. Ein skumringsblund smaka godt. Alle la seg å kvila. Me ungane og måtte leggja oss, for om kvelden måtte alle vera vaksne og ved bordet kl. 12. Det var det belet då Jesubarnet vart født, meinte dei. Mor hadde lagt kvit duk på bordet, og kveikt ljos i alle rom i huset. I fjøset og stallen måtte det og stå ei løkt i glaset. Alle vindaugo skulle det lysa frå. Det skulle minna om at ljoset var kome til verdi, sa mor. Men det var og den tanken bak, at det skulle verna oss mot dei mørke usynlege makter. Kyrna, hestane og sauene, fekk ein ekstra god høydott julafta, og katta ein ekstra mjølkeskvett. Då me alle hadde sett oss ved bordet, kom mor med grauten. Det var grynegraut. Det fekk me ikkje andre tider enn julafta og nyårsafta. So las me for maten. Me fekk ta til oss som me ville av grauten, og elles fekk me skive med smør, ost og syltetøy attåt. Etter maten las far juleevangeliet, og me song aftenverset: «Et lite barn så lystelig er født for oss på jorden». Tre gonger song me verset. Etterpå tok me kvar andre i hendene og takka for maten. Mor opna døri inn til den andre stova. Der stod juletreet pynta og med kveikte ljos. Dette var høgdepunktet på afta for oss ungane. Me hadde ikkje fått lov å koma inn i denne stova før på kvelden, so det var med spaning me venta på at døri skulle bli opna. Me stelte oss i ring kring treet og so song me alle dei julesongar me kunne utaboks. Far sette seg på ein stol og song med. Mor måtte snart på kjøkenet att, og vaska opp etter kveldsmaten. Klokka vart bort mot 2 før me slutta og bad god natt og gjekk og la oss.