Bygdakveld den 2. september kl 19:00 i Hafslo Samfunnshus

Sylfest Lomheim held foredrag om stadnamn i gamle Hafslo herrad og om spesielle ord og uttrykk i dialekten.

Kva er dei eldste namna?
Kva for stadnamn finn me att andre stader?
Oslo og Hafslo – kva er likt i namnetydinga der?
Kva er bakgrunnen for det lokale uttrykket ‘skyvalandet’?
Finst det franske og tyske ord i dialekten?
Og mykje, mykje meir.
Han kjem òg inn på utviklinga av dialekten.

Han kjem til å avslutta kvelden med litt song og spel.

Sylfest Lomheim er no pensjonert professor ved Universitet i Agder.
Han var rektor der ved (den dåverande) høgskulen 1987-92.
Har elles vore språkkonsulent for NRK, statssekretær i Jagland-regjeringa,
og han var den første språkdirektøren i Språkrådet, 2003 – 2011.

Har gitt ut vel femten bøker; den siste – romanen ‘Menneskesonen’ – kom ut i april i år.

Påmelding til Henny Eikum Roterud på telefon 90143975 innan 28. august.

Inngang kr 100,- til laget

Alle er velkomne!