Fluga

Plassen Fluga er nemnd under Tang allereide i 1762. Fem husmenn er opprekna i  «Gards- og Ættesoga» fram til me finn

Johannes Monsen Flugen, som levde frå 1777 til 1856.

Frå 1805 og fram til1835 fekk han 12 ungar. 8 med den første kona, 1 med den andre og 3 med den siste. Johannes var far til 12 ungar, men likevel hamna han på legd og døydde som legdelem i 1856.

Johannes er nemnd spesielt, fordi han var den siste husmann som levde og døydde her på Fluga på nærare 100 år.

Sonen Mons Johannesson Tang, 1819 – 1896

Mons voks opp på Fluga, og overtok plassen på Fluga omkring 1852, saman med kona. Dei fekk 8 born ilag fram til 1874. Då var den yngste, vesle Carl 2 år. I 1874 pakka dei saman det vesle dei hadde her i denne stova. Dei gjekk sikkert ned gamlevegeen til ein båt i Solvorn, vidare til Bergen, dei kryssa Atlanteren, og slo seg ned i Wisconsin i Amerika. Kva skjedde så med vesle Carl på den lange reisa ? Han døydde ute på havet, og vart gravlagd i den store Atlanteren, står det i bygdeboka.

Johannes Paulson Tang, 1853 – 1922

Vart den nye husmann på fluga frå 1874. (PS. Me hadde besøk her på Fluga i sommar, 18.mai, av etterkomarane til Johannes Paulson Tang, og fekk ettersendt pengegåve som takk for besøket). Etter 12 år og 7 born her på Fluga, pakka også dei saman alt sit jordiske gods og tok til på vegen mot båten i Solvorn. Det dei høyrde frå slektningane i Wisconsin, vart ein for freistande tanke til å koma bort frå fattigdomen her på Fluga og Hafslo. Saman med Johannes reiste også søstera Birtha, med ei dotter og barna hennar.

Johannes var heime i Hafslo i 1913. Han var då sikkert på besøk til den nye husmannen på Fluga, som frå 1899 var Knut Tangsås, 1867 – 1949

Knut gifta seg i 1890 med Kristine Aamundsdotter Moe, 1869 – 1959, og dei fekk 8 born. Knut døydde på Tangsås i 1949 og Kristina døydde der i 1959.

Knut og Kristina hadde i 1939: 2 kyr, 1 geit, 6 sauer og 1 gris på husmannsplassen.

Knut Tangsås var den siste husmann her. Fluga vart sjølvstendig bruk i 1943. «Gards- og Ættesoge» s 924.

Hafslo sogelag fekk interesse for plassen, og fekk til avtale om å leige plassen, mot å ta ansvar for nødvendig vedlikehald av husa.

Det vart seinare gjort avtale om kjøp av Fluga. Den 18.juni 2004 vart det underskrive avtale om kjøp, mellom eigar Agnar Berget, og Hafslo sogelag v/formann Olav Kjell Lomheim.

Den 1.august 2005, vart kjøpeavtalen tinglyst.

Det er gjennom åra gjort mykje godt dugnadsarbeid for å ta vare på plassen, slik den var som husmannsplass.

Det er mange som besøker Fluga  om sommaren, då det er søndagsope. Det er besøk av barnehagar, skuleklassar og vg.skular, og elles folk som er på sommarferie/besøk, og ikkje minst gjeld det Amerikabesøk. Det er og tradisjon med årleg slåttedag, der ein held i hevd tradisjon med onning på gamlemåten, og aktivitetar som høyrer med til onnearbeidet.

I Hafslo sogelag er det Flugenemnda som har dette som ansvarsområde. I nemnda er:

Astrid Heggestad og Wenche Moe, leiarar, i tillegg til Svein Øygard, Svein Haugen og Olav Grøteig