Modvo

Modvo er ein 1500 år gamal audegard i Hafslo, Luster kommune.

Om du køyrer rv. 55 nær Heggmyrane, tek du av til Krekavegen, og tek av til høgre etter ca 100meter. Då følgjer du denne traktorvegen til du passerar nedfarten til Sogn skisenter. Då ligg audegarden på nedsida av vegen, der du kan sjå skilting frå vegen. Kulturminnet er merka med stolpar. Stolpane er merka med bokstavar frå A . F, slik at du lett kan orientere deg på staden, med bruk av det oppsette kartet.

Garden vart gravd ut av arkeologen Egil Bakka frå Historisk Museum i Bergen i 1960 – 62.

Modvo ligg på ein svært god plass, med tanke på det enkle jordbruket i jarnalderen. Det kuperte landskapet har ikkje vore til hinder for ei bra utkome.

Jorda var rik og lettdrenert. Her har vore greitt å stikka spaden i jorda og pløye med ard. Sigden var ein god reiskap, som passa bra til å skjere korn og gras på den steinrike innmarka. Gamle åkerreiner og åkrar viser framleis garden si innmark.

Heile beiteområdet ein ser rundt seg i dag, har vore utmark på Modvo. I fjellet ovanfor garden var det gode sommarbeite og rikt jaktterreng. Nedanfor garden kunne jarnalderfolka drive fiske i Hafslovatnet og i Sognefjorden.

For å halde området på jarnalderengarden i hevd, har Hafslo sogelag kvart år leigd inn geiter får å halde området nedbeita, og at det som er gravd ut av jarnaldergarden skal vera syneleg etter det oppsette kartet over garden.

Det er vald ei eiga nemnd i Hafslo sogelag, for å ta seg av Modvo. Desse er: Tor Bremer, leiar, Odd Gerhard Solvi og Sverre Agnar Norheim.

Bileta er henta frå Universitetsmuseet i Bergen sin fotoportal der du kan sjå fleire bilete frå Modvo
Eigar av bileta:  Universitetsmuseet i Bergen / CC BY-NC-ND 3.0