Stuaflåten

Om Stuaflåten

Husmannsplassen Stuaflåten ligg i fjellsida mellom Lustrafjorden og Mollandsmarki, og er ein del av garden Ytre Eikum. Det budde folk her fram til 1913.

I Luster kommune finn me framleis restar frå det gamle bondesamfunnet, der folk budde på stader, som etter våre meir moderne auger låg avsides til. Eit døme på ein slik gamal busetnad, finn me på den tidlegare husmannsplassen Stuaflåten.

Utsynet frå Stuaflåten kan ta pusten frå ein kvar, med oversyn over store deler av austsida av fjorden, frå merkjet mot Årdal-, Sogndal- og Lærdal kommunar, ned strekninga Ornes – Kroken. Du ser og rett ned i fjorden 250 meter under deg. Om du snur deg, ser du stupbratte fjellskrentar opp mot Mollandsmarki, og i sørleg retning ser du den tidlegare slåttemarka på
Legene på Innstrondi mot Solvorn.

Stuaflåten var opphaveleg plassbruk under den no nedlagde garden Ytre Eikum. Plassen erførste gong nemnd i skriftelege kjelder frå 1750-åra, men er nok ein god del eldre. Her stod eit stovehus, og noko lenhre inne eit stort uthus. Stovehuset står enno, og er såleis bygd medan Stuaflåten var husmannsplass.

Stuaflåten var ein god stad å rydde seg ein plass. Her bråna snøen fort om våren, og kring husi vaks graset godt.

Husmannsplassen var etter måten stor, og difor kunne husmannsfolka ha mange husdyr på bruket. I 1865 hadde dei til dømes 5 storfe, 17 sauer og 1 gris.

I 1916 vart plassen seld som sjølveigarbruk, men det har ikkje budd folk her sidan kring 1913.

Det bratte lende ned frå Mollandsmarki, eller opp frå Fjorden til det avsidesliggjande bruket, har nok medverka til at det i mange år vart liggjande ubrukt, heilt til nokre eldsjeler frå Mollandsmarki ville gjera noko med dette.

I 1992/93, rydda Lars Sie stien frå Mollandsmarki ned til Stuaflåten. Hafslo sogelag byrja seinare å interessere seg for den tidlegare husmansplassen, og i 1997 fekk dei midlar frå Fylkesmann i Sogn og Fjordane. Seinare har det vore gitt prosjektmidlar frå Luster kommune til same føremål, dvs restaurering av stovehuset, som vart sett i stand etter oppdrag frå Hafslo sogelag. Dei som var med på arbeidet var: Lars Nitter Sie, Ole Johnny Sie, Gunnar Sie, Agnar Raaum, Olav Kjell Lomheim og Harald Hess.

Hafslo sogelag fekk i 1997 avtale med grunneigar, og sette i 1999 opp informasjonstavle om Stuaflåten ved oppstillingsplassen rett nord for Mollandsgardane.

Om Stuflåtringen

Stuaflåtringen vart stifta på årsmøtet i Hafslo sogelag i 2000 og er ei interesseforeining under sogelaget som har som oppgåve å ta vare på husmannsplassen.

Heilt frå starten har det vorte lagt ned svært mykje arbeid med å ta vare på denne spesielle plassen. Her kan nemnast diverse ryddearbeid, slåttedagar, beiteprosjekt og ikkje minst restaureringsarbeid. Ein imponerande dugnadsinnsats har vorte lagt ned i dette arbeidet.


Rett etter skipinga sette Stuaflåtringen i gang med å vøla stovehuset på Stuaflåten våren 2000. På den einaste bygningen som stod att vart det reparert vegger og mur, eit nødvendig arbeid som måtte gjerast for å redda stova frå forfall.

Kvart år sidan starten har det vorte arrangert slåttedagar på Stuaflåten der 10-15 mann har slege stort sett heile bøen med langorv og stuttorv. For å ta vare på det einståande kulturlandskapet og halda plassen open, har det også vorte utført mykje skogrydding og styving desse åra.

For å pleia kulturlandskapet gjennomførte Stuaflåtringen eit beiteprosjekt med geiter i fire somrar, frå 2006 til 2009. Dette vellukka beiteprosjektet, som var i samarbeid med landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Alt frå starten sysla Stuaflåtringen med tanken om om å få byggja opp att driftsbygningen då mykje av den stor grunnmuren heldigvis stod att, men fart i restaureringsplanane vart det ikkje før i 2006, då mykje dugnadsarbeid og elles tildelte midlar hadde skaffa økonomi til å starta opp.

Hausten 2006 og våren 2007 vart grunnmuren murt oppatt på dugnad. Deretter vart det laga teikningar og handlingsplan, men fyrst hausten 2010 kom sjølve byggjearbeidet i gang. Ein del av byggjemateralet, som råme på grunnmuren, golvbjelkar oo sperr, vart hogge på Stuaflåten, men mykje måtte sjølvsagt kjøpast og fraktast ned med helikopter. Byggje- og restaureringsarbeidet måtte utførast av fagfolk og gjerast i fleire byggjetrinn etter som økonomien tilsa, men endeleg, i 2013, stod ein nyreist driftsbygning ferdig, og Stuaflåten såg ut slik den truleg gjorde omkring 1900.

Den 14. september 2013 var ein stor dag for Stuaflåtringen med høgtidleg opningsarrangement på låven i den nyrestaurerte bygningen, og det kunne samtidig også markerast at det var 100 år sidan siste brukaren flytte frå plassen i 1913.

Sommaren 2017 vart stien ned til Stuaflåten sikra, med spelemidlar og midlar frå Luster kommune, samt dugnadsinnsats, med primus motor Ole Johnny Sie. Ole Johnny fekk organisert utsetting av kvilebenkjen langs stien sommaren 2018.

Mange trufaste Stuaflåtvener har gjort ein stor frivillig innsats for å ta vare på denne heilt spesielle husmannsplassen, men eitt namn må nemnast. Det er Lars Sie (1920-2012) som skal ha æra for at Stuaflåten vart redda frå forfall. Det var han som viste vegen ned, hadde ideen og tok initiativet. For sitt eine-ståande engasjement fekk han vel fortent Luster kommune sin kulturpris i 2003.

Dei som er innvalde i gruppa er: Ole Johnny Sie, leiar, Edin Lingjerde og Kjell Jacobsen.