BROR MIN OG EG – JULEFEIRING I KVAM PÅ 50-TALET

Grenda Kvam ved Veitastrondsvatnet

Dette er ei lita forteljing om korleis eg opplevde jula for ca. 70 år sidan. Eg er fødd i den vesle grenda Kvam på Veitastrond i 1951. Her hadde me gard der me produserte det meste av det me trengde. Me var sjølvhjelpne. Og så var foreldra flinke til å skaffa eit lager av ting dei trengde gjennom vinteren. I Kvam hadde me eigen skule, og me hadde tilmed brevhus, 5814 Kvam brevhus.

Men det var ein ting me ikkje hadde og det var butikk. Til næraste butikk på Veitastrond var det 5 km. Og til Hafslo ca. 20 km. Dette var ikkje enkelt, veg til Hafslo fekk me først i 1956. Forresten vart vegen mellom Kvam og Nes ferdig i 1938. Men det var lite med bil og buss. Til Nes var det å gå, bruka sykkel eller spark og så hest og vogn eller sluff om vinteren. Før vegen var ferdig i 1956 brukte dei vatnet som ferdselsåre om sommaren og isen med hest og slede eller skøyter om vinteren.

Eg hadde 4 sysken som var mykje eldre enn meg, 10 –16 år eldre. Men heldigvis fekk dei bror min Arvid då eg var 3 ½ år. Etter det vart det bror min og eg. Me opplevde det meste saman. Dei 2 eidste systrene mine reiste til Oslo då Arvid vart fødd, og dei 2 andre brørne mine drog ut litt seinare, og kom etter kvart til Oslo dei og.

Aud Marit og broren Arvid på isen på Veitastrondsvatnet, med Kvam i bakgrunnen.

Men no tilbake til det eg egentleg skulle skriva om, jula. Dette vert i eit tidsrom på ca. 10 år, frå eg var så stor at eg kunne hugsa. Det første som fortalde oss at no var det snart jul, var griseslaktet. Me hadde alltid gris som skulle slaktast til jul. Måndag morgon kom dei dragande med grisen i band frå fjøsen. No skulle det skje. Me ungane vart jaga inn, avlivingi skulle me ikkje sjå. Då vart det spennande. Me gøymde oss bak gardina i stova og såg på det heile.

Pappa hadde noko han kalla skytemaska, den vart brukt til å avliva med. Mamma kom med bøtte og tvåre og skulle røra blodet, her skulle alt nyttast. Pappa måtte ha varmt vatn, og så hadde han ein skåldekniv som han skolda grisen med.Det vil at han skrapa bort busti på grisen. Mamma måtte røra i blodet så det ikkje levra seg. Så var det å ta ut innmaten, lever og nyre skulle malast og vart til finker eller morrpølser. Tarmane tok mamma med i Grovi, bekken bak eldhuset, og skrapa dei, dei skulle brukast til pølsetarmar. Grisen vart delt opp, lår og bøger vart salta. Så vart det spikking og maling. Mamma laga pølser, kjøtkaker, finker og sylteflesk. Til slutt hermetiserte ho kjøtkakene på Norgesglas og når desse var ferdige vart dei sell i kjellaren. Du så mykje mat me hadde. Alt dette arbeidet varte i dagevis. Dette føregjekk i eldhuset. Me ungane hoppa rundt og var med, og lærde nok mykje om kva alt heitte. Over omnen på kjøkenet hang det kjøtpølser og morrpølser på snorer eller pinnar til turking og speking.

Me må ikkje gløyma syltelabb. Det var til middagsmat ein dag når dei var kokte og hadde lege i saltlake. Då laga pappa hurrebein av eit bein i grisefoten. Han knytte i eit ullsnøre eller hyssing og så kunne ein spela på det med å dra i snøret. Då sa det hurr – hurr. Ei fin leike til dei minste borna.

Når no slaktinga var ferdig var det baking. 7 slag måtte det vera så som: krumkaker, goro, sandkaker, sprutringar, sirupsnippar, smultringar, kokosmakronar. I tillegg var det lefsekling, kringler og potetkaker.

Mange bryggja og øl til jul. Det skulle serverast ved besøk. I turkestova turka dei korn til malt på ei stor steinhelle. Eg har ei slik steinhelle på Tungestølen der eg serverar mat til gjester. I ølet hadde dei og maltekstrakt og hummel. Mange laga og tomtebrygg, det var eit øl utan alkohol. Hummelpanten var kjend langt tilbake i tid. Eg har lese at 1665 vart bonden Albert Nees på ein av nesgardane pålagt å dyrka hummel. Den kravde eit mildt og varmt klima. Dette kjem og fram i samband med stadnanamnarbeid. På Kjeringnes finn me ei fin slette som går frå husa og ned til vatnet mot sør. Denne vart kalla Humlegarsmyri.

Me skreiv og julekort til slekt langt borte.Og så bretta me korger til å henga på juletre. Juletreet vart sett opp veslejulaftan og pynta med norske flagg og lenker og korgene me hadde laga.
Så godt det lukta av juletre.

Veslejulaftan kom mamma med sinkbaljen og sette den på kjøkengolvet med passe varmt vatn i. Så vart me bada etter tur. Når me då la oss med reine nattkle og i reint sengtøy følte me at dette var reine luksusen. Og så lukta det så godt grønsåpe i heile huset. Ofte fekk eg ikkje sova når eg la meg, for eg var så spent til neste dag. For då kom våre søsken heim til jul frå Oslo. Søstrene mine skulle liggja på arken, eg kjenner endå lukta av vedfyrt ovn på arken. Eg følte nok meir at dei var som snille tanter og onklar som kom med pakkar til oss – meir enn at dei var søsken. Og når dei kom lukta det bylukt. Dei kom alltid med fine kle til oss, og så fekk me teiknebøker og fargeblyantar. Eg hugsar endå første gongen eg fekk smaka peanøtter som dei kom med. Då kan eg seia som mannen sa : Det var godt og ikkje godt. Og så vart eg så tørst av å eta dette.

Julafta hadde me lutafisk og seinare pinnekjøt. Lutefisken laga mamma sjølv. Dei kjøpte fisken og så laga dei oskelut til å luta fisken.Då skulle det berre fyrast med bjørk for det skulle vera bjørkeoske.
Til lutefisken hadde dei mjølkesuppe av risengryn/semulegryn og så skvette dei flatbrødet med vatn.Når flatbrødet var mjukt tok dei smør på og pakka lutefisken inn i brødet og laga kling. Godt. Me kan samanlikna det med dagens taco. Det var ikkje vanleg med så mange pakkar. Me fekk mest frå dei som kom frå Oslo. Fekk me noko frå dei heime var det helst strikkeplagg som me trengde så som sokkar, vottar og luer. Leiker var ikkje så vanleg. Eg hadde vel dokke og dokkekle, og bror fekk sikkert noko han kunne leika med.

Juledag gav pappa beskjed om at me skulle vera heime, då skulle det vera stille og roleg. Det var ikkje vanleg å gå på bessøk den dagen.

2.dag jul var det juletrefest i bedehuset på Veitastrond. Det var populært, årets happening.Dit kom det mange. Dei unge som var heime på juleferie møtte alltid opp, her møtte dei kjensfolk. Og når dei kom heim med kjæreste var desse med og gjekk rundt juletre. Litt av ei oppvisning.På dei bakerste benkene i vetlesalen var “splintakråi”. Her var det alltid litt uro. Men du verden så spennande å lura seg til å kika bak for å studera det som skjedde der.

På 2.dagsfesten var det og vanleg å spørja ein eller to skuleelevar om å lesa eit lite stykke. Eit år vardet min tur. Læraren Olav Børtnes kom og spurde om eg ville lesa eit høveleg stykke som han hadde funne. Det var utenkjeleg å svara nei. Det enda opp med at eg les og les på dette stykket, eg trur nesten eg kan det utanåt endå. Dette gjekk no fint det med min opptreden. Og no kunne eg endeleg slappa av og feira jul eg og.

Før jul vart det gjerne planlagt ein tur til Andersbui på Nes med hest og sluff. Det var årets julehandel. Bror min og eg fekk vera med dersom det ikkje var for kaldt. Mamma pakka oss godt inn i varme kle og så la dei ein skinnfell over som me måtte trekka godt opp, for når merri sprang så kom det snøballar frå føtene hennar.Då tok pappa i bruk bjellene på merri. Du veit dette gjorde inntrykk på oss småungane. Og så var det å koma inn på bui. Berre lukta var spennande og uvant. I eit rom bak bui var det juleutstilliung. Me gjekk berre rundt og beundra alt som var sett fram. Det var pynt til juletreet, og mykje fint som kunne kjøpast til julegåver.

Eg klarar ikkje å hugsa om me kjøpte noko av all denne julestasen. Me hadde nok med å beundra det heile. På heimattvegen delte me gjerne ein Lohengrin, det var nok det.

Julegjestebod var og vanleg. Då var det leiker og mykje god mat. Ein ting mamma og pappa var nøye på var at om nokon kom inn så skulle dei trakterast med noko. Dei fekk ikkje bera ut att jula.

Eg klarar ikkje å hugsa om det kom julenisse til oss. Men då tante/onkelungane som kom frå Oslo etter kvart vart store nok for nisse måtte bror min eller eg stilla opp. Nissen kom opp tunet frå låven med sekken på ryggen. Dette heldt fram heilt til me kom til å høyra at dei vedda om kven av oss som skulle vera nisse i år. Då vart det slutt på dette.

Men ein ting som me hadde stor respekt for då me var små, det var julebukkane. Dei kom ridande gjennom lufta julaftan og for tilbake 20.dag jul. Pappa kunne fortelja om ein mann i Kvam som høyrde at dei kom gjennom Brekkereset, det er på vegen til Snauedalen. Dette gjekk så fort at han fekk så vidt kasta seg inn stalldøra då for dei forbi. Bror min og eg torde ikkje eingong å gå åleine på utedo julafta, pappa måtte fylja oss. Og me visste nøyaktig når 20. dag jul var, det var 13. Januar. Og dei vaksne sa og at 20. dag jul kom han Knut og jaga jula ut. Så var moroa over for denne gong.

Sogndal
18.1.2022

Aud Marit Hilleren.