Yearly Archives: 2025

7 innlegg

Dugnad på Kvalen laurdag 23. august

Gode vener av husmannsplassen Kvalen! Restaureringa av stovehuset går no inn i sluttfasen.Det betyr også at vi må gjera ein skikkeleg dugnadsinnsats for å få alt på stell både ute og inne! Så no håpar vi verkelg at mange i vennegruppa og sogelagsmedlemmar kan trø til med litt dugnadshjelp! Vi […]

Tur til Klibberseggi 19. juni

Hafslo sogelag arrangerer tur til steinbrotet ved Klibberseggi på Indre Hafslo torsdag 19.juni. Frammøte på parkeringsplassen på Bruheim kl 17:30. for samkøyring vidare. Fin lett guida tur til Klibbersteinbrotet. Kjentmann: Kristoffer Melheim

Slåttedag på Fluga 28. juni

Det blir onning på gamlemåten, lett underholdning, leikar for born, lotteri.  Sal av slåttegraut, kaffi og kaker. 200års jubileum for utvandring til Amerika blir markert! Framvising av hestereidskapar og gardsutstyr i museet. Aktivitetane startar kl 11.30 Sal av slåttegraut frå kl 13.00 Trekking loddsal kl 14 .

Årsmøte

Hafslo sogelag inviterer til årsmøte på Eikum Hotell onsdag 5.februar 2024 kl 19:00. Saker ein ynskjer å ta opp må vera innkomne innan 22.januar 2024. Program: – Vanlege årsmøtesaker– Servering og utlodding Det vert visning av filmen «Lustringar før oss». Gamle og nye medlemer er velkomne!