Monthly Archives: juni 2025

2 innlegg

Tur til Klibberseggi 19. juni

Hafslo sogelag arrangerer tur til steinbrotet ved Klibberseggi på Indre Hafslo torsdag 19.juni. Frammøte på parkeringsplassen på Bruheim kl 17:30. for samkøyring vidare. Fin lett guida tur til Klibbersteinbrotet. Kjentmann: Kristoffer Melheim

Slåttedag på Fluga 28. juni

Det blir onning på gamlemåten, lett underholdning, leikar for born, lotteri.  Sal av slåttegraut, kaffi og kaker. 200års jubileum for utvandring til Amerika blir markert! Framvising av hestereidskapar og gardsutstyr i museet. Aktivitetane startar kl 11.30 Sal av slåttegraut frå kl 13.00 Trekking loddsal kl 14 .