Dugnad på Kvalen laurdag 23. august

Gode vener av husmannsplassen Kvalen!

Restaureringa av stovehuset går no inn i sluttfasen.
Det betyr også at vi må gjera ein skikkeleg dugnadsinnsats for å få alt på stell både ute og inne! Så no håpar vi verkelg at mange i vennegruppa og sogelagsmedlemmar kan trø til med litt dugnadshjelp!

Vi satsar på ein stordugnad laurdag 23. august med avreise frå Solvorn kl 10.00. ( Værforbehold)

Vi treng folk til:
– rydde bort treverk som er rive under restaureringa
– rydde og planere i kaiområdet
– rundvasking inne
– slå m/ maskinljå + raking

Du kan melde deg på telefon eller sms til Per Jørgen tlf 415 30 893. Gi opp kva for gruppe du vil delta i.

Vel møtt til triveleg og sosial aktivitet.