Den sommaren eg var budeiedalt

Av Kristoffer Melheim

Det var sommaren 1953. Mor og far overtok det året garden på Melheim. Dei siste åri før var det dei yngre søskena til far som var budeier og dei var no utflytte. Skulle me på stølen den sommaren, måtte mor vera budeie. Dei andre i Melheimstråi var slutta med å vera på stølen heile sommaren og det var det langt til næraste nabo. Mor torde ikkje å liggja åleine i selet, så difor vart eg seks år gammal med som budeiedalt.

Stølen Dale på 1940-og 50-talet.
Stølen Dale på 1940-og 50-talet. Tante Elisabeth på heimveg. Selet vårt ligg i øvste rekka. Det var mykje mindre skog enn i dag og me kunne sjå kyrne heilt opp i synsranda.

Det var 17 sel i alt på Dale-stølen og fram til ca. 1950 var alle i bruk. Denne sommaren var det berre 4 igjen. Det var Kjellaug Melheim f.1935 i Einar-selet. Ho var eldste dotter til Ola Melheim. Gudveig Melheim f.1936 i Stove-selet. Ho var yngste dotter til Kristoffer T. Melheim. Gudrun Lunde i Gudrun-selet. Ho dreiv ein liten gard med 2-3 kyr saman med søstera Olga og broren Anton.

Stølshusi var bygde i 1895.

Stølshusi var bygde i 1895. Først var det eit skot med heller på golvet, enkel kledning og open peis. Deretter ei stove med bord, seng og benker. Lengst mot nord var mjølkebui med separator, hyller til oppbevaring av mat, og rømmen som skulle kinnast til smør. Fjøsen hadde 12 båsar til kyr og 4 til kalvar med møkahus under halvparten.

Buforsdagen

Me flytta fram på stølen (buforte) ca. jonsok 23.06. Mor gjekk føre med bjøllekua, så kom kyrne. Me hadde 5-6 og onkel Per 3-4. Bak kyrne gjekk onkel Per og eg som skulle jaga kyrne. Det slapp me for kyrne ville gjerne til fjells og gjekk lett og etter eit stykke forbi mor. Til slutt kom far med buforlasset der separtoren var tyngste kolli. Vegen var både ujamn og steinete, så separatoen laut pakkast godt i orginalkassen. Elles hadde han vel med litt mat og anna utstyr som koppar og kar. Då mor og far overtok garden fanst det ikkje koppar og kar på stølen. Då me kom fram var kyrne alt komne på fjellbeite, men dei kom ned til mjølketid. Mor og far brukte tida til å bera inn buforlasset og få ting og tang på plass. Far brukte lang tid på å montera separatoren for han måtte stå støtt og heilt i vater. Far brukte små kilar til den siste justeringa, det var presisjonsarbeid og då måtte han ikkje forstyrrast. Siste arbeidet til far var å setja kinna i vatn i grovi. Kinna hadde stått inne og i det turre været på forsommaren var ho «gisna». No måtte ho setjast i vatn for å trutna og bli tett. Om kvelden gjekk onkel Per heim, kyrne kom ned til mjølking, far overnatta med oss første natti.

Ein vanleg dag

Det er ca 5 km frå Melheim til stølen vår. Melheim ligg 270 moh, og stølen vår ca. 680 moh, ein høgdeskilnad på vel 400 m. Eg hadde ikkje klokka så tidspunkta er difor ca. Me drog heimafrå ca.17:30, og tok budeievegen opp Lettfot. Som namnet seier var det ein lett gangsti i skogen frå Melheim til Øygardane. Deretter følgde me stølsvegen til Gudrun-selet. Derifrå var det ein enkel kjerreveg og delvis i terrenget rundt stølsgjerda opptil selet vårt. Då me var ved Gudrun-selet, stoppa me og såg om kyrne var komne ned til stølen eller på veg. Først på sommaren kom dei alltid ned sjølve. På hausten når dei måtte gå lenger opp for å finna beite og dei også mjølka mindre, hende det at me måtte henta dei, oftast i Dalsbotnen. Då me kom opp til selet, måtte mor først klappa Bjøllekua, så var kyrne sleppte inn, dei hadde faste plassar som dei oftast fann sjølve. Eg gjekk mellom dei «store kyrne» og hjelpte til os sa: «Bås deg». Bjøllekua hadde fast plass ved einaste gluggen i fjøsen. Det var berre ho som fekk sjå ut. Mor la i omnen eller peisen for å ha varmt vatn til vask av separatoren og mjølkeutstyr som laut vaskast etter bruk kvar gong.

Det første mor gjorde når me kom opp på stølen var å klappa bjøllekua T.h. mjølkar mor så skummet står.

Budeiedalten sin jobb var å bera inn vatn og ved. Me hadde ikkje med oss kalvar på stølen i 1953, så kalvabåsane vart nytta til lagring av ved. Eg hugsa at eg bar inn ved i ei vedkasse i skotet og kanskje eit par spann med vatn. Ofte var eg så trøytt at eg åt kveldsmat og la meg før mor kom inn og separerte mjølka. Kveldsmaten var enkel. Det var alltid sodl som er flatbrød brote i små bitar med mjølk over. Eg kan hugsa at eg sovna til den jamne separatorduren om kvelden og vakna til same lyden om morgonen. Då hadde mor alt stått opp i 6-tida, fyrt opp i omnen eller peisen og sett over ei stor panne med vatn til vask av separatoren før ho gjekk i fjøsen og mjølka. Etter vask av separatoren, var det rask frukost før me gjekk heim. Mor stod tidleg opp for å få følgje med dei andre budeiene. Heime var me ute på arbeid med slåtten heile dagen før me om ettermiddagen/kvelden kunne gå opp på stølen igjen.

Farar på vegen og på stølen

Olm kyr. På Skirsete var det ei olm kyr. Skirsete ligg på andre sida av Dalselvi, men den buskapen ho høyrde til gjekk over elvi og beita langs vegen me måtte gå. Ei olm kyr er ei som er «mannevond» og kan stanga folk. Budeiene gjekk difor tidleg for å komma forbi Skirsete før den olme kyri kom over elvi. Me høyrde om folk som var stanga av ho. Ein mann me trefte synte oss blåmerka sine og skremde budeiene endå meir. Far meinte at historiane var overdrivne, og helst spreidde for å skremma budeiene.

Hoggorm. Det var før det var traktorar og bilar på vegen, og meir orm i og langs vegen enn idag. Mor var frå Jostedalen der det ikkje var orm, og difor redd for orm, så sjølv om det var det varmt måtte eg gå i gummistøvlar. Det var tungt både opp og ned, så snart eg kom heim skifte eg til tøysko. Eg kan ikkje hugsa at eg hadde meir enn to par sko.

Sint/olm vær. Naboen hadde ein vær som var kjend for å stanga folk. Sommaren før hadde han stanga ei gammal budeie utafor naboselet, og tante Karen fann ho både forslått og med mange sår i andletet. Det såg slett ikkje pent ut. Tante Karen fekk vaska, smurt og plåstra kona, og fekk ei stor stjerne hjå ho etter det. Væren gjekk også fritt i tunet heime og eg hadde lært av far korleis eg skulle oppføra meg. Eg måtte berre gå beint mot væren , helst viftande med ei stor buska, og sjå han rett i auga, då ville han ikkje stanga. Springa vekk var det verste eg kunne gjera, for då ville væren springa etter og stanga. Dette fungerte og eg var ikkje redd væren. Eg var difor som 6-åring «livvakt» for mor når væren var i tråi og ho skulle henta vatn i grovi.

Bjørn. Bjørnen som vart skoten i Leirdalen i 1956, vandra i åri før mellom Leirdalen/Jostedalen og Veitastrondi og då kunne han også vera innom fjellområda våre. Ingen me kjende hadde sett bjørnen eller spor etter han, men som med den olme kyri var det nokon som spreidde rykte om bjørnen. Me var difor alltid på vakt når me var på leit etter kyr, og i skjømmingi om hausten kunne både steinar og einebusker sjå ut som ein bjørn. Far var ein roleg kar som ikkje var lettskremd. Ein gong han var åleine på øykjaleit, såg han noko som kunne likna på ein bjørn, brumma gjorde han og. Far stod og observerte ei stund og då såg han at det var ein mann som hadde trekt ein sekk over hovudet og krabba bortover. Han ville truleg ha moltemyrane for seg sjølv.

«Kidnedagen»

To dagar i veka slapp me å gå heim, og fekk vera heile dagen på stølen. Det var søndagen og så kidnedagen, dagen då me kinna smør. Eg trur det var onsdagar. Kinninga måtte gjerast om morgonen før det vart for varmt. Det var lettast å få smør når rømmen var kald. Eg var for liten til å dra kinna, så det laut mor gjera. Det gjekk med mykje vatn til vask av smøret og kinna og eg sprang mange turar bort i grovi og henta vatn i eit spann. Etter kinning vart smøret pakka fint inn i smørpapir og lagt i ei øskje. Deretter var det vask av kinna.

Separator og vasking av kinna
Mjølka laut først separerast, og skiljast i fløyte og skumma mjølk. Fløyten vart til rømme og ein gong i veka vart rømmen kinna til smør. Reinsemd var viktig, så mor vaska kinna grundig etter kvar gong ho var i bruk. Eg trur ho stundom sandskurte kinna.

Kinning og vasking av kinna var ferdig til middag kl.12. Etterpå var det fridag og då gjekk budeiene på kaffibesøk til kvarandre. Dei andre budeiene på Dale var enten unge eller hadde mindre smør, så dei gjekk heim. Men eg hugsar at me var på kaffibesøk til tre budeier på Skirsete. Det var Anna Veum i Haldrunselet, Johanna Vinda i Vindeselet og Olina Bergum som var i Mosengselet. Av dei var det berre Anna som besøkte oss igjen. Johanna og Olina var eldre og tykte truleg det var langt å gå heilt opp i Melheimstråi. Ein dag gjekk me heilt til Saupsete og besøkte Anna og Kristina Høgi. Om kvelden kidnedagen kom far opp. Han overnatta på stølen, men om morgonen, lenge før eg vakna, drog han heim med smørøskja på ryggen. Han festa smørøskja på ein heimelaga meis.

Oldebarnet Jens demonstrer den sjølvlaga meisen til smørøskja

Smørøskja er borte, men meisen heng enno på stølen.

Oldebarnet Jens demonstrer den sjølvlaga meisen som far laga av 3 bøygde einer. Øskja vart festa med eit tog som far la over skuldrane og heldt i ei hand framme. Tidleg på sommaren kunne det bli ganske mykje smør av mjølka til 9-10 kyr, og eg kan hugsa at eg ikkje greidde å løfta øskja og eg tykte far var sterk som bar smøret den lange vegen heim.

Heime tok bestefar øskja på baksetet på sykkelen og sykla til Marifjøra med smøret.

Søndagen

Søndagen var fridag og laurdag kveld kom far opp, ofte så seint at eg hadde lagt meg. Søndag føremiddag kunne eg og far dra på fjelltur. Far var godt kjend og eg hugsar me var både på Kliberseggi, Hjortastein og ein gong heilt til Brekka, stølen til Per Joranger, der far hadde vore dreng på 1930-talet. Det var fine turar som eg såg fram til. Det var difor trist for meg då han braut foten i 1957, og ikkje lenger kunne gå så langt. Det lengste var nokre turar på molteplukking på Einehaug og i Kyradalane. Mor var truleg glad til at me kom oss ut, då kunne ho vaska og pynta i selet til det evnt. kom besøk.

Søndagane fekk me ofte besøk. Bilete viser eldste søster til mor, Martha Kjørlaug og mannen Kristoffer som står på kvar si side av far og mor.

Menyen var alltid den same, først kaffi og pannekaker, seinare rømmegraut og til slutt kaffi og nok attåt, oftast krullekaker. Dette var festmat som også eg likte, så eg såg alltid fram til at det kom besøk. Somme hadde også born som eg kunne leika med.

Stølsslåtten

Når folk på gardane var ferdige med heimeslåtten kom dei opp på stølen. På 1950-talet tok enno dei fleste med seg kyrne på stølen i slåtten. Av dei 17 stølane, hadde 16 stølsgjerde og slått og då vart det liv på stølen. Alle slo om lag samtidig. Eg kunne ikkje gjera så mykje, men eg kunne telja til 100 og ein dag talde eg over 60 menneske i arbeid. Då var det fullt i alle sel, og mannfolka som ikkje fekk plass i sela, la seg i ei høyløe der det var igjen litt høy. Dei 4-5 som hadde slettaste teigane hadde med seg hesteslåmaskin, men dei fleste slo med ljå. Kvart stølsgjerde fekk storleiken oppgjeven i dagsslått. Dei største stølsgjerda var på 8-9 dagsslått. Det betydde at 8-9 mann skulle slå det på ein dag. Dei minste var på 2-3 dagsslått. Vårt var på 8-9 dagsslått. Far hadde vore med onkel Per og slege på Klopphaug og så var onkel Per med far og slo på stølen. Eg prøvde meg å slå, men det gjekk dårleg. Den lange ljåen sette seg stadig fast i torva. Året etter laga far eit stuttorv til meg med ein mindre ljå, trur det var det eg fann igjen på låven for nokre år sidan. Hjå oss var ca 5 da dyrka og med gras som kunne hesjast så eg var helst med og hadde gras inntil hesi og mor hesja medan far og onkel Per slo resten som var utmarksslått og mykje finnskjegg. Det graset var så kort at det var best å turka det på bakken. Når det kom regn vart graset raka saman og sett i såter til det kom ein soldag eller to. Stundom kunne graset stå i såter både ei og to veker. Stølsslåtten var ei kjekk tid for då var det folk i dei fleste seli, og mange ungar som eg kunne leika med. Eg hugsar leik med båtar i grovi og blåbærplukking som kjekke aktivitetar.

Bilete viser dei tre mest brukte slåttereiskapane på stølsslåtten i 1953, T.v. stuttorvet (som var for budeiedaltar og enkelte kvinner). I midten langorvet som var det absolutt mest brukte. Nede til høgre ei ein sigd og enno i 1953 var det nokre som slo strå som stod att rundt steinar og gjerdestolpar med sigd.

Dei tre mest brukte
slåttereiskapane på stølsslåtten: stuttorvet, langorvet og sigd.

Etter slåtten

Når alt høyet var i hus, som regel i slutten av august, drog far og onkel Per heim og byrja med håslåtten. Mor og eg heldt fram med stølslivet nokre veker til, fram til dei fleste kyrene var avgjelda. Det eg hugsar best frå den tida er at kyrne no laut gå lenger for å finna godt beite og dei mjølka mindre og hadde ikkje mjølkespreng. Det var ikkje alltid dei kom ned sjølve. Då måtte me på kyraleit, og ein gong var me inst inne i Dalsbotnen og henta dei. Det var ein dryg tur for ein 6-åring å gå frå Melheim til Dalsbotnen. Det vart fort mørkt i september, og me drog tidlegare heimafrå om kvelden. Me kunne også ta det meir med ro om morgonen for no var buskapen med den olma kyri ikkje lenger langs vegen der det for lengst var snaubeitt, men gjekk på fjellet. Midt i september flytte me heim og kyrne fekk gå fritt i fjellet ca. 1 mnd. til. Eg var glad det var slutt for det var stusseleg utan leikekameratar på stølen. No kunne eg endeleg vera saman med gutane på nabogarden heile dagen.

Leikekamerat ane mine og eg i nabotunet
Leikekamerat ane mine og eg i nabotunet. Frå venstre; Odd f.1943, Kjell f.1948, Gunnar f.1946 og eg f.1946.

Slutt med stølslivet

Dette var einaste sommaren eg var budeiedalt. Sommaren etter var kyrne heime heilt til me tok dei med oss på stølsslåtten. Staten gav då tilskot til kulturbeite slik at kyrne kunne vera heime heile sommaren. Far overflatedyrka, dvs rydda skog, gjødsla og sette opp nytt gjerde rundt eit område på 20 da på Broti. Dette har seinare vorte kalla kulturbeite. Korkje mor eller eg sakna stølslivet. Stølslivet er ofte idyllisert, men det var for dei som kunne vera på stølen heile dagen og hadde sosial omgang med andre budeier. Mor hadde nokre slike år som ungjente(15-20 år) og geitebudeie på stølen deira i Jostedalen. For oss som måtte gå den lange vegen i alt slags vær, og dessutan var åleine i Melheimtråi, var det langt frå nokon idyll. Mor var også med på onni heime heile dagen. Nokre gode minne har eg likevel, spesielt frå stølsslåtten og søndagane med fjelltur med far og besøk av gjester.