Husmannsplassen Kvalen

Kvalen er ein gammal husmannsplass ved Lustrafjorden. Den er veglaus og utan elektrisk straum, tilkomsten er via sti frå grenda Kinsedal (ca 4 km) eller med båt. Plassen var husmannsplass til den vart fråflytta i 1959, og gjekk tilbake til hovudbruket.

Heilt fram til ca. 1960 var det mange byggningar på plassen, stove, kårhus, fjøs, naust, naustloft, sagbruk, tobakkshus, stabbur, smie , hønsehus og utedo. Jf. vedlagt foto. I dag er det berre hovudhuset (truleg over 200 år gammalt) og naustloftet som står. Kårhuset, «Veltlasova» er delvis neddotten, men noko materialar kan nyttast ved oppattbygging.

Kvalen er den siste autentiske husmannsplassen ved fjorden i Luster, og det hastar veldig med å få i gang restaureringsarbeid om gjenverande bygningane skal kunne bergast. Grunna beiting av sauer og hjort er området rundt bygningane og innmarka på plassen lite attgrodd. Det gjer at det er ei god oppleving å komme til plassen. Plassen har også ei interessant «industrihistorie» med m.a. steinhoggeri, kassefabrikk og tobakksdyrking.

Hafslo sogelag har etablert eit prosjekt og arbeidsgruppe som skal restaurere og ta vare på plassen. Det er inngått leigeavtale med grunneigar, og arbeid med planlegging, finansiering og arbeid knytta til kai og utedo er gjennomført.

Restaureringa er planlagt gjennomført i tre delprosjekt: Delprosjekt 1 vil vera restaurering av naustloftet. Dette vil vera viktig for å ha ein plass å lagre verktøy og reiskapar under restaureringsarbeidet, og for at handverkarar og dugnadsfolk skal ha ein stad å gå inn. Tisramma for dette delprosjektet er 2023 og 2024. Delprosjekt 2 vil vera restaurering av hovudhuset – tidsperspektiv 2024/25. Delprosjekt 3 er restaurering av «Vetla-stova» – tidsperspektiv 2025/26

Plassen har ikkje vore i aktiv bruk sidan 1959, bortsett frå beiting av sauer og hjortejakt. I dei seinare åra har plassen vorte eit populært mål for turgåarar. Det er brukbar sti langs fjorden frå Kinsedal, ca 4 km ein veg. Kajakk-turisme har også vorte meir vanleg, og fleire går i land i Kvalen og slår opp telt. Det er derfor viktig for Hafslo sogelag og grunneigar å leggje til rette med utedo og trygg grillplass. Det er tørt i området, med mykje furuskog, og brannfaren er derfor stor.

Etter (og under) restaureringa ønskjer sogelaget å bruke plassen til formidling av historia til plassen og husmannskulturen generelt. «Industrihistoria» til plassen vil også vera viktig å få fram. Når naustloftet ( delprosjekt 1) er ferdig restaurert er det tenkt som «utstillingslokale» og «klasserom». Det vil bli hengt opp informasjonsplakar og bilete. Steinarbeid frå steinhoggeriet vil også bli stilt ut. Når hovudhuset (delporosjet 2) er ferdig restaurert vil det bli innreia slik det såg ut på tidleg 1900- tal, og ein vil kunne vise korleis dei budde og levde på ei husmannsplass ved fjorden, utan elektrisitet og veg. Vidare vil ein som delprosjekt 3 bygge opp att «Vetlestova» som er nesten neddotten. Den har også ein spesiell historie, bygd som tømmerkoie ca 1910 og seinare flytta til Kvalen på 1920-talet. Var påbygd med eitt rom ca.1950, og nytta som kårstove fram til 1959, då plassen vart fråflytta.