Årsmøte

Hafslo sogelag har årsmøte på Eikum Hotell onsdag 14.2.24 kl 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Servering og utlodding. Det vert visning av filmen «Solvornstrondi og strandsitjarane».

Husmannsplassen Kvalen

Kvalen er ein gammal husmannsplass ved Lustrafjorden. Den er veglaus og utan elektrisk straum. Hafslo sogelag har etablert eit prosjekt og arbeidsgruppe som skal restaurere og ta vare på plassen

Til minne om Olav Kjell Lomheim

Det var med sorg Hafslo sogelag mottok meldinga om Olav Kjell sin bortgang. Han døydde i heimen, 8.oktober 2023. Olav Kjell har vore ein aktiv bidragsytar i sogelaget gjennom fleire tiår. Alt i 1969 vart han vald til kasserar i laget. Dette vervet hadde han i 11 år, til 1980. […]

Slåttedag på Fluga 1. juli

Fokus i år blir onning på gamlemåten, museumsquiz, musikk, lotteri og sal av slåttegraut, kaffi og kaker. Riding med hest, framvising av hestereidskapar og gardsutstyr i museet. Aktivitetane startar kl 11.30Sal av slåttegraut frå kl 13.30 Trekking loddsal kl 14

Guida tur til Veitastrond laurdag 3. juni NB! Kort påmeldingsfrist!

Hafslo Sogelag arrangerar guida tur til Veitastrond, laurdag 3.juni. Det vert guiding langs Veitastrondsvegen, på Veitastrond og Tungestølsområdet. Samordna køyring ag avreise frå Billagsgarasjen på Hafslo 3.6. kl 10. Kaffi og kaffimat vert å få kjøpt på turen. MERK: Påmelding innan 31.5.23 til: Aud Marit Hilleren tlf: 97986513/e-post amhiller@online.no

Hopp og langrenn på Indre Hafslo – i perioden 1930 – 1955

Av Malvin Moen Første gong presentert i Bjønnaposten 2013 Frå 30-åra og like til slutten av 50-åra var det vanskeleg spesielt for ungdom å få lønna arbeid om vinteren. Fåe tok vidareutdanning, og borna gjekk på skulen annankvar dag. Difor var det mange unge som hadde mykje fritid som måtte […]

Hopprenn i Blombakken – var som eit Holmenkollrenn

Av Torodd Joranger (Første gong presentert i Bjønnaposten 2003.) – Det var ein stor dag og stor stas når det var hopprenn i Blombakken. Det næraste me kan klare å finne noko å samanlikne dette rennet med er Holmenkollrenna. Folk kom fartandes langvegs frå for å sjå på dette eineståande […]

Årsmeldingar for driftsåret 2022

Styre: Svein Solheim leiar vald i 2021 på val Aamund Bremer nestleiar vald i 2022 for 2 år Aud Marit Hilleren sekretær vald i 2022 for 2 år Gerd Westby kasserar vald i 2021 på val Kristoffer Melheim styremedlem vald i 2022 for 2 år Varamedlemer til styre: Torodd Joranger […]

Årsmøte

Hafslo sogelag har årsmøte på Eikum Hotell, onsdag 8.februar 23  – kl 19:00 Vanlege årsmøtesaker Saker ein ynskjer ta opp, må vera innkomne innan 24.januar SAKLISTE:1. Opning / velkomst.2. Godkjenning av innkalling.3. Godkjenning av sakliste.4. Innmelde saker:    a) Innstilling frå styret på godkjenning av Kvalenprosjektet.    b) Framlegg frå […]

Stadnamn

Stadnamnsamlinga til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane omfattar meir enn 250 000 stadnamn frå kommunane i fylket vårt. Arbeidet med å samle inn stadnamn starta i 1985. Hafslo sogelag har bidrege aktivt til å samle inn stadnamn frå vårt område.  Her er eit utsnitt frå Fylkesarkivet sitt fylkesatlas, zoom inn […]

Minnestoff av Nils Solvi

Me fekk eit minneskrift av Ivar Magnar Solvi, som Nils Solvi har skrive. Mange kjenner Nils som skulelærar, men me har og fått ein breiare omtale om Nils sine mange interesser og hans næraste familie: Nils var fødd på Hafslo ( 1921 – 1987), der han og vaks opp. Han […]

Lustringen Erik Melheim med i «Kampen om Narvik».

Skrive av Kristoffer Melheim I boka «Kampen om Narvik» fortel Asbjørn Jaklin om kampane dag for dag dei 62 desperate dagane dei tapre norske styrkane forsvara seg mot tyske soldatar, som dei til slutt hadde i kne. På dag 3 finn eg noko interessant for då kjem brått ein slektning […]

BROR MIN OG EG – JULEFEIRING I KVAM PÅ 50-TALET

Dette er ei lita forteljing om korleis eg opplevde jula for ca. 70 år sidan. Eg er fødd i den vesle grenda Kvam på Veitastrond i 1951. Her hadde me gard der me produserte det meste av det me trengde. Me var sjølvhjelpne. Og så var foreldra flinke til å […]

Treng du lesestoff til jul?

På Spar Hafslo får du kjøpt både Hafsloalbumet I og II til kr. 150,- pr. stk. I tillegg har sogelaget «Bygsleheimar i Hafslo» og «Hafslo kring 1860» til sals ( kr. 150,- pr. stk. ) Ta kontakt med post@hafslosogelag.no for tinging av disse.

Torsdagsope på Fluga 18.8 kl. 17:00

Hafslo Sogelag inviterer til torsdagsope på Fluga. 18. august kl. 17:00 – 18:30 Hesteaktivitetar:– Riding; 2 hestar klare– Ridetur kr 50,- Det vert omvisning i husmannsstova, uthuset og reiskapshuset med utstilling av hestereiskap . Alle er velkomne! 

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE 3.8 KL. 19:00

Hafslo sogelag held ekstraordinært årsmøte på Eikum hotell, onsdag 3.8 – kl 1900. SAKLISTE: Velkomst  Godkjenning av innkalling Godkjenning av sakliste Sak til handsaming: Forslag frå styret om lovendring i laget si lov, § 12. i samband med registrering i Frivillighetsregisteret Kaffi Avslutting

Søndagsope på Fluga 17. juli

Hafslo Sogelag inviterer til søndagsope på Fluga. 17. juli kl. 11:30 – 15:00 Det vert omvisning i:-husmannsstova og uthus-nyåpna reiskapshus med utstilling av hestereiskap . Køyring med hest og hjulslede – kr 30,-. Alle er velkomne! 

Slåttedag på Stuaflåten torsdag 16. juni

Velkommen til slåttedag på Stuaflåten torsdag 16.juni. Frammøte på parkeringen kl 14.Ta med niste og drikke.Dei som har, kan ta med seg ljå. Vel møtt! HelsingStuaflåtringen

Årsmeldingar 2021

Styre: Leiar: Svein Solheim vald i 2021 Nestleiar Henny Eikum Roterud vald i 2021 Sekretær Gerd Westby vald i 2021 Kasserar Torstein Molland vald i 2020 på val Styremedlem Aud Marit Hilleren vald i 2020 på val Varamedlemer til styre: Kristoffer Melheim – 1.varamedlem vald for 1 år Tor Bremer […]

Årsmøte 2022

HAFSLO SOGELAG HAR ÅRSMØTE PÅ EIKUM HOTELL, ONSDAG 9.FEBRUAR – KL 1900.– VANLEGE ÅRSMØTESAKER– PROGRAM– SERVERING. SAKER EIN YNSKJER TA OPP PÅ MØTET, SENDAST STYRET INNAN 26. JANUAR. UTLODDING PÅ INNGANGSBILLETTEN – KR 100,- MEDLEMMER OG ANDRE VELKOMNE VEL MØTT,STYRET

Opptak frå bygdakveld 2. september 2021

Sjå opptak frå bygdakvelden 2. september der Sylfest Lomheim held foredrag om stadnamn i gamle Hafslo herrad og om spesielle ord og uttrykk i dialekten. Kva er dei eldste namna? Kva for stadnamn finn me att andre stader? Oslo og Hafslo – kva er likt i namnetydinga der? Finst det […]

Bygdakveld den 2. september kl 19:00 i Hafslo Samfunnshus

Sylfest Lomheim held foredrag om stadnamn i gamle Hafslo herrad og om spesielle ord og uttrykk i dialekten. Kva er dei eldste namna?Kva for stadnamn finn me att andre stader?Oslo og Hafslo – kva er likt i namnetydinga der?Kva er bakgrunnen for det lokale uttrykket ‘skyvalandet’?Finst det franske og tyske […]

STATUS BYGGEPROSJEKT PÅ FLUGA.

Som det er registrert av gåande og køyrande i Krekavegen, er det anleggsaktivitet på Fluga. Hafslo sogelag har lenge hatt planar om bygging av reiskapshus, med stall i enden av bygget. Reiskapshuset skal vera til samling av gamle hestereiskapar, til framvisning for interesserte. Stallen er tiltenkt nyttast til hestesportsaktivitet, der […]

Årsmelding 2020

Styre:  Leiar: Svein Solheim vald i 2019 på val  Nestleiar: Henny Eikum Roterud vald i 2019 på val  Sekretær: Gerd Westby Haugen vald i 2019 på val Kasserar: Torstein Molland vald i 2020 ikkje på val Styremedlem: Aud Marit Hilleren vald i 2020 for eitt år  Varamedlemar til styre:  Kristoffer […]

Årsmøte (påmelding på epost/mobil)

HAFSLO SOGELAG HAR ÅRSMØTE PÅ EIKUM HOTELL,ONSDAG 10.FEBRUAR – KL 1900.– VANLEGE ÅRSMØTESAKER.– SERVERING.SAKER EIN YNSKJER TA OPP PÅ MØTET, SENDAST STYRET INNAN 3.2. Grunna smittevern, er det avgrensa til 50 deltakarar, med påmelding,Påmelding med navn og telefonnummer må sendast til Henny Eikum Roterud: 90143975 / henny.roterud@yahoo.no For medlemar påmelding […]

Jul i gamle dagar

Mons Bathen ( 1897 – 1989 ) var lærar og bonde på Baten på Mollandsmarki. Han var levande oppteken av histore og har skrive fleire lokalhistoriske tekstar. Her har han skrive om juleferinga slik han hugsa den frå sin barndom tidleg på 1900-talet.

Stor dugnadsaktivitet i sommar

Det har vore ein spesiell sommar for dei fleste av oss. Dette gjeld også oss i Hafslo Sogelag. Grunna korona-situasjonen har det ikkje vore mogleg å gjennomføre dei vanlege aktivitetane som trekker mykje folk. Til dømes måtte den tradisjonsrike slåttedagen på Fluga avlysast i år. På tross av dette har […]

Årsmelding for driftsåret 2019

Årsmøte på Eikum Hotell, onsdag 12.februar 2020 Styre: Leiar: Svein Solheim vald i 2019 ikkje på val Nestleiar: Henny Eikum Roterud vald i 2019 ikkje på val Sekretær: Gerd Westby Haugen vald i 2019 ikkje på val Kasserar: Torstein Molland vald i 2018 på val Styremedlem: Aud Marit Hilleren vald […]

Slåttedag på Fluga laurdag 6. juli

Velkommen til slåttedag med slåttegraut på husmannsplassen Fluga på Hafslo laurdag 6. juli kl. 12 Me sler med ljå og hesjar både i troehes og hes med streng.Vil du prøva å slipa ljå ? Slipesteinen er klar! Sal av rømmegraut og kaffiUtlodding og ein liten musemus-quiz!Loddsal og musikk Velkommen til […]

Hafslo barnehage har laga biletbok om Haugmelarisen og Stedjerisen

På lilla avdeling ved Hafslo barnehage har 18 barn laga ei flott biletbok om segnet om Haugmelarisen og Stedjerisen. Dei las segnet, skreiv det litt om så det vart som eit eventyr, og barna fekk illustrere ulike deler av historia. Alle illustrasjonane er med i boka. Du kan lese heile […]

God aktivitet i Hafslo sogelag

Referat frå årsmøte, 13.02.19 Hafslo sogelag hadde årsmøte på Eikum hotell 13.2. Leiaren i laget ynskte dei 65 frammøtte velkomne, og var imponert over den store interessa. Spesiell velkomst til æresmedlem i laget, Kåre Alme, med applaus frå årsmøte. Her var blant dei frammøtte, fleire tidlegare leiarar, styremedlemar og deltakarar […]

Årsmelding 2018

Driftsåret 2018 Styre: Leiar: Svein Solheim vald i 2017 -2 år på val Nestleiar: Gunvor Kjos Wenjum vald i 2017 – 2 år på val Sekretær: Hans Moseng vald i 2018 – 1 år på val Kasserar: Torstein Molland vald i 2018 – 2 år ikkje på val Styremedlem: Johannes […]

Bygging av reiskapshus

Det vart på siste årsmøte vedteke å byggja reiskapshus for hestereiskap og utstyr. Bakgrunn for dette prosjektet, er at Hafslo sogeleg fekk tilbod frå Terje Melheim, om å overta alt av hestereiskapar og utstyr tilhøyrande garden Solvi ( tidlegare eigar Einar Solvi). Styret i sogelaget har hatt synfaring av reiskapane […]

Stiprosjekt – Kjosavegen og Stuaflåten

Laget  har hatt gåande stiprosjektet «Kjosavegen», som er ein gamal ferdselveg mellom Mollandsmarki og Hafslo. Vegen var delvis attvoksen og mykje øydelagd av frittrennande vatn. Prosjektet er eit samarbei med Mollandsmarki grendalag. Torstein Molland fekk underskrivne avtalar med grunneigarane i det aktuelle onmrådet ( 2015/2016), noko som var nøvendig med […]

Stor aktivitet på Fluga i 2018

Fluganemndi har oppsummert året 2018. Dette har vore eit år med stor aktivitet, både når det gjeld tilstellingar og dugnadsaktivitet. Mellom anna har me hatt besøk frå Canada, av etterkommarar til Johannes J. Tang, fødd på Fluga i 1885. Til saman er det lagt ned imponerande 326 dugnadstimar. Slåttedagen den […]