Hopp og langrenn på Indre Hafslo – i perioden 1930 – 1955

Av Malvin Moen

Første gong presentert i Bjønnaposten 2013

Brattegota – storbakken på Indre Hafslo på 1940-50 talet – låg om lag midt på biletet, fortel Malvin Moen. Det var bygt trestillas for ovarennet. Biletet er teke frå fylkesvegen mot Lundshaugen.
Brattegota – storbakken på Indre Hafslo på 1940-50 talet – låg om lag midt på biletet, fortel Malvin Moen. Det var bygt trestillas for ovarennet. Biletet er teke frå fylkesvegen mot Lundshaugen.

Frå 30-åra og like til slutten av 50-åra var det vanskeleg spesielt for ungdom å få lønna arbeid om vinteren. Fåe tok vidareutdanning, og borna gjekk på skulen annankvar dag. Difor var det mange unge som hadde mykje fritid som måtte fyllast med noko. Lagsarbeid hadde gode tider og var viktig for ungdomen. Men på dagtid vart hopp og langrenn ein aktivitet som dei fleste gutar var opptekne med. På den tida var det sjeldan å sjå jenter med ski på beina.

Skispor var å sjå nesten på alle marker, og hoppbakkar vart bygde der terrenget var eigna til det. Gutane fekk heimelaga ski tidleg i barneåra, og det å kunne hoppa på ski var gjævt. Å vera god i hopp og langrenn gav respekt i ungdomsflokken.

Hopp

Å hoppa i småe bakkar torde dei fleste. Men etter kvart som ein vart eldre og skulle meistra ein større bakke, fall mange ifrå. Ein måtte trena mykje for å meistra dei store bakkane.

Skuleskirennet var årleg med både hopp og langrenn. Når snøforholda var gode nok, vart det avvikla i Kjørlaugsbakken. Det var høveleg storleik på bakken, og det var forholdsvis lett å finna terreng til langrennsløype.

På den andre sida av dalføret, på Sviggum (Eriksteigen) låg også forholda til rette for å bygge ein hoppbakke. I begge desse bakkane vart det halde klubbmeistarskap, truleg fordi trestillaset i Brattegota var i ustand. Dersom det var lite snø, vart det skirenn på Dalestølen.

Dei to største bakkane var på Opheim og i Brattegota. Bakken på Opheim var ein god og lett bakke å hoppa i også for dei yngste deltakarane.

Brattegota låg på eigedomen til Kristoffer Melheim med oppbygd trestillas til ovarenn. Det var ein av dei større bakkane på den tida med bratt unnarenn og brå overgang. Det var to hoppar, ein for barn, og den største for dei som var trena til å meistra slike bakkar. Ein kunne lande opp mot 35 meter.

På dugnad vart det gjort alt frå å bygge bakken til preparering fram for kvar øving og renn. Mellom anna deltok Anders Melheim med hest og steinslede for å bringa stein til utviding av bakken. Kåre Harberg og Jon J. Lunde var med som tilretteleggjarar av steinane. Litt sprenging måtte også til noko som Jon Opheim og Erling Melheim gjorde.

I 40-åra og fram til midten av 50-åra vart bakken i Brattegota mykje nytta til trening og konkurranse. Sjølv om dei fleste deltakarane var heimehøyrande i bygda, var det også mange skihopparar frå andre bygder som deltok. Hoppsporten var både engasjerande og triveleg å sjå på, så det trekte som regel mange menneske til arrangementa.

Frå byrjinga av 50-åra vart det lettare for ungdomen å få arbeid. Mange fekk arbeid i Årdal, og andre drog til Drammen for det var forholdsvis lett å få arbeid der og. Dette førde til at det vart for lite miljø, og hoppengasjementet ebba ut.

Dei beste hopparane frå 30-åra var Kristoffer Veum og Trygve J. Veum. Etter desse to kom det mange gode hopparar som Anders og John Opheim, Erling og Anders Melheim, Johannes I Kjørlaug, Peder Molland, Alfred Lunde, Harald Molland og Sigfred Sønnesyn.

Blombakken på Mollandsmarka var blant dei større bakkane i sogneregionen. Bakken vart bygd av Hafslo Idrettslag. I denne bakken kunne dei flinkaste hoppe i overkant av 50 meter, og det var på den tida rekna som lange hopp. Mange av ”våre” hopparar deltok på renn i Blombakken. Mellom anna deltok Anders Melheim i 1945 og vart nr. 2 etter Kåre Bjelde. Nokre år sinare var Alfred Lunde (16 år) prøvehoppar i Blombakken.

Langrenn

All fritidsaktivitet vert skapt gjennom samhald og gode miljø. Sjølv om det for unge på den tida var mest gjævt å vera hopputøvar, så var det ikkje alle som eigna seg til det. Då vart alternativet å konkurrere i langrenn.

Dei fleste renn hadde Ljosvang som startplass, og med skiløyper rundt om i nærområde. På den tida vart det ikkje vanleg at løparane gjekk same løypa fleire gonger og difor vart det ikkje så lett å finna lange nok løyper utan å kryssa ein veg eller bekk.

Det vart skapt eit godt langrennsmiljø, og det avla mange gode løparar som også utanfor bygda kom høgt opp på premielista. Øystein Sviggum var ein av dei beste, og han vart fleire år sognemeistar.

Frå slutten av 20-åra var to løparar i særklasse nemleg Karl Fristad og Egil Morken. Men spesielt var det hjå Sviggum-brørene fordi Øystein hadde tre brør som også var godeskiløparar, nemleg Thorvald, Sverre og Malvin. Elles var Ola K. Fet, Thorvald Morken og Per T. Joranger svært aktive og gode langrennsløparar.

Jon Opheim, utflytta indrebygding, bur på Lillehammer, har gjeve oss dette minnet om Brattegota:

Brattegota. Minne om ein hoppbakke

Det første eg høyrde om Brattegota var at det var ein ofseleg stor bakke der dei mest spreke hoppa på ski. Det var før ein sjølv hadde fått ski, berre eit par tønnestavar som var festa ei reim på midten som ein kunne stikka skotuppen inn i. Åra gjekk og smågutane vart større og modigare, dei fekk ski laga av ein flink snikkar. Skia hadde til og med tre render under, John Moen var snikkaren.

Anders Melheim (innfelt) og Jon Opheim er kjelda til soga om Brattegota.
Anders Melheim (innfelt) og Jon Opheim er kjelda til soga om Brattegota.

Det var ei storhending den gongen ein fekk vera med på første skirennet i Brattegota. Det var eitt av dei første krigsåra. Skirennet var illegalt. Dersom det skulle haldast skirenn i desse vonde åra, måtte det vera av idrettslag tilslutta nazisamskipnaden. Heldigvis hadde dei som styrte med Indre Hafslo idrettslag god nasjonal holdning, det var ingen innmelde i nazisamskipnaden. Skirenn vart det lell. Hopp og langrenn.
Det er berre eitt skirenn eg hugsar vart halde i Brattegota under krigen, truleg var det fleire.
Det vart hoppa i stor bakke og i liten bakke. Vinnaren i stor bakke (trur eg) var Johannes I. Kjørlaug, i liten bakke vann Anders Opheim.

Hoppbakken i Brattegota var ikkje særleg god, men den var bruka kvar vinter. Unnarennet kryssa ein bekk nede på sletta. Det var bru over bekken/grøfta, der løparane skulle renna over. Brua var bygt som køyrebru til bruk i onnearbeidet. Hermund Bruflat var uheldig ein gong han trena i Brattegota. Han ramla ned i bekken, og han fekk skade i ryggen. Eg kjem ikkje i hug at det var andre uhell.

Der vart lagt ned mange arbeidstimar i hoppbakken, både på tilløpet som vart bygd opp som trestillas, og i unnarennet. Eg hugsar Erling Melheim og eg skulle retta på unnarennet. Først brukte me hakke og spett, men det dugde lite i hardt fjell. Me fekk laga hol ned i fjellet, fekk tak i dynamitt. På den måten fekk me bort ein del av ein fjellknaus som var for høg. Sprenginga var vellukka, men me hadde ikkje dekka over slik at det spruta litt småstein.. Me fekk besøk av grunneigaren, han lurte på kva me heldt på med. Han var ikkje blid på oss, noko han hadde full rett til. Han var ein grei grunneigar, og me gjorde som han sa.

Idrettslaget søkte skikretsen om å få arrangera kretsrenn i januar 1949. Kretsrenn vart det,
langrenn på laurdag og hopp på søndag. Mykje arbeid vart utført både med langrennsløypa og hoppbakken. Rennet var vellukka. Øystein Sviggum vann langrennet, Sigur Sage vart nr. 2. Desse to var av kretsen sine beste langrennsløparar. Odd Mundal vann klasse A, og var den beste i hopprennet.

Faksimile frå "Sogn og Fjordane" i 1949 og 1950
Faksimile frå «Sogn og Fjordane» i 1949 og 1950