sogelaget

41 innlegg

Til minne om Olav Kjell Lomheim

Det var med sorg Hafslo sogelag mottok meldinga om Olav Kjell sin bortgang tidlegare i haust. Olav Kjell har vore ein aktiv bidragsytar i sogelaget gjennom fleire tiår. Alt i 1969 vart han vald til kasserar i laget. Dette vervet hadde han i 11 år, til 1980. Han vart vald […]

Slåttedag på Fluga 1. juli

Fokus i år blir onning på gamlemåten, museumsquiz, musikk, lotteri og sal av slåttegraut, kaffi og kaker. Riding med hest, framvising av hestereidskapar og gardsutstyr i museet. Aktivitetane startar kl 11.30Sal av slåttegraut frå kl 13.30 Trekking loddsal kl 14

Årsmeldingar for driftsåret 2022

Styre: Svein Solheim leiar vald i 2021 på val Aamund Bremer nestleiar vald i 2022 for 2 år Aud Marit Hilleren sekretær vald i 2022 for 2 år Gerd Westby kasserar vald i 2021 på val Kristoffer Melheim styremedlem vald i 2022 for 2 år Varamedlemer til styre: Torodd Joranger […]

Årsmøte

Hafslo sogelag har årsmøte på Eikum Hotell, onsdag 8.februar 23  – kl 19:00 Vanlege årsmøtesaker Saker ein ynskjer ta opp, må vera innkomne innan 24.januar SAKLISTE:1. Opning / velkomst.2. Godkjenning av innkalling.3. Godkjenning av sakliste.4. Innmelde saker:    a) Innstilling frå styret på godkjenning av Kvalenprosjektet.    b) Framlegg frå […]

Stadnamn

Stadnamnsamlinga til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane omfattar meir enn 250 000 stadnamn frå kommunane i fylket vårt. Arbeidet med å samle inn stadnamn starta i 1985. Hafslo sogelag har bidrege aktivt til å samle inn stadnamn frå vårt område.  Her er eit utsnitt frå Fylkesarkivet sitt fylkesatlas, zoom inn […]

Minnestoff av Nils Solvi

Me fekk eit minneskrift av Ivar Magnar Solvi, som Nils Solvi har skrive. Mange kjenner Nils som skulelærar, men me har og fått ein breiare omtale om Nils sine mange interesser og hans næraste familie: Nils var fødd på Hafslo ( 1921 – 1987), der han og vaks opp. Han […]

Treng du lesestoff til jul?

På Spar Hafslo får du kjøpt både Hafsloalbumet I og II til kr. 150,- pr. stk. I tillegg har sogelaget «Bygsleheimar i Hafslo» og «Hafslo kring 1860» til sals ( kr. 150,- pr. stk. ) Ta kontakt med post@hafslosogelag.no for tinging av disse.

Torsdagsope på Fluga 18.8 kl. 17:00

Hafslo Sogelag inviterer til torsdagsope på Fluga. 18. august kl. 17:00 – 18:30 Hesteaktivitetar:– Riding; 2 hestar klare– Ridetur kr 50,- Det vert omvisning i husmannsstova, uthuset og reiskapshuset med utstilling av hestereiskap . Alle er velkomne! 

EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE 3.8 KL. 19:00

Hafslo sogelag held ekstraordinært årsmøte på Eikum hotell, onsdag 3.8 – kl 1900. SAKLISTE: Velkomst  Godkjenning av innkalling Godkjenning av sakliste Sak til handsaming: Forslag frå styret om lovendring i laget si lov, § 12. i samband med registrering i Frivillighetsregisteret Kaffi Avslutting

Søndagsope på Fluga 17. juli

Hafslo Sogelag inviterer til søndagsope på Fluga. 17. juli kl. 11:30 – 15:00 Det vert omvisning i:-husmannsstova og uthus-nyåpna reiskapshus med utstilling av hestereiskap . Køyring med hest og hjulslede – kr 30,-. Alle er velkomne! 

Årsmeldingar 2021

Styre: Leiar: Svein Solheim vald i 2021 Nestleiar Henny Eikum Roterud vald i 2021 Sekretær Gerd Westby vald i 2021 Kasserar Torstein Molland vald i 2020 på val Styremedlem Aud Marit Hilleren vald i 2020 på val Varamedlemer til styre: Kristoffer Melheim – 1.varamedlem vald for 1 år Tor Bremer […]

Årsmøte 2022

HAFSLO SOGELAG HAR ÅRSMØTE PÅ EIKUM HOTELL, ONSDAG 9.FEBRUAR – KL 1900.– VANLEGE ÅRSMØTESAKER– PROGRAM– SERVERING. SAKER EIN YNSKJER TA OPP PÅ MØTET, SENDAST STYRET INNAN 26. JANUAR. UTLODDING PÅ INNGANGSBILLETTEN – KR 100,- MEDLEMMER OG ANDRE VELKOMNE VEL MØTT,STYRET

STATUS BYGGEPROSJEKT PÅ FLUGA.

Som det er registrert av gåande og køyrande i Krekavegen, er det anleggsaktivitet på Fluga. Hafslo sogelag har lenge hatt planar om bygging av reiskapshus, med stall i enden av bygget. Reiskapshuset skal vera til samling av gamle hestereiskapar, til framvisning for interesserte. Stallen er tiltenkt nyttast til hestesportsaktivitet, der […]

Årsmelding 2020

Styre:  Leiar: Svein Solheim vald i 2019 på val  Nestleiar: Henny Eikum Roterud vald i 2019 på val  Sekretær: Gerd Westby Haugen vald i 2019 på val Kasserar: Torstein Molland vald i 2020 ikkje på val Styremedlem: Aud Marit Hilleren vald i 2020 for eitt år  Varamedlemar til styre:  Kristoffer […]

Årsmøte (påmelding på epost/mobil)

HAFSLO SOGELAG HAR ÅRSMØTE PÅ EIKUM HOTELL,ONSDAG 10.FEBRUAR – KL 1900.– VANLEGE ÅRSMØTESAKER.– SERVERING.SAKER EIN YNSKJER TA OPP PÅ MØTET, SENDAST STYRET INNAN 3.2. Grunna smittevern, er det avgrensa til 50 deltakarar, med påmelding,Påmelding med navn og telefonnummer må sendast til Henny Eikum Roterud: 90143975 / henny.roterud@yahoo.no For medlemar påmelding […]

Jul i gamle dagar

Mons Bathen ( 1897 – 1989 ) var lærar og bonde på Baten på Mollandsmarki. Han var levande oppteken av histore og har skrive fleire lokalhistoriske tekstar. Her har han skrive om juleferinga slik han hugsa den frå sin barndom tidleg på 1900-talet.

Med kommodeskuffa som babyseng

Dei som kjenner historien til husmannsplassen Fluga veit at på denne plassen levde familiar med store barneflokkar, og me er overbeviste om at veggene i dette kammerset har vore vitne til mange barnefødslar.

Alle me i Fluganemndi har jo levd nokre år, og me veit at babyseng var ofte mangelvare. Løysinga kom fram då det viste seg at den første soveplassen for nokon av oss hadde vore ei kommodeskuffa.

Stor dugnadsaktivitet i sommar

Det har vore ein spesiell sommar for dei fleste av oss. Dette gjeld også oss i Hafslo Sogelag. Grunna korona-situasjonen har det ikkje vore mogleg å gjennomføre dei vanlege aktivitetane som trekker mykje folk. Til dømes måtte den tradisjonsrike slåttedagen på Fluga avlysast i år. På tross av dette har […]

Våronn på 1800-talet

I si skildring av Hafslo Kring 1860, utgjeve som tidsskrift av Historielaget for Sogn, fortel Kristen Bremer om våronna. Sumarmål (14de april) er nyårsdag i jordbruket. Snart er det såtid, våronni skal førebuast. Enno er det meir vinter enn vår. Dei hadde som vanleg sett myke på om hausten, så […]

Årsmelding for driftsåret 2019

Årsmøte på Eikum Hotell, onsdag 12.februar 2020 Styre: Leiar: Svein Solheim vald i 2019 ikkje på val Nestleiar: Henny Eikum Roterud vald i 2019 ikkje på val Sekretær: Gerd Westby Haugen vald i 2019 ikkje på val Kasserar: Torstein Molland vald i 2018 på val Styremedlem: Aud Marit Hilleren vald […]

STRANDSITJARSTADEN MARIFJØRA

Semesteroppgåve ved HSF, våren 1995Av Mai Svangstu og Henny Eikum Roterud FORORD Me starta arbeidet med denne oppgåva i februar 1995. Etter at me hadde funne ut kva me ville skriva om, tok me kontakt med Per Sandal på DH og fekk klarsignal og oppmuntring frå han . Fylkesarkivet i […]

Slåttedag på Fluga laurdag 6. juli

Velkommen til slåttedag med slåttegraut på husmannsplassen Fluga på Hafslo laurdag 6. juli kl. 12 Me sler med ljå og hesjar både i troehes og hes med streng.Vil du prøva å slipa ljå ? Slipesteinen er klar! Sal av rømmegraut og kaffiUtlodding og ein liten musemus-quiz!Loddsal og musikk Velkommen til […]

God aktivitet i Hafslo sogelag

Referat frå årsmøte, 13.02.19 Hafslo sogelag hadde årsmøte på Eikum hotell 13.2. Leiaren i laget ynskte dei 65 frammøtte velkomne, og var imponert over den store interessa. Spesiell velkomst til æresmedlem i laget, Kåre Alme, med applaus frå årsmøte. Her var blant dei frammøtte, fleire tidlegare leiarar, styremedlemar og deltakarar […]

Årsmelding 2018

Driftsåret 2018 Styre: Leiar: Svein Solheim vald i 2017 -2 år på val Nestleiar: Gunvor Kjos Wenjum vald i 2017 – 2 år på val Sekretær: Hans Moseng vald i 2018 – 1 år på val Kasserar: Torstein Molland vald i 2018 – 2 år ikkje på val Styremedlem: Johannes […]

Julefeiring på Hafslo kring 1860

Kristen Bremer skreiv om korleis julefeiringa føregjekk når han var barn i  «Hafslo kring 1860» – Tidsskrift utgjeve Historielaget for Sogn i 1952. Det har vore travali for kar og kvende. Men arbeidet hadde falle lett, det lyste av storhelgi. Jolebandi i brótmønet syner at jolafta er komi. Alle har […]

Haugmelarisen og Stedjerisen

Det var ein gong to risar møttest på Nonfjell. Den eine var ryseleg stor. Den andre var noko mindre. Den største heldt til i Haugmelatraktene, der det syner djupe jel og jiljar etter fotefari hans. Den andre heldt for det meste til på Stedjeåsen, Njuken og Tølderingen. Det synte ikkje […]

Bygging av reiskapshus

Det vart på siste årsmøte vedteke å byggja reiskapshus for hestereiskap og utstyr. Bakgrunn for dette prosjektet, er at Hafslo sogeleg fekk tilbod frå Terje Melheim, om å overta alt av hestereiskapar og utstyr tilhøyrande garden Solvi ( tidlegare eigar Einar Solvi). Styret i sogelaget har hatt synfaring av reiskapane […]

Stiprosjekt – Kjosavegen og Stuaflåten

Laget  har hatt gåande stiprosjektet «Kjosavegen», som er ein gamal ferdselveg mellom Mollandsmarki og Hafslo. Vegen var delvis attvoksen og mykje øydelagd av frittrennande vatn. Prosjektet er eit samarbei med Mollandsmarki grendalag. Torstein Molland fekk underskrivne avtalar med grunneigarane i det aktuelle onmrådet ( 2015/2016), noko som var nøvendig med […]

Stor aktivitet på Fluga i 2018

Fluganemndi har oppsummert året 2018. Dette har vore eit år med stor aktivitet, både når det gjeld tilstellingar og dugnadsaktivitet. Mellom anna har me hatt besøk frå Canada, av etterkommarar til Johannes J. Tang, fødd på Fluga i 1885. Til saman er det lagt ned imponerande 326 dugnadstimar. Slåttedagen den […]