Med kommodeskuffa som babyseng

 Dei som kjenner historien til husmannsplassen Fluga veit at på denne plassen levde familiar med store barneflokkar, og me er overbeviste om at veggene i dette kammerset har vore vitne til mange barnefødslar. Ein ny verdensborgar treng klær på kroppen,  han treng gode varme tepper rundt seg og HAN TRENG EIN PLASS Å SOVA!

Alle me i Fluganemndi har jo  levd nokre år, og me veit at babyseng var ofte mangelvare. Løysinga kom fram då det viste seg at den første soveplassen for nokon av oss hadde vore ei kommodeskuffa.

Kommoden fann me på Veitastrond — ein kommode som  har vandra litt rundt i Luster kommune før den vart møbel på Fluga.

Den nederste skuffa vart ei stor, fin og romsleg seng til babyen vår.

På bilete kan ein sjå at babyen har ein blåstripete  reiv på seg. (nokon kallar det og for lind) . Den er sydd som kopi av ein meir enn hundre år gamal original reiv som me fekk  låna på Veitastrond.  Ullteppe og madrassetrekk er lappa og sydd på Mollandsmarki. Dei andre kleda har me fått på Fluga eller  dei er laga no  for å ha noko å ta på babyen i den nye senga si.