Lokalhistorie

15 innlegg

Stadnamn

Stadnamnsamlinga til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane omfattar meir enn 250 000 stadnamn frå kommunane i fylket vårt. Arbeidet med å samle inn stadnamn starta i 1985. Hafslo sogelag har bidrege aktivt til å samle inn stadnamn frå vårt område.  Her er eit utsnitt frå Fylkesarkivet sitt fylkesatlas, zoom inn […]

Minnestoff av Nils Solvi

Me fekk eit minneskrift av Ivar Magnar Solvi, som Nils Solvi har skrive. Mange kjenner Nils som skulelærar, men me har og fått ein breiare omtale om Nils sine mange interesser og hans næraste familie: Nils var fødd på Hafslo ( 1921 – 1987), der han og vaks opp. Han […]

Jul i gamle dagar

Mons Bathen ( 1897 – 1989 ) var lærar og bonde på Baten på Mollandsmarki. Han var levande oppteken av histore og har skrive fleire lokalhistoriske tekstar. Her har han skrive om juleferinga slik han hugsa den frå sin barndom tidleg på 1900-talet.

Med kommodeskuffa som babyseng

Dei som kjenner historien til husmannsplassen Fluga veit at på denne plassen levde familiar med store barneflokkar, og me er overbeviste om at veggene i dette kammerset har vore vitne til mange barnefødslar.

Alle me i Fluganemndi har jo levd nokre år, og me veit at babyseng var ofte mangelvare. Løysinga kom fram då det viste seg at den første soveplassen for nokon av oss hadde vore ei kommodeskuffa.

Våronn på 1800-talet

I si skildring av Hafslo Kring 1860, utgjeve som tidsskrift av Historielaget for Sogn, fortel Kristen Bremer om våronna. Sumarmål (14de april) er nyårsdag i jordbruket. Snart er det såtid, våronni skal førebuast. Enno er det meir vinter enn vår. Dei hadde som vanleg sett myke på om hausten, så […]

STRANDSITJARSTADEN MARIFJØRA

Semesteroppgåve ved HSF, våren 1995Av Mai Svangstu og Henny Eikum Roterud FORORD Me starta arbeidet med denne oppgåva i februar 1995. Etter at me hadde funne ut kva me ville skriva om, tok me kontakt med Per Sandal på DH og fekk klarsignal og oppmuntring frå han . Fylkesarkivet i […]

Julefeiring på Hafslo kring 1860

Kristen Bremer skreiv om korleis julefeiringa føregjekk når han var barn i  «Hafslo kring 1860» – Tidsskrift utgjeve Historielaget for Sogn i 1952. Det har vore travali for kar og kvende. Men arbeidet hadde falle lett, det lyste av storhelgi. Jolebandi i brótmønet syner at jolafta er komi. Alle har […]

Haugmelarisen og Stedjerisen

Det var ein gong to risar møttest på Nonfjell. Den eine var ryseleg stor. Den andre var noko mindre. Den største heldt til i Haugmelatraktene, der det syner djupe jel og jiljar etter fotefari hans. Den andre heldt for det meste til på Stedjeåsen, Njuken og Tølderingen. Det synte ikkje […]