Minnestoff av Nils Solvi

Me fekk eit minneskrift av Ivar Magnar Solvi, som Nils Solvi har skrive. Mange kjenner Nils som skulelærar, men me har og fått ein breiare omtale om Nils sine mange interesser og hans næraste familie:

Nils var fødd på Hafslo ( 1921 – 1987), der han og vaks opp. Han vart gift med Margit, f Hauge (1924 – 2011). Dei fekk 4 born : Ivar Magnar, Martha Jensine, Johannes og Aud.

Nils Solvi

Foreldra til Nils var Ivar (1887 – 1963) og Marta (1890 – 1956). Ivar var smed og småbrukar.

Nils hadde ei søster: Anna Maria Sviggum, f. Solvi ( 1913 – 2001 ).

Nils var utdanna lærar, og jobba som lærar til han døydde. Ved sida av hadde han småbruk. Han var lærar ved Holmøyane skule, i Ospehola og Indre Hafslo, men den lengste lærarjobben hadde han ved Hafslo skule.

Nils hadde stor interesse for bøker, var glad i naturen, og oppteken av planter og urter. «Blomster-floraen» var alltid med på turar ut i naturen. Han var ein ihuga bærplukkar.

Han var interessert i lokalhistorie, noko vedlagde minnestoff seier litt om. Nils var språkkyndig, og kunne fire språk, m a russisk, som han lærde på eiga hand. Nils var og mykje nytta til å halda foredrag, og då var det helst lokalhistorie som var tema.


Hafslo

Hafslo, Fylkesbygda i gamal tid, var, før fjella fødde vart, botn i eit grunt hav der brenninga skumma fossande over grunnane og tusentals skaldyr voks fram, og gjennom åra laga det seg eit lag med skjeljar mange meter tjukt. Seinare vart desse laga dekka av sand og grus slik at trykket og varmen auka og skeljane vart omdanna til kalkstein. Dette hende gjennom mange geologiske periodar. Den grunne havbotnen bukta seg opp og vart til fjell. Desse vart så nedslipte av vatn og brear. Det vi har att i dag er eit skal av lagbergarter frå Kambrienn Silur. Steinslaga over mesteparten av bygda er glimmerskifer. Når denne steinen forvitrar, blir han til grorsam jord. Noko dei frodige enger og åkrar vitnar om. Kalksteinlaget som her er nemnt, går gjennom tråa på Hongi og vidare innover til Dalsdalen. Det har og laga seg dryppsteinar langs dette laget. Ivar E. Alme braut av ein og gav til skrivaren i Solvorn. Han såg ut som ei hand. Gamal måtte han og vera, av di ein slik stein legg på seg ein millimeter kvart tusenår. Jostedalsbreen fløymde ned berga i Veitestrand og demde for Osen slik at Hafslovatnet rann ned i Solvorn. Det laga seg då ein innsjø der breelvane tømde seg uti og leire og grus sokk til botnar og laga flate vollar på Hillestad og rundt den indre delen av bygda. Store jettegryter på Galden vitnar om hundretals årsarbeid av vatn rennande og gravande i fjellet. Endå større jettegryter finn vi på Soget: Gygrestova. Endemorener finn ein mange stader. Kalhagahaugen var ei slik morene. Etter istida har det laga seg mange urar med skarpe kantete steinar. Den mest interessante må vera Kveura. Ho går frå Tvangen og nedover til eit stykke ovanfor Arthur Bøen sin eigedom.

Fjellet har opna seg etter den siste istida og laga ei sprekke i fjellet, 6 – 7 m breid og nokre hundre meter lang. Ho skal ver 400 m djup. På Bersetno er det eit ½ m tjukt lag med olivinstein. Desse steinane kan du finna nedover Skjervelva. Dei er grøne og mjuke. Ved metamorforse (omdanning) blir dei til kleberstein. Vi har ymse plassar der dei finn kleberstein. Ytst ved Buhellerhamaren ligg klebersteinhola. I Dalsdalen skal det og vere ei. Segna seier at dei braut klebersteinar i denne hola då dei bygde Dalekyrkja i Luster.

Då dei grov fram folkevandringsgarden på Modvo, fann dei ein bjørnliknade kleberstein som vart kalla Modvabjørn. Ei skulejente fann ein amulett forma som ei dobbløks. Denne var og av kleberstein. I ein åker på Skjervo fann dei ein steinring av kleberstein. Steinringen var brukt på ein spinnepinne for å halda farten ved like. I Uvisingaholten er det skiferheller der dei henta heller til tak på husa. Kvar gard hadde rett å bryta heller her. Det finst og smykkesteinar i fjellet ved Hongi. Det var folk i steinalderen i Hafslo. I ei ur på Venjo vart det funne ein kniv laga av leirskifer. I Marifjøra fann fargaren ein flott laga steinhammar med hol til skaftet. Ein pilespiss av flint fann dei i stranda ved Eikum.


Segner

Dei første fastbuande som kom til Hafslo, var tre drapsmenn frå Gudbrandsdalen. Dei slo seg ned der det var lettast å rydja skogen. Dei tre var: Tuss i Lunden, Magne Lio og Aodne Rupheim. Til å byrja med visste dei ikkje om vatnet. Men ein dag forfylgde Tuss ein såra bjørn gjennom den tette urskogen og oppdaga på denne måten vatnet der det var fullt av fisk.


Olav Haraldson den heilage vitja Hafslo som då heitte Fylkesbygda. Ein varm solskinsdag kom han ridande frå Sogndal opp gjennom Gildreskreda til Fylkesbygda. Heit og sveitt var han så han mana vatn å renna framunder ein stein. Dette vatnet var iskaldt og leskande. Dei fleste som drikk av kjelda, legg att ein kross laga av strå, kvistar eller anna materiale, til takk og minne om at dei har leska seg med Sant-Olavs vatn. Ein svalande drikk ein varm sommardag er ein kross verdt.

Sankt Olav heldt fram gjennom skogen, fylgde gamlevegen framom Oklevik og ned Skormegjelet til Solvorn. Her ville han og kvila, men fann ingen stad å binda hesten sin. Han greip då med fingrane inn i harde berget, så det vart så stort hol at han kunne renna hestetygelet gjennom og binda hesten. Dette holet i berget heiter Sankt-Olavgrepet den dag i dag. Rett ned for grepet fekk han fram ei kjelde til å brønne hesten i. Garden heiter Kjelda den dag i dag. Vatnet skal vera helsestyrkande.


Trollet på Odnes var forarga på klokkeklangen frå kyrkja i Solvorn og det same var tilhøve mellom trollet i Solvorn og kyrkja på Odnes. Jutulen på Odnes kasta så ein stein etter kyrkjetårnet i Solvorn, men tok for hardt i, slik at steinen rak seg ned i jorda, rett ned for Bordhaug øvst på Bjørnetun. Han er høg og smal og står tett ved vegen ned til Solvorn. Han er freda.

Trollet i Solvorn var mindre sprekt og steinen landa mellom sjøen og kyrkja. Han skal vera maken til steinen i Solvorn og er å finna mellom sjøen og kyrkja på Odnes.


Bonden på Venjo hadde slik ei pen kone. Futen for kring og dreiv inn skatt, og då han hadde eit godt auga for kvinneleg venleik, måta han det so til at han skulle overnatta på Venjo. Han sa då til drengen medan dei åt til kvelds: «Her skal det bli ei pen enkje på garden i morgon tidleg.» Då drengen likte bonden, fekk han ikkje fred på seg før han fekk fortelja bonden kva futen hadde sagt. Høvet baud seg då bonden måtte ta seg ein tur ut før natta. Bonden fann fram ein stridshammar han hadde og tok med seg i senga. Då alt var stilt, og futen trudde at bonden sov, smaug han seg med sverdet i hand inn i stova til bonden. Men bonden var vaken og stod ferdig med stridshammaren. Futen miste livet og bonden kom for retten. Sjølv om drapet vart gjort i naudverja, vart bonden dømd til å betala 200 dalar i bot. Han var så heldig at han kom over ei gaupe ute på Lio. Denne skaut han. Skinnet hadde akkurat 100 flekker. Han fekk 2 dalar for kvar flekk, og dermed fekk han betala bota.

Stridshammaren på Venjum vart sidan brukt som lækeråd. Av di det var drepe folk med han, trudde folk han hadde undergjerande (lækjande) krefter. Serleg var han glup til lækja svullar. Museumstyrar Vold i Amla fortalde: Drengen til Heiberg var ille plaga av svullar. Han søkte dei dokterar som fanst, men fekk ikkje hjelp. Som siste råd la han hammaren på svullane og dei kvarv. Det seiest at somme svullar kan komma av psykiske plager og i slike høve kan hammaren hjelpa. Han er på Amla museum om nokon skulle få bruk for han.


Kjelen i Kveurda

Då kong Sverre brende Sogndal straks føre slaget ved Fimreite, vart bøndene redde for eignelutane sine. Serleg dei som var laga av gull og sylv. Dei tok den råda at dei samla alt av slike metall og la det i ein koparkjel. Kjelen bar dei opp i Kveurda og gøymde han der. Dei gjorde seg så mykje føre at dei la han ned med triolldom. Den første som kom for å stela kjelen, skulle sjå ein orm liggja samanrulla opp på loket på kjelen. Augo hans skulle vera lysande og skræmande, slik at tjuven skulle falla dø ned. Sverre drog sin veg. Men då bøndene skulle finne att kjelen, var han som sokken i ura. Mange har leita, men ingen har funne.


Då Sverre brende Sogndal kom bøndene rømande med alle dyra sine over fjellet til Hafslo. Store røykskyer steig opp ute i Sogndal. Hafsloingane venta besøk av hærmennene til Sverre. Redde var dei, men dei fann på råd. Dette var om hausten, og på alle åkrar stod kornet på staur. Bøndene kledde alle kornljårne med bukser, trøyer og hattar og i «hendene» hadde dei spyd. Då hærføraren kom bort til Oklevika og såg alle utkledde kornljårne, sa han: Heile Hafslo er fullt av hærfolk så her må me snu! Såleis berga Hafslobygdingane bygda si frå å verta brend.


Ein fut vart så mislika av bøndene at dei organiserte seg for å drepa han. Venteleg har han butt på Hafslo. På eikor vis fekk han auga på bondeflokken og fekk sala hesten og for sidan ridande ut gjennom skogane med bøndene etter. Komen ned Gildreskreda møtte han sogndølene. Han var no omringa og hadde ikkje anna utveg enn å byksa over elva. Han kom ikkje over og elva drog av garde med han ned Helvetesfossen. Oppe på brattaste stupet stod Hillestad-Tore og undrast på kva futen gjorde. Staden der futen hoppa i elva heiter futespranget. Dei meinte han for til ein viss stad, difor fekk fossen namnet sitt.


Ildritjørna ligg i ei myr rett bortanfor Hillestadskaret. Namnet sitt har ho fått av di ei kone som heitte Ildri, drukna seg der. Ho fann ikkje anna utveg då mannen mishandla henne jamt og samt. I myrkje haustnetter kan ein høyra henne skrika, og hermer ein etter henne, kan ho koma subbande over myrane.


I Bjønndalen på Modvo kan ein i myrke haustkveldar høyra sår bernegråt. Far min har høyrt gråten. Dei trur at dei brukte å setja ut born der i heiden tid, og det er samvetet til dei som gjorde dette, ein høyrer. Uburen græt i myrke kveldar der det renn ei grov eller elv.


I Galdestrupen er det ikkje fritt for at folk kvir seg å gå etter det er mørkt. Grunnen er at dei trur det spøker der. Ein mann ville prøve børsa si og skaut mot bergveggen. Kula kom attende og drap han. Du finn ein tjørekross der dette hende.


I Tverrbergshammaren er det innhogge ei teikning lik gavlen på eit hus. Inne i gavlen står innhogne forbokstavane på dei som drukna her. Soga lyder slik: Nokre indrebygdingar var på friing på Strondi ved juletider. Dei køyrde med sluff og hest på isen. Rett utfor Tverrbergshammaren er isen aldri trygg på grunn av straumar i vatnet. Her kom dei køyrande, godt fulle, og gjekk gjennom isen og drukna. Det skulle vere fem eller seks personar. Namna og årstalet veit eg ikkje.


På Myrlende ovanfor Lomheim er der ein steinsett ring omkring 8 m i diameter. Denne ringen bruka dei til holmgang i eldre tid. Var to usamde, gjekk dei på holm. Der bar dei våpen på kvarandre. Den første som vart såra eller vart drepen, hadde urett, for dei meinte at gudane gav sigeren til den som hadde rett.


Rett ovanfor Tvangen mellom 300 – 400 m opp frå selet til Harald Mo er det nokre svaknausar. I ein av dei har steinalderfolket grave holer, somme så store som tallerkar, andre større. Dei meiner desse holene stod i samband med gudstrua. Samlast dei til fest ved jonsoktid og brædde smør i holene til offer for sola? Eller var det andre måtar dei ofra til gudane på, sjå det veit vi ikkje. Liknande holer skal det vera inne i Luster ved Solstrand kafé. Der ein finn slike utgravne holer, er det ikkje helleristingar.


Låvejenta

Ute på Alme hende for mange år sidan ei ulukke. Nokre gutar heldt moro på fylgjande vis: Dei laga seg til med steinar i hendene og læst kasta på nokre jenter som leika seg der. Uheldigvis hekk steinen igjen i handa til den eine guten. I staden for å kasta steinen bak seg, kasta han steinen mot jentene og råka ei av dei i hovudet. Ho for skrikande heimatt, kort tid etter døydde ho. Skriket til den skadde jenta skal dei ha høyrt like til våre dagar, serleg framfor uver og i myrke haustkveldar.


Ombandsnesførkja

I Mo vart ei jente skulda for å ha stole eit garnnyste. Dette tok ho seg så nær av at ho for skrikande rundt vatnet og opp i Skormegjelet, der vegen til Solvorn gjekk då. Ho gjekk seg utover eit stup og drap seg. Framfor uver og rusk høyrde dei skriken hennar mest opp til vår tid.


Luklehaug

Ei jente vart send ut til ein haug og skulle henta inn klede til julaftan frå eit stabbur der var. Ho hadde med seg i mengd med lykelar. Ho kom ikkje att. Ho var borte og ho blei bort. Om våren skulle drengen på garden ut på Luklehaug og hogga ved. Brått høyrde han det rasla i lauvet bak seg. Han snudde seg og der stod jenta. Ho var så pynta med gull og sylv at det lyste av ho. Ho tok så til å fortelja at ho hadde vorte haugteken. Ho hadde gift seg med huldresonen og hadde det godt på alle vis. Ho fortalde og om huldrefamilien, kva dei heitte og kva dei dreiv med. Men, sa ho, no skal vi ut or haugen og ri ein tur. Dersom du legg deg på alle fire og ser bak deg mellom beina, vil du sjå oss. Guten gjorde som jenta sa. Etter ei stund opna haugen seg og jenta og huldremannen kom ridande ut. Han og var tilstasa med gull og sølv, men nasen hans var så lang at han rekte ned på salknappen. Dei to første reid på hestar, men dei som kom etter, reid på tønner, bøtter og andre kjerald.


Ei regle med utgreiing av Kristoffer Alme

Kjos stort: Da va mykje storheit i Kjos før i tida.

Hillestad hundalort: Da sto dårle te med dei.

Sterris skraka: Ein skrake e ei mager høgaksla.

Solvis gapa: Gapne folk pao Solvi.

Nygards stolta: Stolte folk på Nygard.

Haugabolta: Karadn va breie oppe og smalare nedover nett som ein bolt.

Sætre-møda: Mykje møda på Sætre.

Leite føda: Husmann pao Leite maotte fø dei pao Sætre.

Mos havre: Mykje havre i Mo.

Tangs skavre: Heiggmyrsnoen laga snøskvla i Tang.

Kalhaga pønt: Pøntne folk i Kalhagen.

Beims skrømt: Da va dauinga dar.

La låe: Da voks godt graset pao Lad.

Holseto snautt: Da va kje so pao Holseto, svaberg.

Lomheims skraol: Dei va skraolne ao seg dar.

Almes gnaol: Ein gnaol e ein so e tile oppe om morgon.

Venja vaol: Snakka utydele.

Skjervarysadn: Nok ao røys dar.

Båskaknøysadn: Ein knøys e ein liten kar.

Klokkartode: Klokkargaren va i Kvam.

Kvams vodl: Svære vodla i Kvam.

Løkja lurva: Lurvehene i Løkjen.

Tangaskurva: Skurvehedne i Tangen.

Skjervaskjori: Ytste garden på Skjervo har siste ordi, her på jordi.


Vidjer

Vidja er ei slank bjørkegrein som er vridd slik at ho kan gjera teneste som eit band, eit tau eller reip. I eldre tider når dei ikkje hadde streng, reim, hysing eller snøre, bruka dei vidjer. Når dei lauva og laga kjervar, bruka dei vidjer. Å laga ei vidje er ein kunst som  har vorte gløymd.


Talgklut

Når ein har stygg hoste, skal ein ta ein ullklut og smørja han godt med sauetalg. Den pirrande kjensla i brystet vil då verta borte og ein er heila.


Høflegheit

Folk, bygdefolk når dei møter kvarandre, seier sjeldan: god morgon, god dag, god kveld. Ein som ikkje har meir å seia, vert halden for å vera lite pratande. Men treffer du ein bygdemann, seier du: Det er fint ver. Det er ruskever. Karen har teke seg ein tur, osv.


Planter

På Rasmushaugen, Lykkjeplassen og i vassveita til Krabbesaga veks det liljekonval og firblad. Etter Bakkingavegen marikåpe, kjerringrokk, mjødurt, balderbrå, prestkrage, bitter bergknapp og bregner. Ved vegen frå Rasmushaugen til Øygard kattefot, jonsokkoll, blåklokke, tepperot. Etter vegane og på Soget: Turt. I Moane bukkeblad, kantkonval og stemorblomst. På vegen frå Buene til Kyrkja engsoleie, vårpengeurt, engkarse, bekkesoleie og tjørblom. Ved Beimsbana gauksyre. Ved Tverrbergshammaren: maiblom. Ved Hillestadstølen: fjellbjørk, dvergbjørk, molteblomst, fjellmarikåpe. På prestgarden mellom mange artar, også hestehov.


Vegar

Den største trafikken går på hovudvegen frå Heggmyrane, Stolpen, Galden, Osen. Frå Heggmyrane går ein veg gjennom Kreken med sidevegar oppover til Modvo. Frå vegen Haugo, Nygard til Solvi over Mjødmo (Mogrovi). Ein sideveg går utover til Norheim og går over til Sandgotene. Vi går so over til ein veg som fører oss til Lomheim og Alme. Bakkingavegen går ut til Skjervo, så kjem ein skogsveg ut gjennom Skjervaberget. Ein sideveg går oppover til Vetlestølen og Håaseter.

Frå Alme går ein veg til Rupheim, Bersetno, Tvangen, ein sideveg til Håaseter, Fossen. Vegen til Veitestrand går forbi Sentrum etter vatnet til Moane, Soget, Sogelva og vidare langs Veitestrandsvatnet. Ved Vegskilet går ein veg oppover til Heggmyrane, ein sideveg går til Hillestad. Denne tek ein avstikkar over Flatane til Olandersgarden og vegen til Stolpen. Det går og vegar frå Sætre, Bøen forbi Rasmushaugen til Sentrum, frå Lad til Sandgotene, frå Bakkingavegen opp gjennom Beheimsfeltet til Sandgota, frå Skjervo til Klokkargarden, frå Venjo ned skaret til Båsko. Stølsvegen krekingane bruka når dei skulle til Hongi og Skogo, gjekk gjennom Sagotene opp gjennom ein sideveg til Stemmingo, til han kom saman med stølsvegen Alme – Bersetno. Ein ny veg er komen frå Lomheim til nær Bendelbærhaug.

Ein veg går frå hovudvegen gjennom Kjos til Mollandsmarki. Gamlevegen går frå Munthegarden forbi bygdeborga på høge hammaren, futaspranget, Gildreskreda, Olavskjelda, Munthestølen, Fantehelleren, Tvikøyrslebakken, Okleviki, Oklevikbukt oppover riksvegen til stølsvegen til Øvrebøstølen, Galden, Lyngmo, Botn, Gården, Kraftlaget, Olandersgarden, Hillestad, Hillestadskaret, gjennom skogen mellom Sterrishovden og Hillestadmarki, Alfsteigen, Veo, Lambhaug, Melheimsbrekkene, Sauahaugen, Brua ved Bruflåten, Sviggaplassane, Marheim og Marifjøra.


Treslag

I Hafslo veks: osp, bjørk, hegg, or, rogn ,alm, ask, lønn, selje, dvergbjørk, musøyre, vier, einer, lerk, lind, gran, furu.


Frukt

Eple, pærer, moreller, kirsebær, plommer.


Bær

Tyte-, blå-, blokke-, bjørne-, sol-, rips-, jorde-, bringe-, stikkelsbær.


Jordbruksprodukt

Poteter, kål, neper, erter, salat, gulrøter og agurk, tomater.


Slått

Slåtten tek ein til med når graset er utvakse. Reiskapane ein brukar er: rive, orv, ljå, og hesjestaur. Orvet har knaddar til handtak. Ein bind ljåen fast med ei lêrreim, taogi. To bjaksar eller kilar festa lljåen til orvet. I enden har orvet ein dåppsko:  ei hylse av jarn til vern mot slitasje. Ljåen har egg som må brynast med eit bryne. Dette brynet ber ein i ein brynekoll. Med brynet kvesser ein ljåen og set ro på han. Ved visse mellomrom må ein slipa ljåen på slipestein. Då er det om å gjera å få vekk roa slik at roa blir borte og flata fram mot egga på ljåen vert plan.

Sigden vert brukt i kornåker og potetåkeren. Han har eit kort skaft, elles er han lik ljåen.

Ein skjer kornet i buntar: nek ein lagar så til eit band av strå kring neket, ved ein viss vri heng bandet saman. Neka set ein så saman oppover ein staur. Det kallar ein kornrjå. Når ein legg kornet lagvis på låven, kallar ein det ei lo. Ein berjar kornet med ei tust slik at korn og agner fell av. Ein skil ut agner frå kornet ved å kasta det med ei kasteskyffel over låvegolvet. Dei tunge korna fer langt, men dei lette agnene dett ned midt på låvegolvet. Før kornet vart male, turka dei det på turken.

Noko av kornet vart til malt som ein måtte ha skulle ein bryggja øl. Etter lova til Fredrik den tredje skulle kvar bonde bryggja ei tønne øl til jul. Dette skulle vera tjukt rostøl. Venteleg var ølet eit middel til å halda mangelsjukdomar borte. Å laga malt var ein kunst. Kornet måtte vera av det mergtunge slaget. Dei hadde ei regle: 3 dagar i bekken og 3 dagar i sekken. Fyrst la dei sekken med kornet i rennande vatn i 3 dagar, så vart kornet liggjande i sekken i 3 dagar. Det hadde då spirt og kviten i kornet var omdana til malt, ein søt, klissen, klebrige masse. No måtte dei stogga spiringa, og la kornet utover på brett. Laget måtte vera tunt. Bretta sette dei i turken og turka så godt at det vart mørkebrunt. No fyrst kunne det kallast malt. Når du skulle bryggja, gav dei seg god tid. Den største koparkjelen var reinsa og pussa så det skein av han. 3 kjerald vart vaska med einelog. Auser, grue og ved gjorde klare. Kjelen vart fylt med reint vatn. Malten vart slegen oppi saman med humler og einekvistar. Så vart alt kokt. Kor lang tid kokinga varde, var det bryggjemeisteren si sak å avgjerda. Ven.. (?) gjekk på eit skjønn. Smak (?) og tjukkleik var det avgjerande. Det første koket var det beste. Det vart brukt minst av utan ved serlege tilhøve. Det andre var og godt, men det tredje vart bruka til tørstedrikk. Då alt ølet var kome i kjeralda, vart det avkjølt til ein temperatur som vart avgjord av bryggjemeistaren. Han tok av kleda på armen, bøygde armen slik at huda på albogen vart stramma. Stakk so albogen ned i ølet. Kjende han ikkje varme eller kulde, var ølet ferdig å setja(?) ved. Han tok då ein halmkrans (denne kransen hadde han aust på berm frå eit tidlegare brygg) og hadde oppi. Ølet byrja no å gå. Trekjeralda vart godt tildekka så dei skulle halda varmen. Då ølet var utgått, skulle ein ha det på anker eller tønne. Oppskoka kalla ein det. Oppskoka var noko festleg noko. En bad då til seg dei som stod ein nærast, og kvar ein fekk smaka på ølet og taksera det. I tillegg til farge, smak og tjukkleik måtte ein veta kor mykje «kikk» det var i ølet. Kikk = alkohol. Mange vart ør i hovudet. På ein gard her i bygda datt ein kar opp i oppskokekjeraldet. Ølet vart brukt likevel. Tønna vart ikkje spunsa med ein gong. For gjorde ein det, kunne kolsyregassen sprengja tønna og ølet renna ned. I lova til Fredrik 3. står det at kvar husstand skal bryggja visst mange liter øl til jul, elles fekk husbonden straff. Dei hadde ikkje poteter i denne tida, så ølet hjelpte til med vitaminmangelen. C-vitamin. Vart tønna spunsa i rett tid, hadde ein ein leskande, sprudlande frisk drikk i lang tid. Kvar tønne tok 300 l. Det første koket kalla dei rostøl. Det var tjukt, brunt, godsmakande og mettande.


Folkevandringsgarden på Modvo

Modvo kjem frå eit gamalt norsk ord som tyder det same som det engelske ordet «meadow». Inst på Modvo ligg Bondeflat. Her fann dei ei av dei eldste gardstuftene i landet. 400 – 500 år etter Kristus. Sjølve huset var 32 meter langt og 4-5 meter breitt. Dei fann stolpehol med visse mellomrom. Desse stolpane hadde bore taket. På golvet i midten av rommet var det mura opp 2 – 3 gruer. Langs med veggen var det oppmura benker til å sitja eller liggja på. I den eine enden av huset budde folka, og i den andre, dyra. Dei fann tre kol-lag i tufta, så venteleg hadde huset brunne tre gonger. Dei fann mellom anna ein kleberstein forma som ein bjørn. Aud Solvi fann ein kleberstein forma som ei dobbeløks. Denne steinen var så liten at han vart boren i ei snor rundt halsen, ein lukkeamulett. Tett ved garden fann dei ein gravhaug der mann og kone var gravlagde. Kva dei hadde med seg i grava, veit eg ikkje, men venteleg hadde mannen spyd og kona spinnehjul. Då dei tok bort jordlaget i åkeren, fann dei striper etter arden i sandlaget under, fortalde sjefen for utgravinga: Egil Bakka. At det var samband mellom Modvo, Rupheim, Lio og Lunden, viser vegane opp Åsadokka over Kveurdkamben.


Stadnamn

Namna på stader rundt i bygda er eit utømmande tema; her er nokre:

Tverrbergshammaren, Gygrestova, Soget, Gjøhellermyr, Åsen, Lomheimsmyrane, Skåri Skårdalen, Langasvad, Simosæter, Movi, Turrli, Nås, Buhellervika, Kalvskinnet, Svinakleiv, Asjavika, Breivika, Hola, Yngsdalen, Osphola, Sundalholmane, Moskåri, Toskemarki, Moholene, Straumvatnet, Tverrbergsvatnet, Purka, Galten, Kunta, Thorsskjer, Boskauri, Boskanovi, Moaholtane, Straumholmen, Dritaren, Moane, Løkjen, Tvangen, Kvam, Bremerøygarden, Skashammar, Lio, Lunden, Byte, Rupheim, Skjervaberget, Vetlestølen, Nasabora, Straumen, Lamannshaug, Bremer, Klokkargarde Skuledalen, Bruabakken, Skjervo, Kvitli, Bakken, Skjori, Fossane, Eiggjeteigen, Skjervelva, Stretesvingen, Streta, Tjorna, Gruvlet, Kvernhusteigen, Hagen (?), Galten, Myrlendene, Stemingo, Gullhaug, Lomheim, Katten, Alme, Venjo, Båsko, Holseto, Lad, Ospesete, Stein, Kongsekro, Prestgarden, Tutla, Grøt, Kalhagen, Beim, Storebakken, Sangotene, Bendelberk(?), Luklehaug, Tvangen, Kveurda, Kveurdkammen, Blåkovnipa, Bersetno, Bersetnasvelgane, Holabakkane, Kommentjørna, Håasete, Vetlestølen, Torvmyrane, Hallrun, Tjødnmyrane, Kyrkja, Skogo, Fossen, Foossahamrane, Uvisingane, Uvisigaholten, Høgaleinene, Sortedikje, Kvalrygg, Dalsdalen, Tang, Fonkebakken, Haustårane, Andåkeren, Mogrovi, Mo, Torpehaugen, Hundahaug, Lagehaugen, Moløkjen, Nørihaugen, Modal, Flatane, Tjødnah(?), Krabben, Uri, Kåret, Holet, Nondalane, Øygarden, Bøen, Rasmushaugen, Lykkjehaugen, Fluga, Krabben, Vegeskjelet, Kongariket, Brannmyr, Flatane, Monsahaugen, Uri, Rusti, Stengarden, Olandersgarden og Flugedalen. Krabbebakken, Stampa, Sterri, Sterrishovden, Sterrishaugen, Solvi, Mjødmo, Hamragåta, Sva, Nygard, Heggmyrane, Modvo, Bondeflat, Tre, Bjønndal, Bjønn(?), Åsadokka, Hillestad, Hillestadskaret, Skormagjelet, Botn, Bøttestein, Hesten, Galden, Kadlastein, Osen, Hjorteva, Gangstå, Valagardane, Oklevik, Oklevikbukti, Kvamshaugen, Klokkarteigen, Fantehilleren, Gildreskreda, Hallingahaugen, Bøen, Dølo, Holet, Sætre, Rinden, Øygard, Røyshaug, Luklehaug, Bendelbærhaug, Stemmingo, Katten, Tvangen, Kveura, Kveurkamben, Mølsesprang, Bersetnosvelgane, Rupheim, Lio, Lunden, Oklevik, Kjos, Hillestad, Sterri, Solvi, Nygard, Haugo, Sætre, Leite, Mo, Øygard, Tang, Kalhagen, Beim, Klokkestein, Lad, Holseto, Tutla, Alme, Gruvlet, Kvernteigen, Lomheim, Myrlendene, Røysekren, Venjum, Venjaskaret, Streta, Tjødni, Skjervo, Bosko, Stein, Ospesete, Kongekra, Kvam, Tangen, Stuttholmen, Langholmen, Buforkleiv, Garva, Haukaberg, Krosshaug, Svihaug, Sandgotene, Bruabakken, Skjervaskjori, Grøt.