Hopprenn i Blombakken – var som eit Holmenkollrenn

Av Torodd Joranger

(Første gong presentert i Bjønnaposten 2003.)

– Det var ein stor dag og stor stas når det var hopprenn i Blombakken. Det næraste me kan klare å finne noko å samanlikne dette rennet med er Holmenkollrenna. Folk kom fartandes langvegs frå for å sjå på dette eineståande rennet som vart arrangert i påska her oppe på Mollandsmarki i regi av Hafslo skilag. Det kom tilskodarar frå tidleg morgon frå både Veitastrond og Jostedal, ja, mykje lenger inne frå fjorden også. Somme kom gåandes, med eller utan ski, og somme køyrde med hest. Hopp- og skisporten hadde si glanstid i grendene våre den gongen, og interessa blant bygdefolket for å sjå på var like stor.

Det er Erik Bathen og Lars Sie som samstemt fortel dette til Bjønnaposten ein strålandes mild og fin søndag midt i november i år. Sola står blank på himmelen denne føremiddagen, men klarar ikkje å få solstrålane til å vri seg i den rette vinkelen for å lyse opp glenna i skogen der den legendariske hoppbakken låg. Ein bakke som hadde si glanstid nokre år før, og nokre år etter krigen. Stillaset er borte, men glenna i skogen er der, der unnarennet var, takka vere nokre ungdommar på Marki som for nokre år sidan rydda bort krattet som hadde vakse opp. Ungdommane ville gjere dette for at minna etter denne bakken skulle vere synlege i terrenget enno i mange år, ikkje berre minnast bakken i hugen vår.

For minna er mange, både for dei som deltok og enno lever, og ikkje minst frå dei som var der og såg på. Dei var ungar og ungdomar den gongen, men er godt vaksne no, dei som stod kransa rundt bakken, nede på sletta ved Bathatjødni, eller stod i bakkehallet midt imot og såg det eine flotte hoppet finare enn det andre. Her såg dei mellom mange den eminente hafslohopparen Torodd Sterri som seinare også deltok i Holmenkollen, og her såg dei stilhopparen «Olemann», Ola Elveseth som sette bakkerekorden på 54 meter palmesundag i 1945.

Erik Bathen og Lars Sie
Både Erik Bathen (t.v.) og Lars Sie har opplevd Holmenkollstemninga når det var hopprenn i Blombakken.

Men hoppet som dei fleste som såg på hugsar med skrekk og gru, er nok hoppet til Olav T. Haug frå Årdal. – Han besvimte i lufta, og slo seg medvitlaus då han landa. Tilskodarane stod som lamma då han vart boren bort på båre, er versjonen som har gått folk imellom etterpå. Olav T. Haug lever i beste velgåande i Årdal, og du kan annan stad i bladet her lese kva han sjølv har å fortelje om dette hoppet.

Kr. Nitter Bathen opphavsmann til bakken
– Det var Kristoffer Nitter Bathen som var opphavsmann til denne bakken, fortel Erik Bathen som no er eigar der unnarennet ligg. Kristoffer var svært sportsinteressert, og tykte at borte i hallet her – der det vaks så mykje blome – måtte vere ein fin plass å bygge ein staseleg hoppbakke, og med Bathatjødni og myra nedanfor som slette. Her var det alltid godt med snø, og det ville aldri bli problem med snøforholda når det skulle arrangerast renn.

Kristoffer tok kontakt med formannen i Hafslo skilag, Aamund Bremer, som var ei eldsjel og ein driftig kar i skilaget, held Lars Sie fram. Dette var i 1932. Aamund var ein administrator av dei sjeldne, han tende på ideen, og saman med Ola Nygård gjekk dei rundt til grunneigarane her oppe og fekk skriftleg løyve til å bruke området. Samstundes fekk dei også løyve til å setje opp ei skihytte.

Bakken hadde ikkje noko naturleg ovarenn, så her måtte det byggjast stillas. Det var Per Molland som var grunneigar der stillaset skulle plasserast, og det vart inngått avtale med Per om ei årleg leige på ti kroner. Ti kroner skulle også Kristoffer få for leige av unnarennet. Avtalen galdt kun bruk av området vinterstid.

Bakken og skihytta bygd samstundes
Det var snikkarane Nils Lomheim og Hans Nes som stod for bygginga av både stillaset og skihytta som vart bygd samstundes. Modlendingane og hafslobygdingane var flinke til å hjelpe til. Lars hugsar godt at han saman med andre modlendingar var med å køyre tømmer med hest vinterstid frå Hillestadmarki, frå skogateigen til han Nils Hillestad.

Skihytta hadde skodder for vindaugo for at snøen ikkje skulle presse dei inn. Kjenner nokon damene i
framgrunnen? Biletet er teke like etter krigen.

Innvigingsfesten for skihytta var hausten 1934, då hadde dei også fått opp stillaset. Første hopprennet vart arrangert i 1935, det siste i 1947. Under krigen vart det ikkje arrangert noko offisielle renn.

Eitt år hugsar eg det var tre gjestehopparar frå Austlandet med. Dei stilte i eigen klasse, og var nok eit hakk betre enn våre løparar. Men dei var med å gi treningstips, inspirasjon og motivasjon til løparane våre, slik at dei også skulle endå betre.

Her hjå oss var det nok Torodd Sterri som var mellom dei fremste hopparane. Han deltok også i Holmenkollrennet. «Eit småpent hopp», hugsar Lars radioreportaren sa om hoppet til Torodd.

Torodd Sterri hoppar i Holmenkollrennet

Kristoffer var æresgjest
Det seiest at renna i Blombakken ikkje kunne starte før Kristoffer var komen på plass på dommartribuna. Kristoffer gjekk med heimelaga bjørkeski og sjølvlaga stavar med eine- eller heggtrinse. Frå dommartribuna hadde Kristoffer den beste tilskodarplassen, og kunne med glede sjå at ideen hans hadde bore frukter, og såg dei unge hopparane setje utfor denne spesielle bakken som seiest å vere mellom dei aller brattaste som fanst.

Første skirennet som eg kan hugse vart arrangert på Marki var i 1933, fortel Lars. Då var hopprennet i Hillstadbakken. Kombinert var ei paradegrein den gongen, og arrangementet vara i to dagar: Den eine dagen langrenn, den andre dagen hoppa dei. Langrennet i 1933 hadde start og mål ved husa til Per Molland, der Harald no bur, slik at løparane hadde ein stad å koma seg inn.

Hytta nytta til skulehus
Lars hugsar også at under krigen vart skihytta brukt to vintrar som skulehus for modlendingane, men dei som gjekk der desse åra fraus mest i hel. Dette var likevel einaste måten å halda skulen i gang, sidan det var ingen her oppe som ville leige ut stovene sine til skule desse åra. Eige skulehus vart ikkje bygd før i 1952, og før den tid vart det leigt rom kringom i grenda her.

Mollandsmarki unngjekk bombing ved eit naudskrik
Men det som er lite kjent, trur Lars, er at under krigen vart hytta ei tid nytta av motstandsrørsla. Her hadde dei rigga opp radioutstyr; sendar- og mottakarutstyr for å ha samband med England. Det var folk her frå Molland som var med å køyre opp utstyret som var kome til Fruli, her nede ved riksvegen. Dei var sjølvsagt redde for å hjelpe til, konsekvensane for dei kunne bli store om det vart oppdaga.

Og oppdaga vart det – at det føregjekk noko spesielt i hytta. Dei som heldt til der måtte etter ei kort tid rømma i hu og hast, og det var like før Mollandsmarki hadde vorte bomba sønder og saman, trur Lars.

Stortida for hopp og langrenn
Før krigen var det lite med arbeid, og folk hadde tid til å vere med å ta eit ekstra tak. Deltakinga under dugnadsarbeidet var stort. God tid til å drive sporten var det også. Deltakartalet var stort og det same var publikumstalet. Etter krigen vart det meir arbeid å få, oppattbygginga etter krigen starta og Verket i Årdal hadde trong for mykje folk. Ungdommen flytte ut – til ulike deler av landet, og stortida som for hopp og langrenn avtok litt etter litt. Det vart færre til å halde anlegga vedlike, og smått om senn overtok naturen det meste. Skihytta står der den dag i dag, men er ikkje i bruk. Stillaset er heilt borte. No er det berre glenna i skogen som synleg minner om stortida til Blombakken – for den som enno hugsar og veit …..

Flott samling av skihopparar, men kven er med på biletet? Det som er sikkert at han med nr. 4 på brystet er Torodd Sterri. Nr. 20 er Per Berglie frå Kaupanger. Dersom nokon kjenner dei andre, eller kjenner nokon av dei, er Bjønnaposten interessert i å få desse namna slik at vi i i neste julenummer kunne presentere biletet på nytt med namn. Det er og litt uvisst om dette biletet er teke i Blombakken, sjølv om mange vi har snakka med hevdar det. Er det nokon som kjenner seg att?

Ola Elveseth – stilhopparen med bakkerekorden i Blombakken

– Dei beste minna eg sit att med frå hoppkarriera mi er den gode kameratskapen det var mellom utøvarane. Hoppsporten var den store paradegreina på Hafslo den gongen, sjølv om det også var fleire som gjekk langrenn. Og nokon gjorde begge deler, slik som Anders Nyseth som var svært god i begge greinene. I  1946 vann vi på Hafslo ein vandrepokal i hopp som var oppsett til det beste tremannslaget. På dette laget deltok Torodd Sterri, Anders Nyseth og eg. 

Det er den snart 80 år gamle Ola Elveseth som fortel dette til Bjønnaposten på telefonen frå Sunndalsøra, og han blir meir og meir ivrig etter kvart som minna kjem fram. Bjønnaposten vil så gjerne vita om han kjenner til Blombakken, og vil vita litt om hoppmiljøet i bygdene her på den tida han dreiv som aktiv. Det syner seg snart at vi kunne ikkje ha treft på ein rettare mann å spørje:

– Ja, Blombakken kjenner eg godt. Der vann eg seniorklassen i 1945 med ny bakkerekord på 54 meter. Denne rekorden står den dag i dag, og dette vart markert seinast i fjor då eg mottok eit flott diplom frå Arne Scheie i NRK-sporten og presidenten i Norges Skiforbund, Sverre Seeberg. Året etter, i 1946, vann eg premien for dagens stiligaste hopp i same bakken. Blombakken var ein flott bakke, men han var nok truleg den brattaste som var i distriktet her.

Barndomen på Hafslo

Ola vart fødd i 1924 og voks opp saman med dei to systrene sine, Anne og Jenny, på Hafslo. Då foreldra, Knut og Martha Johannesdotter Moe, kjøpte eigedomen Elveseth, på folkemunne kalla Krabben, skifte han etternamnet til Elveseth. 

På Hafslo var det alltid snørike vintrar og det var difor gode forhold for å drive skiidrett, og Hafslo skilag hadde svært mange aktive utøvarar både i hopp og langrenn. Ola starta den aktive hoppkarriera si som junior rundt 1938, og heldt på til han flytte til Odda i 1946 då han tok arbeid ved aluminiumsverket. Først ved Norsk Nitride der han jobba i verkstadhallane i Tyssedal, og eit par år etter var han med å modernisere aluminiumsverket Kjøde & Kjøde, der han var til 1953 då han byrja hjå Årdal og Sunndal Verk på Sunndalsøra. Her jobba han som verktøyreparatør til han gjekk av med pensjon i juni 1988.  På Sunndalsøra  leigde han eit rekkehusvære til 152 kroner i månaden. Tidleg på 1970-talet fekk han kjøpe husværet for 25.000 kroner, og har difor alle desse åra budd i Auragata 26 d.

Kjem alltid tilbake til sitt kjære Hafslo

Sjølv om Ola flytte ut, gløymde han aldri Hafslo. Kvart år gjekk det turar tilbake til Hafslo, og dei tre ferievekene sine vart nytta her. Her fann han også kona si. Ola gifte seg med Kari Holen i Hafslo kyrkje i 1952. Etter kvart kom dei tre borna til verda: Kjell Peder, Anne Marie og Vigdis. No har dei også fått seks barnebarn, og ventar sitt første oldebarn.

Etter kvart som borna vaks til, har meir og meir av tida til Ola og Kari vorte nytta på Hafslo. Den sterke tilknytinga til bygda her har også prega borna deira etter dei vart vaksne; også dei må alltid nytte noko av ferien sin på Hafslo. Dei første åra heldt dei til hjå faren, Knut, i Krabben, og framme i Håla der Kari kom frå. Men i 1992 byrja dei å bygge si eiga hytte på Hålaneset, ikkje så langt frå Kari sin fødestad, og dei selde huset på Hafslo i 1997. 

Når det nærmar seg midten av mai, blir Ola svært utolmodig. Då startar han opp bilen, tek Kari med, og vender snuten sørvestover til hytta. Snuten vender først heimover til Sunndalsøra første veka i september.

Sette sitt preg på hoppmiljøet på Hafslo

Då Hafslo idrettslag markerte 50-årsjubileet sitt i 1984, gav dei ut eit jubileumshefte med glimt frå idretten på Hafslo desse år. Det vart då gjort eit intervju med Ola, og Ola har ikkje noko imot at vi tek med det han sa i dette intervjuet.

– Du er ein av dei som under karriera di sette preg på hoppinga på Hafslo. Korleis starta du som hoppar?

– Eg var saman med dei andre ungane og hoppa på ski på alle mogelege stader. Det vart hoppa mykje over murar og røyser, og stadig nye plassar vart prøvde – det var utfordring i dette. Me hadde mykje moro, og særleg var det artig i måneskinnet om kveldane.

Skiutstyret måtte tinast framfor omnen

– Kva med utstyret?

– Det var lite med ski. Vi lånte hjå kvarandre mange gonger. Skoa var hudsko. Til å festa ski og sko vart det nytta snøre, så når dagen var slutt, måtte vi leggja oss framfor omnen med fullt utstyr og venta til det var opptina før vi kunne få ski og sko av igjen.

– Når fekk du første hopputstyret?

– Han Lykje-Nils arbeidde hoppskia. Det var ei ski av osp og ei av furu. Fekk kjøpt klemmebinding av griseler hjå Emma Ugulen (Kjos) i 1935. Skia hadde dårleg spenn, og resa retta seg ut etter kvart. Slo såleis ein spikar i kvar ski, og ved å bitte eit snøre om tuppen på skiresa og til spikaren, heldt dei seg nokolunde.

– Når vart det betre utstyr?

– Under krigen fekk eg kjøpt nye hoppski av ein som arbeidde på Årøytunnelen/kraftverket for 100 kroner. Det var Hickory ski av Birger Ruud type. Svært gode ski, godt spenn og god glid. Desse skia nytta eg også medan eg var i Odda og på Sunndalsøra, siste gongen var då eg tok ein 2. plass på Sunndalsøra i 1954.

– Spesielle prestasjonar du minnest?

– Ja, det var då eg sette bakkerekord i Blombakken med 54 meter under det illegale rennet i påsken 1945. Den gongen var det med hopparar heilt frå Høyanger, og Aamund Bremer og 0lav Ugulen var dommarar. På grunn av skarpt føre fekk vi redusert fart i 1. omgang. Dette lika vi ikkje, og i 2. omgang fekk vi toppfart etter harde diskusjonar med dommarane. Resultatet vart altså bakkerekord for meg.

Ola sveva høgt i Blombakken.

Hoppa i Blombakken som 13-åring

Første gongen eg hoppa i Blombakken, var som 13-åring. Det var etter eit skirenn (skulerenn) at lærarane (Bjelland og Sønnesyn) spurde om eg ville gjera eit hopp i Blombakken også. Bakken vart trakka, og eg hoppa. Den gongen hoppa truleg han Torodd også.

– Korleis var reisene og økonomien?

– Pengar hadde vi ikkje, men folk var svært gjestfrie. Skilaget hadde litt pengar til reisene, men også der var det smått. Kan nemna at då vi var i Høyanger på distriktsrenn i 1946, budde vi ei heil veke hjå private, for det var fylkesrenn i Førde helga etter, og vi hadde ikkje pengar til å reisa heim for i mellomtida. Folk ville då også gjerne at vi skulle bli, det var hafslobygdingar som arbeidde i fabrikken i Høyanger og hadde relativt god råd.

– Korleis var det med trenarar og treningsopplegg?

– Like før krigen fekk Aamund Bremer hit Håkon Mundal, Fjærland/Bærum, som trenar/instruktør i 14 dagar. Dette var eit flott tilbod og eit stort aktivum for dei 20-30 ungdommane som var med og hoppa den gongen. Elles var det mykje opp til oss sjølve. Dommarane og andre leiarar i laget peika på at svevet og nedslaget skulle vera slik og slik. Dette utan å kjenna til kva som var løyndommen bak eit godt skihopp. Eg fekk ein gong tilbod om å reisa på Austlandet på treningsleir, men det hadde eg ikkje økonomi til.

Hopparar ved skihytta på Mollandsmarki. Nummer tre frå venstre står Ola Elveset. Er det nokon som kjenner dei andre på biletet?

Godt miljø og gode vener

– Spesielle inntrykk du sitt att med etter denne tida, og som enno opptek deg?

– For det første var det eit godt miljø, og vi var gode vener. Men det var også fantastisk kor mykje tid vi kunne ofra og alt vi fekk vere med på av den grunn. Kva eit einaste renn kunne krevja, forklarar t.d. då hoppet i Blombakken datt ned rett etter krigen: Det tok oss då omlag ei veke å få bygt opp hoppet av snø. Når så renndagen kom, var det først prøvehopp, deretter konkurransehoppinga, og til slutt 3 hopp i kombinert. Dessutan lånte Torvald Solheim hoppskia mine slik at vi byttes og venta på kvarandre. Så måtte vi sjølvsagt gå til og frå Mollandsmarka.

–  Kva hoppbakkar hugsar du best?

– Her på Hafslo vil eg nemna Torpehalli, Lykja, Hillestadbakken, Hagabakken, Blombakken, og Lykja på Mollandsmarka.

Frå andre stader eg var kan eg nemna Immesdalen i Sogndal, ved Sanatoriet i Luster, Myrdal, Høyanger, Årdal, Førde, Fjærland og Hermansverk.

La ikkje hoppskia heilt på hylla

Etter Ola flytte til Sunndalen, vart det mindre med hoppinga, men nokre renn vart det, og nemner m.a. at han vart nr. 2 i Melekollen i 1955. Den gongen var premane teskeier i sølv, medan det var pokalar og diplom då han starta hoppkarriera si.   

Han har også ei litt artig hopphistorie å fortelje frå nyare tid, om då han og familien ein fin påskesøndag i midten 1960 skulle på ein liten skitur i Jordalsgrenda. Ingen av familien visste at det nett den dagen vart arrangert eit lokalt skirenn, med konkurranse i hopp, langrenn og slalåm. Ola vart utfordra til å delta på det såkalla «Gubbarennet». Ola hoppa på turskia sine, og vann 1. premien, eit flott verktøysett!

Siste hoppet

Siste hoppet gjorde Ola i ein alder av over 70 år. Det var på ein familietur i ein nærliggjande dal som heiter Grødalen. Hoppet vart utført med den gamle hoppstilen, men nedslaget resulterte i eit stygt fall. 

– Etter dette hoppet kan du trygt seia at hoppkarriera mi vart lagt på hylla, avsluttar den legendariske stilhopparen frå Hafslo som framleis vert hugsa av mange, og som vil gå inn i hopphistoria her i Sogn som ein av dei aller, aller fremste…

Held seg framleis i form

Sjølv om hoppskiene er lagde bort er Ola framleis oppteken av å halde seg i god form ved å gå turar – uansett ver – i lag med Kari. Turane kan ta eit par timar: Lange turar om føremiddagen og kortare turar om ettermiddagen. Så folket på Sunndalsøra er godt vande med å sjå Kari og Ola ute på tur. Og same synet møtte nokre kjenningar frå Sunndalen då dei kom på besøk til Hafslo. Kven andre møtte dei gåandes her nede også: Jau, Kari og Ola!

Då som no må ein vel rekna med at idrettsidola vart omsverma av det andre kjønn. Desse to damene var nok mellom dei heldige som fekk posere i lag med Ola Elveseth (t.h.) og Torodd Sterri under stillaset til Blombakken.

Olav T. Haug – hopparen som slo seg  i svime i Blombakken

Det er sikkert mange som hugsa det spesielle hoppet mitt i Blombakken påska 1948, eit hopp som enda med eit stygt fall. Det gjekk nok eit støkk gjennom dei som såg på då eg vart boren ut av bakken på båre med sterk hjerneristing, fortel 75-årige Olav T. Haug som er busett i Årdal til Bjønnaposten.

Og det var ikkje bakken som var skuld i det som skjedde, det var nok mi eiga skuld, held Olav fram. Eg var nok for dristig i svevet med den stilen som då vart brukt. Eg slo ikkje bakover då eg kom fram på tuppa. Hadde eg gjort det, kunne fallet vore unngått.

Eg utvita då eg fall og slo på meg ein sterk hjerneristing, og fekk eit kutt under nasen og blodet rann. Eg var medvitslaus i 20 minuttar, og eg måtte sy sju sting under nasen der eg har eit arr den dag i dag. Bra var det også at dr. Huus var mellom tilskodarane, han og andre kom til og hjelpte meg. Han som vann dette påskerennet trur eg måtte vera Odd Jansen frå Kongsberg som var lærar på yrkesskulen i Kinsedal på den tida.

Me var mange hopparar frå Årdal som var med på dette påskerennet, og me hadde trena i mange dagar i Brendhaugbakken i Fardalen før me reiste. Men eg sette nok støkk i gjengen med hoppinga mi! 

Vann eit flaumlysrenn i Hillestadbakken

Haug kan elles fortelja at han hoppa fleire gonger i Hillestadbakken, og vann eit av flaumlysrenna der. I Blombakken hoppa han tre gonger som junior, siste gongen med utfallet som han har fortalt om ovanfor.

På den tida var hoppsporten i Årdal langt framme, og mange var med, medan det i dag er heilt stille. Bakkane her i Årdal har ikkje vore i bruk på mange år som sikkert skuldast fleire ting: Skianlegget vart flytta lenger inn i dalen, og bakkane vart ikkje haldne i stand. Det var og store vanskar med elvi, og så kom vegen inn over dalen i 1957. Det vart brøytt med snøplog som gjorde det vanskeleg å hoppe, avsluttar Olav T. Haug.

Kombinertløparen Anders Nyseth

På biletet her under stillaset i Blombakken står Anders Nyseth heilt til høgre. Vidare mot venstre står Martin Hauge (1911 – 2001), Torodd Sterri (1924 – 1981) og Ola Elveseth. Martin Hauge var også ei eldsjel i hoppbakken, og var aktiv svært lenge.

Anders Nyseth (83) (heilt til høgre) har også svært gode minne frå tida som aktiv utøvar på 1930 og 40-talet, og han konkurrerte både i kombinert og hopp. Tre-mannslaget frå Hafslo med Torodd, Ola og Anders var alltid langt framme i konkurransen om å vere beste hopplag. Anders hadde kanskje sin beste enkeltprestasjon i 1946 då han vart Sognemeistar i kombinert, men elles var nok namnet hans å finne langt oppe på premielistene

– I mi tid hugsar eg at det var fjærlendingane som var dei største konkurrentane våre, og det rare var at vi sjeldan var best på heimebane. Vi var best når vi t.d. var i Fjærland, og fjærlendingane var best når dei var her.