Lustringen Erik Melheim med i «Kampen om Narvik».

Skrive av Kristoffer Melheim

I boka «Kampen om Narvik» fortel Asbjørn Jaklin om kampane dag for dag dei 62 desperate dagane dei tapre norske styrkane forsvara seg mot tyske soldatar, som dei til slutt hadde i kne. På dag 3 finn eg noko interessant for då kjem brått ein slektning frå Hafslo inn i historia. Jaklin skriv: «På Bones fikk Halldis besøk av en norsk patrulje på elleve mann ledet av fenrk Erik Melheim frå Luster i Sogn, som var sjef for radioavdelingen i 6. sambandskompani. Melheim og hans menn hadde vært inne til nøytralitetsvakt siden januar. De brakte med seg en radiostasjon og skikjelker på en lastebil. Oppdraget deres var å frakte sambandsutstyret over fjellet til de isolerte norske avdelingene på Bjørnefjell. Et forsøk på å frakte en telegrafist og en radiostasjon med fly frå Bardufos shadde mislyktes.»

Radioutstyret kom fram, mykje takka vere at Halldis Bones og to andre kvinner på eit par timar sydde kvite kamuflasjedrakter til alle mann. Det var nok inga overflod av materielle ting på desse bruka. Likevel ofra dei både laken og brudekjølar for at Erik og gruppa hans skulle overleve, noko aldri Erik gløymde. Kamuflasjedraktene kom til nytte for på den strabasiøse turen var tyske fly over dei fleire gonger.

Det er berre denne eine dagen fenrik Erik Melheim har fått omtale i boka. Og det gjorde meg interessert i å finne ut meir om Erik Melheim, både som person, hans militære karriere og  hans innsats dei andre 61 dagane.

Om personen kan kort forteljast. Han vart fødd utanfor ekteskap på Melheim i 1906. Mora var Maria Jensdotter Melheim, søster til bestefar min Kristoffer, faren var Anders Molland frå Gaupne. Erik var klar over opphavet sitt og i bygdeboka står det Erik Andersson Melheim. Mora reiste eit par år seinare til Romsdalen og vart gift med Knut Rydjord.   

Mykje meir var det ikkje å finna om han i bygdeboka og leksika, men litt visste eg frå det far og andre slektnigar har fortalt. Kontakt med eit par historieprofessorar gav heller ikkje så mykje meir informasjon, men i notene i boka  viser Jaklin til at Erik Melheim har skrive eit erindringsnotat  «Optægnelser 1909-1999» og som forfattaren har fått låne av dottera Sigrun Børset. Eg tok kontakt med Sigrun, og fortalde om interessa mi for å få vita meir om faren Erik. Ho hadde eitt eksemplar av erindringsnotatet igjen, og det ville ho gjerne senda til Sogn, og nokre dagar seinare kom det i posten.  Det er ei bok på 132 sider og fortel om eit opplevelelsesrikt og langt liv frå  det første han hugsa om barneåra på Melheim til han døydde i Hegra nær 94 år gammal, og var åndsfrisk til det siste.

Erik fortel at han vart buande på Melheim hjå bestefaren, som er min oldefar, 3 år etter at mora flytte til Romsdalen. Det var tantene Bertha og Elisabeth, dei to yngste søstrene til mora Maria som tok seg av han. Tre år etter at mora drog til Romsdalen dukka ein norskamerikansk slektning opp på Melheim. Og han tok med seg Erik med tante Bertha til følgje til Romsdalen. Den lange reisa med båt til Bergen, Hurtigruta til  Molde og lokalbåt til Åfarnes i Romsdalen gjorde eit sterkt inntrykk. Framkommen var han glad for at tente Bertha var med, for han kjende ikkje mora igjen. På Åfarnes fekk han ein god oppvekst med mange søsken og søskenbarn. Skulegangen var på ein to-delt skule med eitt klasserom, 14 dagar skule og 14 dagar fri. Fridagane vart nytta til leik, men han laut også tidleg ta del i gardsarbeidet og fiske.

Etter konfirmasjonen tok han seg arbeid på gardane i nærområdet, men han skriv at han såg tidleg at det var lite å basere framtida på. Av skjerven frå det faderlege opphav sto det tilstrekkeleg på konto til billett til Amerika. Imidlertid  var han lysten på å skaffa seg utdanning her til lands, og tanken på å gå befalsskule melde seg tidleg. Han vart først teken opp som elev i Trondheim, men vart  saman med 5 andre av  befalslegen (utan grunngjeving) send heim etter 14 dagar.  Året etter vart han teken opp ved ing.våpen,off.skole i Oslo. Det var 700 som søkte, 100 kalla inn til opptaksprøve og 25 vart tekne opp og 16 som fullførde. 

Skulen varde nesten 5 år, og han fortel om små løyvingar til forsvaret, lite og dårleg mat og streng disiplin. Men han fekk også med seg ei rekkje minnerike opplevingar som då befalselevane fekk stå vakt på Slottsplassen ved bryllapet til kronprins Olav våren 1929.

Sjølv med gjennomført befalsskule, var utsiktene for fast tilsetjing i forsvaret små. Det var depresjon og stor arbeidsløyse i landet. Han reiste difor tilbake til Romsdalen og tilfeldige jobbar, og fekk etter kvart vikariat som sersjant på Elvegårdsmoen ved Narvik. Seinare vart han beordra til eitt år som elev på Festningsartilleriets  radioskule på Oskarsborg. Framleis fekk han i fleire år berre korte engasjement i forsvaret, helst som instruktør på befalsskular.  I 1936 gifte han seg med Inga. Bryllaupsbilete, der Erik stiller i uniform, har fått ei heil side i  boka: Kampen om Narvik.

«Kampen om Narvik»: - Norske kvinner donerte brudekjolene sine til soldatene

Åra 1937-39 var han mesteparten av tida engasjert i ulike oppgåver i militæret. I 1939 vart også første jenta deira  Sigrun fødd. Han var då i teneste og fekk først sjå ho  etter 2-3 mnd.

Frå 1/12 1939 han fekk fast stilling ved Hålogaland Ingeniørbataljon. Hans første teneste var som radioavdelingssjef ved 6. Brigade. Avdelinga talde 40 mann og 8 hestar. Dei skulle ha dimmitert i slutten av mars, men situasjonen i verda tilspissa seg, og dimminga vart utsett. Kompaniet var difor i full beredskap då dei var vekte natt til 9.april med beskjed om å rykke ut på kort varsel. Erik skriv at sidan kampane er omtalt i fleire krigshistoriske verk, er hans vidare beskrivingar avgrensa til enkelte episodar han sjølv var ned i. Ein av episodane, er den som Jaklin har teke med dag 3, og som er sitert i innleiinga til artikkelen. Erik er beskjeden i omtale av eigen innsats. Han fortel om nokre dramatiske kampar og kritiske situasjonar dei to månadane kampane varde. Kompaniet hans vart utsett for fleire tyske bombeangrep, der både hestar og telt vart trefte, men ingen i hans kompani vart alvoleg skadde. Erik nemner såvidt at det var norsk befal som var nazivennlege av redsle for bolsjevismen. Jaklin skriv derimot direkte direkte at forsvarssjefen i Narvik/Ofoten, oberst Sundlo, var ein forrædar som overgav Narvik utan kamp, og let tyskarane overta heile hærens sin militære mobiliseringsplass på Elvegårdsmoen utan motstand. På den måte fekk tyskarane tak i norsk militærmateriell og uniformer til bruk i kampane. At tyskarane kunne bruke norske uniformer var særleg farleg, for då kunne ein ikkje sjå kven som var fiendar.

Likevel kan Erik avsutta dei 62 dagane slik: «Kampene nærmet seg nå en avgjørelse. Narvik var befridd og tyskerne var drevet helt inn mot svenskegrensen. Men før de norske og allierte styrkene fikk sette inn det avgjørende angrep, ble kampene avblåst til stor skuffelse for både befal og menige. To måneders spenning og strabaser var forbi.»

Dei same vurderingane og konklusjonane har Jaklin. Dei norske styrkane hadde fått tyskarne inneklemt mot svenskegrensa og var klar til å setja inn det siste og avgjerande angrepet, då det vart innleia forhandlingar med tyskarane. Då det vart kjent at dei allierte hadde bestemt at kampane skulle avsluttast, var bitterheita blant norske soldatar og befal stor, og dei lurte på kva dei hadde kjempa for. Var vesle Noreg berre ei brikke i stormaktene sitt spel om verdsherredøme.

No vart både soldatar og befal sende heim, og Erik for til familien i Romsdalen. Han skriv sjølv at han hadde ingen andre merke etter krigshandlingane enn at han var særdeles slank noko uregelmessige måltider, lite søvn og spenning fekk ta skulda for. Erik fekk så tre rolege krigsår heime i Romsdalen med familien, før livet tok ei dramatisk vending i august 1943. Då vart alle norske offiserar arresterte og etterkvart  sende til tysk fangeleir der dei var til krigen var slutt  Han fortel om ei dramatisk heimreise  der dei var innom både russisk og amerikansk leir, og først ut i juni kom han heim til Åfarnes med æresport, talar, song og blomster.Han skriv at han følte seg både rørt æret. Og som vanleg beskjeden seier han at «noen slik æresbevisning så han seg ikkje fortjent til». Då fekk han også sjå den vesle dottera si Målfrid for første gong, no var ho snart to år.

Han melde seg straks til teneste i Forsvaret, og fekk først teneste som løytnant i Tromsø. Etter eit halvt år vart han send på eit halvt års studieopphald i England for å bli oppdatert på alt det nyaste på sambandssektoren. Heimkommen fekk han stilling ved Sambandsregimentet i Oslo med kontor på Smestad og etter ei tid bustad på Hovudøya der  heile familien på 4 kunne bu. Der budde dei i 6 år til han i 1953 vart tilsett som sjef for Materiellrekneskapskontroll DKT i Trondheim, med opprykk til kaptein. Familien flytte til ei leiligheit som Forsvaret disponerte. Året etter bygde dei hus i «Blomsterbyen», der dei budde resten av livet. Erik fortel at han alt i 1955 kunne fått ei stilling som intendant ved Sambandsregimentet med opprykk til major, men ingen i familien ville høyre snakk om flytting.  Han slo seg difor til ro som kaptein og sjef for Materiellrekneskapskontoret fram til han vart pensjonist i 1966.  Både han og Inga hadde god helse og fekk mange gode og aktive pensjonistår med reiser i inn og utland. Han køyrde bil til han var over 90 år, og dei fekk bu i huset sitt til han var 92 år i 1998. Då fekk kona Inga plass på sjukeheim og Erik flytte til ei leiligheit hjå barnebarnet Gunnar i Hegra. Han døydde 16.12 1999, og vart gravlagd på Hegra kyrkjegard 22.12.1999.

Til slutt kan eg ta med at Erik var ein respektært militær, aktiv i Norges Befalslag  og æresmedlem i Trondhjems befalsforening.

 Gravminnet står på Hegra kyrkjegard