Stor aktivitet på Fluga i 2018

Fluganemndi har oppsummert året 2018. Dette har vore eit år med stor aktivitet, både når det gjeld tilstellingar og dugnadsaktivitet. Mellom anna har me hatt besøk frå Canada, av etterkommarar til Johannes J. Tang, fødd på Fluga i 1885.

Til saman er det lagt ned imponerande 326 dugnadstimar.

Slåttedagen den 7. juli vart også dekka av nettavisa porten.no

Tilstellingar året 2018:

Besøk av 50-års jubilantar 5. mai. 27 besøkande

Besøk av Sandra Tang frå Canada. Sandra er barnebarnet til Johannes 
Johannesson Tang, fødd på Fluga i 1885.

Syklubben Nattergalen hadde klubb på Fluga den 29. mai

Slåttedag den 7. juli. Tiårsjubileum der ca 120 personar møtte fram.

Søndagsope 15. 22. 29. juli og 5. august  der 56 personar var innom dørane.

Rømmagrautrestafest med inviterte gjester frå dugnadsdagane på Fluga. 
Det var dekka til 21 gjester i stova på Fluga.

Arbeid utført på dugnad:

Måla deler av fjøsen samt reparasjon av nordveggen.

Tømt deler av stabburet så det no er klart for reparasjon av golv og 
«pålar».

Lagra alle «bidne» , tallerkar koppar og skåler i kassar.

Tømt løa og fått samla slåtteredskapen der.

Sortert ting  i «verktøyrommet» i fjøsbygget.

Sett opp båsskille i fjøsen.

laga takrenne over bislagsdøra.

Reparert kjøkenbordet/klaffebordet.

Reparert døra inn til bislaget.

Fått opp rekkverk i trappa opp til loftet.

Mange nye benkjer ute.

Kjøpt ny slåmaskin/plenklyppar.

Bilete frå slåttedagen 7. juli: