STATUS BYGGEPROSJEKT PÅ FLUGA.

Som det er registrert av gåande og køyrande i Krekavegen, er det anleggsaktivitet på Fluga. Hafslo sogelag har lenge hatt planar om bygging av reiskapshus, med stall i enden av bygget.

Reiskapshuset skal vera til samling av gamle hestereiskapar, til framvisning for interesserte. Stallen er tiltenkt nyttast til hestesportsaktivitet, der Hafslo idrettslag legg opp til rideopplæring og generell hesteaktivitet, i samarbeid med hesteeigarar i kommunen.

Terje Melheim har gitt alle hestereiskapane/køyredoningane på garden Solvi til Hafslo sogelag. Kanskje det er andre som har reiskap av interesse dei vil verna/ta vare på?

Tomten av bygget er trekt så langt unna husmannsplassen som mogeleg, for at ikkje  husmannsplassmiljøet skal påverkast. Sjølve aktiviteten i nybygget håpar me kan tilføra auka interessa for aktivitetane me har på Fluga i dag. Så har me avtale med Inger og Per Hess, om å bruke området  som grensar til Fluga, til rideopplæring.

Utgravinga av tomten starta opp i slutten av november 2020. Sidan det var ein uvaneleg fin haust, vart tomten ferdig utgreven, og overskotsmasse brukt til å fylle ut ein parkeringsplass på andre sida av Krekavegen. Resten av overskotsmassen vart nytta til utjamning av området. Det vart og klargjort veg til bygget.

Alt gravearbeidet vart proft utført av Svein Øygard, på dugnad, med innleigd maskin frå Ernst Rune Melheim, og dumpers manøvrert av Olav Melheim.

Då det vårast, i slutten av april, vart det tilkøyrt pukk og fyllmasse til vegen og tomten, og planeringa stod Ernst Rune for. Han klargjorde og tomten til forskaling og støyping.

Det er av styret i Hafslo sogelag sett opp eiga byggjenemnd, der Per Ivar Lomheim er leiar, og med seg har han: Lars Karlsen, Olav Grøteig, Svein Øygard og Svein Solheim.

Per Ivar, med sine elevar frå yrkesfag vidaregåande skule i Sogndal: Susanne Nilsen Årdal frå Høyanger, Ruben Nyløy Fredheim frå Luster, Sondre Lomheim frå Hafslo, Mathias Berge Jørgensen frå Leikanger, tok ansvaret for forskaling og armering, og gjorde tomta/plata klar for støyping. Betongen vart levert 6.mai, med trommel- og pumpebil. Det var kjekt å oppleve kontrollen Per Ivar og elevane hadde med lacer til ei kvar tid. Godt jobba av ein fin gjeng.

Etter støyping vart plata vatna etter alle kunstens reglar, og prosjektet er klart for neste trinn.

Oppsetting av bygget vil og stå i regi av Per Ivar, med sine dyktige elevar, og dugnad frå Byggjenemnda i prosjektet. For andre som ynskjer vera bidragsytarar i prosjektet, er det berre å ta kontakt. 

Prosjektet har frå det var på teiknebrettet, hatt god støtte frå Hans Nes Bygg AS, med Johannes Nes.  Johannes har framskaffa teikningar, og har gitt gode faglege innspel og gode råd på vegen, i tillegg forhandla fram gode avtalar av nødvendige leveransar til bygget.

Hafslo sogelag registrerar og godvilje og positive haldningar, når me treng hjelp frå andre bedrifter i komunen, noko som gir oss motivasjon til å få dette til. Her må og nemnast at me har Banken og fleire gode medhjelparar i Luster kommune med på laget.

Takk til alle, så langt.