God aktivitet i Hafslo sogelag

Referat frå årsmøte, 13.02.19

Hafslo sogelag hadde årsmøte på Eikum hotell 13.2. Leiaren i laget ynskte dei 65 frammøtte velkomne, og var imponert over den store interessa. Spesiell velkomst til æresmedlem i laget, Kåre Alme, med
applaus frå årsmøte. Her var blant dei frammøtte, fleire tidlegare leiarar, styremedlemar og deltakarar i nemnder og utval i laget. Laget hadde siste året 84 betalande medlemar, talet no er 90, med håp om å
nå imponerande 100 medlemar snart.

Song frå Tordis Skjerdal Rauboti og Ragnhild Walaker innleia årsmøte, med «Gamle gode Fanaraaken» og «Dar kjem dampen». God stemning vart det og, då leiaren vart utfofrdra til å ta på kapteinhua og delta i songen.

Det vart deretter gjennomført årsmøte, med faste postar som høyrer til på årsmøte. Gledeleg var det å sjå at den faste representanten til Radio Luster, Kjell Opheimshaug, sat på fremste bordet, klar med opptakaren.

Av innmelde saker, var det komne to saker frå styret:

  • Vedtak om godkjenning av kr 150 000,- av laget sine midlar, til medfinansiering av reiskapshus.
  • Innstilling frå styret å utnemne Johannes Bremer Lomheim til æresmedlem i laget.

Begge sakene vart godkjende av årsmøte. Årsmøte gav ståande applaus til utnemning av Johannes til æresmedlem. Utnemninga har sin bakgrunn i engasjementet han har vist i arbeidet i sogelaget over lang tid. Han var og til stades, som 17-åring, på «samrådingsmøte for kvinner og menn for ættegranskning i Hafslo, på Hillestad hotell, 20.september 1953», som det står i protokollen. Der møtte 50 interesserte. Der vart valt eit arbeidsutval. Hafslo sogelag vart så skipa 26.mars 1961.

Johannes kom med i styret i 1972, og vart vald som leiar i 1993 og fram til 1996. Så var han på ny leiar frå 2005 til 2013. Frå 2013 og fram til årsmøte, då han sa frå seg attval, var han styremedlem i laget Han har og skrive fleire lokalhistoriske artiklar, som me etter kvart skal ta med i heimesida til laget. Han sit inne med mykje lokalhistorisk kunnskap, som han gjerne delar med styret og andre, ofte krydra med ein god historie til.

Det var så gjennomgang av fyldig årsmelding frå styret, ved Svein Solheim, Bygdeboknemnda ved Per Jørgen Loen, Stuaflåtringen ved Ole Johnny Sie, Modvanemnda ved Svein Solheim og Flugenemnda ved Wenche Moe – alle meldingane vart samrøystes godkjende av årsmøte.

Årmeldingane kan du lese her: Årsmeldingar 2018

Kasserar gjekk gjennom revidert rekneskap, som og vart godkjend utan merknad. Laget har god økonomi.

Det vart så gjennomført val ved leiar i valnemnda, Lars Mogens Stølen

Det nye styret er:
Leiar Svein Solheim – gjenval (vald for 2 år)
Nestleiar Henny Eikum Roterud – ny (vald for 2 år)
Sekretær Gerd Westby Haugen – ny (vald for 2 år)
Kasserar Torstein Molland – ikkje på val
Styremedlem Aud Marit Hilleren – ny (vald for 1år)

Av dei som gjekk ut av styret, må nemnast enno ein nestor i laget, Hans Moseng. Han har vore aktiv i Stadnamnnemnda, der han kom inn i 1978, og i nemnda for bokverket «Gards- og ættesoge i Luster». Han var varamedlem til styret i perioden 1993 – 1997 og nestleiar i 1998. Sidan har han vore fast og påpasseleg sekretær i perioden 2005 og fram til årsmøtet, då han sa frå seg attval. Han vart og takka av årsmøte med blomsterhelsing.

Gunvor Kjos Wenjum, som har vore nestleiar i to periodar, sa og frå seg attval. Ho vart og takka av årsmøte med blomsterhelsing.

I alle nemnder og utval var det attval over heile linja, noko som vitnar om god stabilitet i laget. (Sjå årsmelding med oversikt på leiarar og medlemar i nemnder og utval).

Etter avslutta val, var det interessant kåseri av rådgjevar ved fylkesarkivet Per Olav Bøyum (som har nære slektsband til Hafslo). Han møtte og eit lydhøyrt og interessert årsmøte, på eit lokalt vinkla tema og bilder som engasjerte med påfølgjande spørsmål.

Det var så tid for mat, karbonadesmørbrød, blautkake og kaffi, samtidig med eit effektivt loddsal, med utlodding av over 50 gevinstar, gitt av positive sponsorar frå Gaupne og Hafslo og Sogndal / Kaupanger. Laget takkar for stor velvilje frå dei mange gjevararane.

Det var så ein god presentasjon/gjennomgang av den nye heimesida til laget, ved Aamund Lomheim Bremer, som har hatt jobben , saman med Eirik Hoem.

Til slutt vart det vist korte videoar frå slåttedagen sist sommar, med slåttekar og friske trekkspeltonar.

Møte vart avslutta med gode ord til sogelaget, frå Magnar Høyum, før allsongen med «Mellom bakkar og berg» avslutta kvelden.