Til minne om Olav Kjell Lomheim

Det var med sorg Hafslo sogelag mottok meldinga om Olav Kjell sin bortgang. Han døydde i heimen, 8.oktober 2023.

Olav Kjell har vore ein aktiv bidragsytar i sogelaget gjennom fleire tiår. Alt i 1969 vart han vald til kasserar i laget. Dette vervet hadde han i 11 år, til 1980. Han vart vald inn i bygdeboknemnda i 1981, og har vore innom nemnda i fleire periodar.

Olav Kjell og sonen Kjetil. Biletet er teke på Fluga, 10.juli 2023, av Svein Solheim.
Olav Kjell og sonen Kjetil. Biletet er teke på Fluga, 10.juli 2023, av Svein Solheim.

I perioden 1984 til 1992 var han varamedlem til styret. I 1996 vart Olav Kjell på nytt varamedlem før han i 1997 blei vald til leiar i laget. Dette vervet hadde han samanhengande til 2004, i heile 7 år.

Medan Olav Kjell var leiar blei det jobba med fleire større saker. Restaurering og vedlikehald av Stuaflåten har vore, og er, eit omfattande arbeid. Bygdebokarbeidet er den saka som oftast har vore på saklista i styremøta i perioden. Det er ikkje mange møte der dette ikkje har vore tema og det har vore lagt ned eit imponerande arbeid.

Det var i Olav Kjell si leiartid at laget fekk hand om husmannsplassen Fluga. Først vart det underskriven leigeavtale med eigaren, Agnar Berget, 19.april i 2001. Seinare vart det kjøp av husmannsplassen, med tinglyst skøyte 28.september 2005 (då hadde Johannes Lomheim overteke leiarvervet).

Dette var ei særs framtidsretta investering. Husmannsplassen er i dag utgangspunkt for mykje av aktiviteten i laget. Me kan nemne slåttedagen, omvisningar for born i både barnehage- og skulealder, utstilling av gamalt hesteutstyr, og mange andre tilstellingar. Me veit at dette var noko som gledde Olav Kjell.

Olav Kjell var òg medforfattar, saman med Susanna Lomheim Solem og Johannes Bremer Lomheim, av Hafsloalbumet I og II, som tek føre seg gamal historie frå Hafslo.

Olav Kjell Lomheim vart utnemd til æresmedlem i sogelaget på årsmøtet i 2023.

Hafslo sogelag vil takka for det store og langvarige engasjementet i sogelagsarbeidet, og lyser fred over Olav Kjell sitt minne.