Yearly Archives: 2020

5 innlegg

Jul i gamle dagar

Mons Bathen ( 1897 – 1989 ) var lærar og bonde på Baten på Mollandsmarki. Han var levande oppteken av histore og har skrive fleire lokalhistoriske tekstar. Her har han skrive om juleferinga slik han hugsa den frå sin barndom tidleg på 1900-talet.

Med kommodeskuffa som babyseng

Dei som kjenner historien til husmannsplassen Fluga veit at på denne plassen levde familiar med store barneflokkar, og me er overbeviste om at veggene i dette kammerset har vore vitne til mange barnefødslar.

Alle me i Fluganemndi har jo levd nokre år, og me veit at babyseng var ofte mangelvare. Løysinga kom fram då det viste seg at den første soveplassen for nokon av oss hadde vore ei kommodeskuffa.

Stor dugnadsaktivitet i sommar

Det har vore ein spesiell sommar for dei fleste av oss. Dette gjeld også oss i Hafslo Sogelag. Grunna korona-situasjonen har det ikkje vore mogleg å gjennomføre dei vanlege aktivitetane som trekker mykje folk. Til dømes måtte den tradisjonsrike slåttedagen på Fluga avlysast i år. På tross av dette har […]

Våronn på 1800-talet

I si skildring av Hafslo Kring 1860, utgjeve som tidsskrift av Historielaget for Sogn, fortel Kristen Bremer om våronna. Sumarmål (14de april) er nyårsdag i jordbruket. Snart er det såtid, våronni skal førebuast. Enno er det meir vinter enn vår. Dei hadde som vanleg sett myke på om hausten, så […]

Årsmelding for driftsåret 2019

Årsmøte på Eikum Hotell, onsdag 12.februar 2020 Styre: Leiar: Svein Solheim vald i 2019 ikkje på val Nestleiar: Henny Eikum Roterud vald i 2019 ikkje på val Sekretær: Gerd Westby Haugen vald i 2019 ikkje på val Kasserar: Torstein Molland vald i 2018 på val Styremedlem: Aud Marit Hilleren vald […]