Årsmelding 2018

Driftsåret 2018

Styre:

Leiar: Svein Solheim vald i 2017 -2 år på val

Nestleiar: Gunvor Kjos Wenjum vald i 2017 – 2 år på val

Sekretær: Hans Moseng vald i 2018 – 1 år på val

Kasserar: Torstein Molland vald i 2018 – 2 år ikkje på val

Styremedlem: Johannes Lomheim vald i 2018 – 1 år på val

Varamedlemar:

Tordis Skjerdal Rauboti vald i 2018 – 1 år

Tor Bremer « «

Kristoffer melheim « «

Bygdeboknemnda:

Per Jørgen Loen leiar vald i 2018  – 2 år

Magnar Høyum « «

Leif Hammaren « «

Flugenemnda:

Astrid Heggestad leiar vald i 2018 – 2 år

Wenche Moe leiar vald i 2017 – 2 år

Svein Øygard vald i 2018 – 2 år

Svein Haugen « «

Olav Grøteig « «

Varamedlemar:

Sigrid Hamre Nyseth vald i 2018 – 1 år

Per Hess « «

I nemndi er det delt leiarskap mellom Astrid og Wenche.

Stuaflåtringen:

Ole Johnny Sie leiar vald i 2017 – 2 år

Edin Lingjerde vald i 2018 – 2 år

Kjell Jacobsen « «

Modvonemnda:

Tor Bremer leiar vald i 2017 – 2 år

Odd Gerhard Solvi vald i 2018 – 2 år

Sverre Agnar Norheim « «

Revisorar:

Jon Sterri vald i 2017 – 2 år

Torstein Lomheim vald i 2018 – 2 år

Valnemnd:

Torild Tønnesen leiar vald i 2017 – 2 år

Norvald Røneid « «

Lars Mogens Stølen vald i 2018 – 2 år

Årsmøtefor driftsåret 2017, vart halde på Eikum hotell, onsdag 14.februar 2018.

Det var 53 frammøtte på årsmøte, og laget hadde 81 medlemar.

Leiaren ynskte velkomen, og gjekk gjennom innkalling og sakliste. Det var ingen merknader.

Etter forslag frå årsmøte, vart leiaren vald til møteleiar, og sekretæren til referent.

Wenche Moe og Elen Øygard vart valde til å skriva under møteboka.

Leiaren gjekk gjennom årsmeldinga for 2017, og arbeidsplan for 2018.

Wenche Moe les årsmeldinga frå Flugenemnd

Svein Solheim las årsmeldingane frå Stuaflåtringen og Modvonemnda i gruppeleiarane sitt fråver.

Per jørgen Loen las årsmeldinga frå Bygdeboknemnda.

Alle årsmeldingane vart samrøystes godkjende.

Kasserar Torstein Molland las rekneskapet for 2017, som vart samrøystes godkjend

Fastsetting av kontingent for 2019 vart sett til kr 200,-.

Årsmøtet gav styret fullmakt til å fortsetja arbeidet med å få på plass eit reiskapshus på Fluga, på 7 x 25 meter, for oppbevaring av hestereiskap og utstyr som sogelaget har fått tilbod om frå Terje Melheim, oppbevart på Solvi.

Lars mogens Stølen leia valet.

Matøkt med loddsal og trekning av 20 gevinstar.

Etter matpausen, synte Kåre Alme gamle bilete frå Hafslo på skjerm. Han las og opp Hafslosongen, som bestefar hans har skrive.

Arbeidsåret 2018.

Styremøter:

I arbeidsåret 2018, er det halde 7 styremøter, og handsama 58 bokførde saker. Styremøta er haldne i tidlegare Luster vgs. Sine lokaler.

Av saker som har vore handsama nemnast:

-evaluering av årsmøte

-søknader om tilskot, gåver og kommunale midlar

-samarbeidsprosjekt med Hafslo barne- og ungdomsskule om stølsdag på Håvardsete

-vurdering av heimeside, og seinare oppstart av heimeside til laget

-omvisningar på Fluga for: 50-årskonfirmantar, Canadabesøk, barnehage

-fleire saker om reiskapshuset, status og framdrift, byggjenemnd, søknad om byggeløyve 

-godkjent logo for laget

-kjøp av plenklyppar til Fluga

-felles møte med Bygdalaget og Idrettslaget/trimgr. vedkomande stiprosjekt

-status/framdrift bygdebokprosjektet, bind XII.

-etablering av Vipps for laget

-førespørsel frå 4H om samarbeid med arr. av fylkesleir 28. og 29.juni 2019

Aktivitetar i arbeidsåret 2018:

Gjeldande aktivitetane som har vore på Fluga, Stuaflåten, Modvo og i Bygdeboknemnda, vert det vist til eigne årsmeldingar frå nemndene.

Vårt lokalhistoriske arkiv har fåt tilført historisk materiale av ymse slag. Det er likevel plass til meir, og då tenkjer me spesielt på styreprotokollar og årsmeldingar frå lag og organisasjonar. Dette er viktig historisk materiale som bør vernast og takast vare på.

Stiprosjekta, Kjosavegen og stien til Stuaflåten, som vart fullført i 2017, har me gleda av å sjå vert brukte. Kjosavegen både sommar og vinter. Dette året har me fått ut kvilebenkjer langs Kjosavegen , Stuaflåten og på Huarplassen (med hjelp av spreke damer), og utsiktsplassen Skårane. Det stå no att å skilta stiane og avstikkarar lang stiane. 

Planlegging av reiskapshus på Fluga har hatt mykje merksemd, både i styret og for einskidpersonar. Nes Bygg AS har teikna og kostnadsrekna reiskapshuset. Arbeidet er gjort på dugnad.

Me har i tillegg fått tømmer av Per Ivar Lomheim, som me har fått saga gratis på Sie-saga av Ole Johnny. Dette er saga til villmarkspanel, som er løna på føreskriven måte av Svein Øygard. Det er vidare godkjent byggeløyve av Luster kommune. Dette tok noko tid, då me og, etter tilråding, valde å flytta noko på plasseringa av bygget.  Såleis skal det vera klart å starte opp utgraving av tomt til våren. Til byggenemnd er valt:

Per Ivar Lomheim  (leiar)

Olav Grøteig

Lars Karlsen

Svein Øygard (rep. Terje Melheim)

Svein Solheim (rep.styret)

Etter søknad har me motteke kr 300 000,- frå Luster sparebank, noko som er eit viktig bidrag til realisering av bygget. Det er vidare gitt kr 25 000,-  frå Luster energiverk (når bygget står ferdig). Vidare ligg det inne søknader på tilskot frå Luster kommune og Kulturminnefondet. Desse er enno ikkje handsama. Det vert vidare vudert søknader om tilskot frå næringsdrivande.

Det er ved fleire høve drøfta i styret å få lage ei heimeside.  Dette vart først ein realitet, då Aamund Bremer og Eirik Hoem sa seg villige til å gå inn i dette arbeidet. Det er av styret valt ei gruppe til å arbeide ut, og vedlikehalde heimesida. Aamund har vore- og vil vera sentral i dette arbeidet, og med i gruppa er:

Aamund Bremer (leiar)

Eirik Hoem

Kåre Alme

Svein Solheim

Me har vidare hatt kontakt med fylkesarkivet v/ rådgjevar Per Olav Bøyum, for å få hjelp og støtte i arbeidet. Som observante medlemar har oppdaga, er heimesida alt oppe og går !

Vidare har laget fått utarbeidd logo. Denne er teikna av Erling Eide: Så har me fått hjelp til digitalisering frå NTP.

I samarbeid med Hafslo barne- og ungdom, arrangerte me stølsdag på Håvardsete med 8. og 9.-klassingane, 18.juni. Johannes, Gunvor og Svein var med frå styret, og Elen Øygard hjelpte til med å setja saman separatoren og separere. Gunvor ordna med sel å vera i, og mjølk til separering frå Olav Harald Alme. Her var det mange observasjonar og spørsmål frå elevane under separeringa. Det var god stølsstemning i fint sommarver, med ein bøling kyr og kviger beitande utanfor selet, og Johannes og Svein var i Kjosa-selet og fortalde om budeia sin lange arbeidsdag, spesielt dei budeiene som gjekk i «mødlo» frå vårstølen og heimegarden om sommaren. Dei hadde lange og travle dagar med stølsarbeid og onnearbeid heime. Ein minnerik dag for elevar og arrangør.

Me har hatt fellsemøter med Bygdalaget og Idrettslaget/Trimgruppa, om planlegging og drifting av stiprosjekt.

Med bakgrunn i at skorsteinspipa på Fluga er i dårleg forfatning, og at me såleis har fått forbod mot å bruke denne, vert det arbeidd med å få til oppgradering/setje inn stålrøyr, slik at me kan bruke peisen på kjøkken og eventuelt ovnen i stova. Entreprenør er kontakta for å koma med innspel og kostnadsoverslag.

Laget har fått Vipps-nummer, som m a  gjer det enklare for medlemar å melde seg inn i laget. Om du skriv: Hafslo sogelag, er du inne, og kan betale /melde deg inn som medlem.

Det er førespørsel frå Hafslovatnet 4-H om samarbeid, då dei til sommaren, 28. og 29. juni skal arrangere fylkesleir. Styret v/Flugenemnda er positive til å vera med på arrangementet på Fluga.

AKTIVITETSPLAN 2019.

  1. Reiskapshus. Få på plass finansiering, søknaer m m. Planlegg oppstart til våren. Dette vert eit omfattande prosjekt, som vil krevje ekstra innsats frå medlemar og andre. Det vert lagt opp til mykje dugnadsarbeid.
  2. Skilting av stiprosjekta, og rydding av skog til Bondehaug
  3. Rehabilitering av skorsteinspipa på Fluga
  4. Samarbeidsprosjekt med Hafslovatnet 4-H om fylkesleir, 28. – 29.juni
  5. Markering av Kulturminnedagane 7. – 15.september 2019
  6. Vedlikehalde og vidareutvikle heimesida til laget
  7. Arbeide vidare med det lokalhistoriske arkivet 
  8. Følgje opp søknader om tilskot, refusjonar og gåver
  9. Sjå vidare aktivitetane i rapportane frå nemndene i laget

Styret vil nytte høve å takke Luster Sparebank for raus gåve til oppsetting av reiskapshus. Gåva motiverar oss til vidare innsats, og er avgjerande for å få til realisering av prosjektet.

Takk for den «årlege» gåva.

 Takk og til Luster Energiverk for gåve til ferdigstilt reiskapshus.

Takk til Luster kommune for samarbeid, og viktige og kjærkomne tilskotsmidlar, som er avgjerande for drifta vår.

Takk til Fylkeskommunen for tilskot til stell av Modvo.

Takk til våre sponsorar for gåver til utlodding, og som tek utgifter til annonsering.

Takk for godt og konstruktivt samarbeid i styret, og godt samarbeid med aktive nemnder i laget.

Du kan gi din støtte til laget ved å bli medlem i Hafslo sogelag

Styret

Svein Solheim

  -leiar-

Årsmelding Fluganemndi

Last ned årsmeldinga frå Fluganemndi her: Årsmelding 2018 Fluganemndi

Årsmelding Stuaflåtringen

Styret dette året:
Ole Johnny Sie – leiar
Kjell Jakobsen – styremedlem
Edin Lingjerde – styremedlem

12.juni hadde me slåttedugnad der 11 deltok. Turkesommaren gjorde ikkje noko på grasavlinga, så arbeidet vart det same som før om åra.

17.juni var me 4 dugnadskarar og bar kvilebenker nedover og plasserte på ymse utsiktspunkt på stien. 

7.august tok me resten av benkene. Så no er det i alt 5 benker langs stien. Denne gongen var me 6 deltakarar. Det var  ein tung jobb, så det var godt å vera hjelpa.

8.november hadde me endå ein dugnad. Denne gongen med bering av informasjonstavla. Ho var så tung og uhandterleg, at me laut transportera ho i deler. I tillegg hadde me motorsager med og  fekk  felt nokre tre rundt stova. Claus R. Moe tok seg av styvingstrea. Dette var seint på hausten, så mørkni tok oss før me vart ferdige.

I år har det vore omlag 70 som har skrive seg i boki.

Årsmelding Modvanemndi

Nemnda har hatt fylgjande samansettning: Sverre Norheim, Odd Solvi og Tor Bremer, med sistnemnde som leiar.

Det har også i 2018 vore registrert besøk av kulturinteresserte mennskjer på Modvo. Det er stort sett folk som kjem dit etter eige initiativ. Nemnda er av den oppfatninga at bedre skilting på rasteplassen på Heggmyrane hadde vore til stor nytte. Då hadde fleire fått kunnskap om dei rike funna etter busetnaden på Modvo i folkevandringstida, for 1600 – 1700 år sidan.

Når det gjeld skjødselen av området, gjorde nemnda alt på vårparten klar til beitesesongen. Men som kjent vart det ein høgst unormal turr sumar, og dårleg med vatn og grasvekst. Difor vart dette året først start på beitingen godt ut i juli månad. Det positive var at vi i år var geitene tilbake, denne gongen kom dei frå Veitastrond. Det var Kurt Heggestad som var svært velvilleg og stilte opp med ein høveleg flokk. Dei gjorde ein utmerka jobb, til dess dei den 25.september returnerte til Veitastrond.

Årsmelding bygdeboknemndi

Bygdeboknemnda har i 2017 vor samansett slik:

Per Jørgen Loen – leiar
Magnar Høyum
Leif Johan Hamaren

I 2017 vart Bygdebok for Luster – Band XI- Solvorn I – ferdigstilt og utgjeven.  Det som står att før serien er fullført er Band XII – Solvorn II. Dette bandet skal omhandle 4 gardsnummer , 182 Kroken, 183 Urnes, 184 Dalen og 185 Åsen.

Bygdeboknemnda har ikkje hatt fysiske møte i 2018. Det er i hovudsak Marit Bøen og Leif Johan Hamaren, i tillegg til leiaren , som stått for innsamling av «restdata». Vi har fordelt arbeidsoppgåver som kvar har arbeidd sjølvstendig med, og  har også hatt ein del telefonkontakt for å drøfte problemstillingar og for å hjelpe kvarandre.

I følgje Lars Øyane har han no fått inn dei data han treng frå Kroken og Ornes, det står igjen å skaffe «restdata» om eit par bruk i Kinsedal. Han ventar no på at gadssoga skal bli ferdigstilt, slik at han kan byrje å flette tekstane.

Leiaren har også hatt jamleg kontakt med Terje Mikal Hasle Joranger som skriv den generelle delen og gardssoga. I følgje opplysningar eg har fått frå han, skal han vere ferdig med gardsnummer 182, Kroken innan utgangen av mars. Han tek så fatt på dei 3 rersterande gardsnummer.  Gardsnummer 184 Dalen og gardsnummer 185 Åsen er ikkje særleg omfattandemedan gardsnummer 183 Ornes  har mange bruksnummer.

Bygdeboknemnda meiner å ha god kontroll på det arbeidet vi skal gjere i høve band XII – Solvorn II. Vi er klar til å ta fatt på korrekturlesing når manus føreligg.

Det er god von om at skrivearbeidet er ferdig innan hausten 2019.

Følg og lik oss på Facebook: