STRANDSITJARSTADEN MARIFJØRA

Semesteroppgåve ved HSF, våren 1995
Av Mai Svangstu og Henny Eikum Roterud

FORORD

Me starta arbeidet med denne oppgåva i februar 1995.

Etter at me hadde funne ut kva me ville skriva om, tok me kontakt med Per Sandal på DH og fekk klarsignal og oppmuntring frå han .

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, ved Hermund Kleppa var den neste me tok kontakt med. Han møtte oss på Rådhuset i Gaupne og hadde med seg i «sekken» det dei har av privatarkiv frå Marifjøra. Kleppa gav oss og noko innføring i korleis me skulle finna fram i kommunearkivet. Me fekk ei mengd med idear og god inspirasjon til å starta skrivinga, men det var likevel ikkje fritt for at me tenkte: «Korleis skal me klara å nøsta opp i alt dette?»

Neste post på programmet var å setja seg ned og skriva brev til ulike etatar om dei kunne hjelpa oss med materiell.

Me tok og kontakt med dei som bur i Marifiøra i dag. Det er mykje eldre folk, så me fann fort ut at her var det mykie å henta av opplysningar.

Det blir for mykje å nemna alle med namn her, men me vil understreka at folk har vore særs hjelpsame og positive. Dette har ført til at arbeidet med oppgåva har vore lystbetont. Og det å ta kontakt med folk har vore ei særs positiv oppleving.

Me seier takk og atter takk til dykk alle!

Marifjøra 30.4. 95

Henny og Mai

INNLEIING 

I denne oppgåva vil me ta føre oss Marifjøra. Marifjøra var før ein del av gamle Hafslo herad, men vart etter kommunesamanslåinga i 1964 del av Luster kommune. Marifjøra ligg fint til ved Sognefjorden og var tidlegare eit livleg og viktig trafikk-knutepunkt. 

Me vil freiste å skriva litt om den aktiviteten som har vore i Marifjøra frå omkring århundreskiftet og framover. Denne tida var på mange måtar glanstida for strandstaden Marifjøra. 

Det me vil med oppgåva er å sjå korleis utviklinga har vore i strandstaden Marifjøra framover på 1900-talet, og kva slags verksemder som har vore på staden. 

Me har valt å ta med noko om strandstaden Marifjøra sin historie, skriv så noko om korleis utviklinga har vore kommunikasjonsmessig, og har tilslutt med ein del om verksemder og folkeliv.

Mykje av stoffet vårt byggjer på intervju med personar som minnest. Me har og ein god del bilete frå denne tida.

Til slutt nemner me noko om korleis ein kan arbeida med dette stoffet i skulen.

AVGRENSING AV OMRÅDE 

Me har avgrensa område til følgjande gardsnummer: Gards-nr. 100 Kjørlog, Gards-nr. 102 Marheim, Gards-nr 103 Marifjøra almeriding, Gards-nr 104 Marifjøra sagvelte, Gards-nr 105 Leirholen. (1) 

Me har teikna kart som syner kvar folk budde, og kvar dei bur som er busette i Marifjøra i dag. 

Nausta som står i Marifjøra i dag, er ikkje med på kartet, og nausta som har vore er heller ikkje med på det «gamle» kartet. 

FOLKETALSUTVIKLING 

Ved folketeljinga i 1801 ser me at der bur 19 personar i «Fieren». Ved folketeljinga i 1865 finn me følgjande: 

«Spesialliste over folketallet m.m. Joranger skoledistrikt Joranger sogn Hafslo prestegjeld. Den 31. Desember 1865 Her i ligger Strandstedet Marifjæren med 17 huse, 16 husholdninger, 71 indvonere.» 

Me ser såleis at det har vore ein stor auke i talet på innbyggjarar utover 1800 – talet. Dette talet ser ut til å halda seg utover 1900 – talet. 

HISTORIKK 

Strandstaden Marifjøra var frå gammalt av ein almenning. Ein almenning er eit etter måten stort område langs strandkanten, dvs eit jordstykke som ikkje har nokon spesiell eigar, men som var til allmen bruk og ferdsle.

Me veit at det fanst slike allmenningar både i Sogndal, Lærdal og Vik. Grunnen til at det var allmenningar, var sansynlegvis at det var så mange gardar oppetter dalføra i desse bygdene som hadde trong for ein stad der dei til dømes kunne lagra varer som kom sjøvegen eller som skulle utskipast frå staden. 

Det var fjorden som var ferdsleveg, så det var naudsynt for gardane oppetter i bygda å ha tilgjenge til ein stad ved fjorden. 

I Marifjøra veit me at folk frå andre stader i bygda hadde naust og at området vart nytta som hestebeite når folk hadde ærend hit. 

I major Per Tang sine utskrifter av tingbøker finn me følgjande om allmenningen i Marifjøra (29.oktober 1776): 

«Almenningen er 212 favner lang og 21 favner bred – iberegnet Amund Skaffers stykke. Jordbunden er slet sandbund. Almuen fandt de trængte denne usle almenning til hvileplads for sine kreaturer, nøstetomte m.v.»

Allmenningane var såleis frå først av bygdefolket sin eigedom, men seinare tok kongen rådvelde over denne jorda. 

KOMMUNIKASJON

SKYSSTASJON OG GJESTGIVERI.

Dersom ein studerer eit kart over Sogn og Fjordane der gamle skyss-stasjonar er nedteikna, vil ein sjå at for ein stor del ligg desse ved sjøen. Berre eit fatal er å finna i innlandet, mellom desse er Hillestad skyss-stasjon på. Hafslo. 

Grunnen til det ligg nok i at før i tida var det sjøen som var ferdslevegen for folk flest. I den tida kan det vera rett å seia at sjøen batt saman og land skilde.

På kvar skysstasjon var det som regel ein butikk som vart driven av skyss-skaffaren. Ofte var det einaste butikken i det distriktet, og vareutvalet var mangfoldig. Det kan vera vanskeleg å skilja klart mellom gjestgivarstad og kremmar. For på gjestgiveriet vart selt ein del varer og kremmarane kunne tilby losji. Skiljet er der likevel, for kremmarane var ein del av landet sitt handelssystem, og gjestgivarane skulle driva losjiverksemd og var først og fremst knytt til kommunikasjonssystemet. Gjestgiveria vart nytta som skyss-skiftestader. Det vart skift til båt eller til hest og vogn på denne staden. 

Bønder og fiskarar på veg til og frå Bergen nytta gjestgiveria, og det hende at øvrigheitspersonar på tenestereise gjorde det same. 

Men det var nok likevel lokalbefolkninga som vitja gjestgiveria mest. Skjenkestova der var ofte samlingsstad for dei. Her kunne dei kjøpa seg mat og/eller brennevin. Mange av dei mindre gjestgiveria i fylket fungerte nærast som kroer, og fleire gjestgiveri si forteneste var basert på sal av drikkevarer. 

I 1757 skriv fogden om gjestgiveriet i Marifjøra i beretningene sine. Ut frå det han skriv kan me sjå at stoda ikkje er den beste. 

VEGEN 

I fleire hundre år har det vore vegsamband mellom Sogndal og Marifjøra. Lenge var dette berre ein rideveg, med bruer over elvar og gjel. 

Vegen vart efter kvart utbetra, og i 1848 var det farande med hest og kjerre mellom Sogndal og Marifjøra. Den gamle vegen gjekk gjennom Gildeskredn ( Årøy – Oklevik), over Oklevik, Hillestadstølen, Veum, Lundshaugen, Sviggum og Marheim.

I 1876 fekk vegen status som hovudveg. Vegen var i dårleg forfatning og det vart arbeidd for å byggja ny veg mellom Sogndal og Marifjøra. I 1882 vart det lagt fram eit «Forslag med overslag vedkommende veiprojektet Marifjæren – Sogndal». 

I brev av 28.januar 1882 skriv 

«…undertegnede indvaanere af Hafslo Præstegjelds forskjellige sogne: Vi anseer det utvivlsomt, at det uden sammenligning vilde være til størst nytte at veistykke Marifjæren til Kjørlaug bro først kommer under arbeide…
…For den der er bekjendt med veien og dens stadige bruk som færdselsvei for almuens varer maa det formentlig være klart at dette veistykkets oparbeidelse maa have det første krav.»

Dei grunngjev dette kravet mellom anna med den elendige forfatning vegen opp Marheimsbakkane er i, og at bøndene på Indre Hafslo er avhengige av den for tilkomst til sjøen.

I april same året skriv Ingeniørløitnant Hanero til Veidirektøren:

«…under mit ophold i Marifjæren fra høsten 1879 til høsten 1880 har jeg havt anledning til nøie at sette mig ind i distriktets forhold…. Den gamle vei der forbinder Sogndal med Marifjæren er ganske usedvanlig besværlig; den har stigninger af ligetil 1 paa 3 med uafladelige op og nedtrak… I den kolde aarstid er fremkomsten meget verre og til visse tider rent ut farlig… …og paa nedstigningen til Marifjæren hvor det danner sig issvulder over veien, der intetsteds er forsynet med rækverk eller stabbestene, saa man selv med stor forsigtighed og ved høilys dag maa prise sig lykkelig ved heldig at være kommet over de mange stygge stede underveis. Ulykke baade med folk og heste hører da heller ikke med til sjeldenhedene paa denne route.»

Han viser vidare til at omlag 11000 innbyggjarar i Hafslo, Sogndal, Luster og Jostedalen er viste til å nytta denne vegen til framkomstveg. Han viser og til det utviklingspotensialet som denne regionen har når det gjeld fedrift, åkerbruk og skogbruk. 

Han skisserer så kvar den nye vegtraseen bør gå. Mellom anna skriv han:

» …gjennom det trange Marheimgjelet bør veien ligge paa vestsiden, der er den billiget og fri for skredgang saavel af sne som af sten, hvad ikke er tilfældet med østsiden.» 

Ny vegplan, Sogndal – Marifjæren, etter ny linje vart framlagt av ingeniør Landmark datert Bergen 29. april 1891. Denne vegplanen vart godkjend av vegdirektøren, datert 11.mai 1891. Vegen skulle byggjast i fire meters breidd. 

I 1915 var vegen ferdig frå Sogndal til Marifjøra. Vegen gjekk no over Hafslo ved Hillestad hotell, til Kjørlaug og til Marifjøra bru. 

Vegen frå Kjørlaug bru og til Marifjøra bru vart allereie i 1886- 87 utbetra til 2,5 meters breidd. Denne vart først utvida til fire meters breidd i 1924 – 1928, då inkludert begge bruene

Her ser ein nedre  delen av vegen i Marheimsgjelet, og Marifjøra bru.

Frå Marifjøra og vidare innover vart det og arbeidd med vegen. Vegen gjennom Røneidsberget vart bygd 1877- 1880. Røneidsbrua vart bygd i 1881 – 85. Denne brua vart teken av flaumen i 1905/06, og ny bru vart bygd 40 meter lenger nede. Den nye brua stod ferdig i 1907. 

Det vart arbeidd både på vegen til Jostedalen og vegen til Skjolden i denne perioden. Vegen frå Marifjøra og utover til Eikum var først ferdig i 1962.

I året 1928 fekk vegen Sogndal – Skjolden riksvegstatus. 

I samband med ny veglov 1962/ 63, med verknad frå 1.1.64, vart ny riksvegnummerering innførd. 

Frå 1.juli 1965 fekk vegarmen ned til Marifjøra eige riksvegnummer. Med dette var den eldste riksvegen i Sogn og Fjordane og vorten Noregs kortaste riksveg. Riksveg 603 er berre 260 m lang og er etter kvart vorte ein turistattraksjon. Dersom du vil, kan du fa kjøpa eit skryteprov på at du har gått den korte riksvegen til fots. Dette må sjølvsagt underskrivast av vitner. 

POST 

Den 1. september 1864 vart det første postkontoret etablert i «…dampskipsanløbsstedet Marifjæren i Gaupne annex til Lyster prestegjeld,. Sogn fogderi:» 

Dette postkontoret fekk namnet Gaupne poståpneri og låg under Bergen postkontor. 

Den første poståpnaren var Christian Brunkost Torp. Han kom frå Bergen og hadde slege seg ned i Marifjøra som landhandlar og gjestgivar. Han var poståpnar fram til 1871, då sonen hans, Nils Torp, tok over.

 I 1872 vart namnet Gaupne poståpneri endra til Marifjæren. 

Tre år seinare, i 1875, slutta Nils Torp som poståpnar, og ein ny landhandlar, Jacob Fedt (2), tok over. Han styrde poståpneriet fram til 1899, då gardbrukar Trond Jacobsen Feet vart ny poståpnar. 

Gardbrukar Trond Jacobsen Feet var gardbrukar på Feet som ligg oppe i bygda. Han bygde eit hus nede i Marifjøra. Denne byggjinga kom istand i all hast fordi Feet hadde høyrt nyss om at vegen skulle omleggjast. Han vart då redd for at han ikkje skulle fa byggja seg hus i det heile, og dermed starta han opp med arbeidet. Huset vart bygt på pålar for å spara tid på byggjinga. Han flytte så frå Feet og ned i Marifjøra, der han mellom anna vart poståpnar. 

Midt på biletet ser ein «dokterbustaden» som Trond Jacobsen Feet bygde. Huset er her under oppføring.

Etter at Trond Jacobsen Feet døydde, overtok sonen Jacob Feet huset. Han selde til kommunen, og dette huset vart seinare doktarbustaden i Marifjøra (sjå kart). 

Marifjæren poståpneri låg under Bergen postkontor fram til 1909. Då kom det inn under Lærdal postkontor. Sidan veksla det mellom Lærdal og Bergen fram til 1959, då det korn inn under Sogndal postkontor. 

I 1921 vart namnet endra enno ein gong, no til Marifjøra, som det sidan vart heitande. 

Brita Feet Ness var dotter til Trond Jacobsen Feet. Ho overtok som poståpnar i 1915. Då vart postkontoret flytt til huset til landhandlar Jon Ness, som var gift med Brita. Då han døydde i 1926, vart postkontoret flytt enno ein gong. No til det huset som Susanna og Per Molland bur i idag. 

Brita Feet Ness var poståpnar til 1936. Då overtok dottera Susanna Ness (Ness Molland), som var poststyrar frå 1936 og fram til 1981. 

Då nye poststadsgrupper vart etablerte, omlag 1973/74, fekk poståpneriet nemninga underpostkontor. Enda noko seinare fekk det status av postkontor C. 

Den siste styraren ved postkontoret i Marifjøra var Per Jarle Molland. Postkontoret vart lagt ned den 1.7. 1993.

TELEFON 

Den 2.5.1899 vart telefonstasjonen i Marifjøra opna. 
Lina var knytt til sentralbord i Sogndal. 

Stasjonen var montert hjå Johs J. Eikum og han vart også stasjonshaldar. Kona hans, Anna M. Eikum, vart hjelpebetening. 

I 1905 vart det montert eit seks liners sentralbord, og Marifjøra fekk den første abonnenten sin. Det var handelsmann Jakob Trondson Tørvi. 

Jacop Eikum tok over etter far sin i 1938. Kona hans, Ingvaldina ( Dina ), var hjelpebetening. Det heiter seg at Jacob var flink til å ordne opp og skaffe telefon til folk flest.
Han ordna opp med linefeil og sentralbord. Det var mykje meir teknisk utstyr i Marifjøra enn på dei fleste andre stasjonar.
Jacob slutta i 1961. Då hadde Marifjøra sentralbord med plass til 40 abonnentar.

Telenettet vart utbygd i Marifjøra i 1961, og stasjonen vart flytt til Susanna Molland. Der vart han til automatiseringa i 1974. 

FYLKESBAATANE

Fylkesbaatane vart skipa i 1858. Då starta Fylkesbaatane opp som Nordre Bergenhus Amts Dampskibsselskap.

Selskapet hadde i starten to dampskip som dei sette inn i passasjer- og godstrafikk mellom Bergen og Sogn og Fjordane. Desse skipa vart kjøpte inn og kom i trafikk vinteren 1858/59. Båtane var «Fjalir» og «Framnæs».

I «Miletabel for Nordre Bergenhus Amtscommunes Dampskibe «Frammas» og «Fjalir» i Route mellom Bergen – Sogn, Sønd- og Nordfjord» finn me at Marifjøra var ein av stoppestadene på ruta (3). 

Me ser vidare at prisen pr. passasjer var 12 skilling pr. mil på første klasse, og me at det var 39 mil mellom Bergen og Marifjøra. 

I 1862 ser me at båten kjem til Marifjøra ein gong i veka.

I «Anmærkninger» i rutetabellane kan me firma at «Naar det ligger Is i Bunden af Fjordene, aflevers Post, Passagerer og Gods ved Iskanten eller på nærmeste stoppested udenfor samme.»

I 1891 tinn me at det er tre båtanløp i veka i Marifjøra. 

Og me kan merka oss at no vert passasjerfrakta rekna i øre. På førelesing har me fått opplyst at skille frå skilling og ort til kroner og øre var i 1875. 

I sommarrutene frå 1911 har me merka oss at rutene er utvida til fire anløp i veka, og me ser at ærverdige «Kommandøren» no er sett inn ein gong i veka på passasjertrafikken.

Ser me i båtrutene for i dag, finn me at Fylkesbaatane igjen berre har eit båtanløp i veka i Marifjøra. Ein er kommen attende der ein starta… 

SOGN BILLAG

Indre Sogn Automobilselskap A/S vart skipa den 8.4.1916.
Skipingsmøtet vart halde på Tørvis Hotell i Marifjøra. Same sommaren – i juni – kjøpte selskapet bil frå Bergen. Det var ein Chandler med sju sitjeplassar. Meininga var at bilen skulle setjast i fast rutetrafikk innover frå Sogndal.
Vilkåret for å kjøpa bilen, var at han skulle greia å forsera Rauneneset inne i Luster. Greidde han ikkje det, skulle dei få levera han att. Dette gjekk bra, og ut på sommaren vart det sett opp faste ruter frå Sogndal til Fortun, og frå Sogndal til Jostedalen. Desse rutene gjekk 3 – 4 gonger i veka. Køyringa vart avslutta den 4. september det året.
I fleire år gjekk rutebilane berre i sommarshalvåret.

Vegane var bygde for hestekøyring. Dei var smale og bakkete, så det seier seg sjølv at farten ikkje kunne vera høg. Høgast tilletne fart var lenge 30 km/t. Prisen var 20 øre pr.km.

Våren 1927 vart Indre Sogn Automobilselskap A/S selt til Samuel Berge m.fl. og omdøypt til Indre Sogn Automobillag.
Billaget hadde no fleire bilar, men dei var i dårleg stand, så bilparken måtte fornyast. I 1930/31 vart det sett i gang heilårsrute mellom Sogndal og Skjolden. Billaget stod sjølve for snøbrøytinga. 

I 30- åra vart det oppretta fast bilstasjon, mellom anna i Marifjøra som skulle ordna den lokale trafikken.
I 1935 vart det inngått ein avtale mellom Sogn Automobillag og Fylkesbaatane om å ta over selskapet. 

12. februar 1936 vart så Sogn Billag L/L skipa, med Fylkesbaatane som hovudaksjonær. Billaget hadde no investert i fleire personvogner og til og med i eit par godsvogner. Me kan sjå i Sogn Billag sine sommarruter frå 1938 at ruteaktiviteten var stor. Me ser og at det vat rute mellom Marifjøra og Jostedalen, med korrespondanse utover og innover.

Framover åra har Sogn Billag auka trafikken monaleg, men Marifjøra er ikkje lenger noko knutepunkt. I dag er det berre bussen på veg utover mot Sogndal som køyrer nedom. Bussar på veg innover har no haldeplass ved Marifjøra bru. 

VERKSEMDER

Den fyrste handelsmannen me veit om som busette seg i Marifjøra, var Hans Klausen. Det skjedde i 1630-åra. Han var frå Bergen. FIan dreiv handel i Marifjøra fram til omlag1660, då der kom to nye handelsmenn samstundes og sette seg til her. 

Me ser at dei første handelsmennene her er byborgarar. Det har nok samanhang med at frå 1660-åra hadde Bergen med sine byprivilegium einerett på handel på Vestlandet. Lova slo fast at det berre var bergensborgarar som kunne driva handel. Denne lova vart oppheva i 1842. 

MØLLE OG SAGBRUK I MARIFJØRA 

I ei utskrift frå ei tingbok frå 23.10.1697 kan ein finna:

«Marifjærens saug ligger aldeles øde til stor skade for bøygden, som trenger storlig til at faa skaaret materialer.»

Me ser her at saga ligg nede i ein periode, men omlag 100 år seinare kan me finna fylgjande:

«Publ. kongens bevilling av 9/12 1782 til kapt. Munthe aarlig at skære 12000 st. bord på Marifjærens sag.»

I «Hafslo Herredskommitions forberedende kommite 1867» kan ein finna:

«Marifjærens saugvælte Matr.nr.29, Løbe-nr.71a, av skatteskyld 10 skilling, som bruges av kaptein G. Munthe. Ager:1/2 tønnesæd god. Forøvrigt består Eiendommen af vandfaldet ved Elvemunnningen i Marifjæren og her til samme stødende tomt. Vandfaldet driver Sag og Møllen den halve del av året. Forslag til skyldlægning: 2 ort 18 skilling.»

Frå fotosamlinga til Knutsen har me fått dette biletet som er tidfesta til omkring 1880-åra:

Frå munnlege kjelder har me fått opplyst at Jon Ness (f. 1878 – d. 1926) eigde mølla og sagbruket til han døydde. Han bygde og eit privat elektrisitetsverk på det same området som mølla låg på. Mølla var i full drift til ho brann ned i 1924. Det vert fortalt at Jon Ness hadde planar om å byggja opptatt mølla etter brannen, men han vart sjuk og døydde, så det vart ikkje noko meir mølledrift i Marifjøra.
Den siste som var «møllemann» var Ola Teigen.

Saga var i full drift til slutten av 30-talet, og munnlege kjelder kan fortelja at det tømmeret som vart skore på saga vart frakta dit både landevegen og sjøvegen.

FARGERIET

Ein kan vel kanskje seia at ei av «storbedriftene» i Marifjøra var Beheims fargeri. Den verksemda var i drift frå slutten av 1800-talet og fram til byrjinga av 1950. Fargeriet låg nede ved sjøen, på Gards-nr. 102 (Marheim) , Bu-nr. 9 og vert i matrikkelen kalla Hals (4).

Andreas Einarsen Beheim gifte seg med Elisa Andrea Kristine Gode Jørgensen som var frå Bergen.
Me har samtala med dotterdotter til Elisa og Andreas. Ho fortel at ho hugsar fargeriet.
Dei dreiv med farging i eit lite hus nede ved sjøkanten.

Ho hugsar at folk kom med vadmål til farging. Det vart farga og pressa under nokre store blokker, der det vart lagt papir i mellom.Det var desse store blokkene som gjorde mest inntrykk på henne som jentunge. Ho fortel og at sønene til Andreas Beheim, Georg (f. 1889) og Anton (f.1895), var med på arbeidet.
I «Bygsleheimar i Hafslo» finn me at eldste sonen, Einar, reiste til Tyskland, der han lærde seg fargekunsten. Og han hjelpte faren med det. Kjelda vår meiner at fargestoffet fekk dei frå Tyskland. Einar reiste seinare til sjøs, og det vart Georg som tok over etter faren.
Andreas Beheim døydde i 1944. Kona Elise døydde omlag tre år før. 

Dei siste åra fargeriet vart drive – frå om lag 1940 – vart aktiviteten redusert til berre sal av let. Ved sida av hovudbygningen står det i dag eit lite hus som dotter til Georg eig.

Ho heiter Anne Elise Aasheim (f. 1947). Ho er gift og busett på Vatnestrøm. Ho bruker det som hytte når ho er heime på ferie.
Me har vore i kontakt med henne, og ho fortel at ho ikkje hugsar at dei farga eller kva hus farginga føregjekk i, men ho minnest at ho var med og vog fargestoff og hadde det i små posar. 

Fleire av informantane våre har sitert dette vesle verset om fargeriet:

«Du går i kvite sokkar, eg trur du ha’kje vet. 
Reis bort i Marifjøra og kjøp deg noko let.» 

Karl Hunshamar har i dag hovudhuset, fjøsen og hagen som høyrde til der fargeriet var. Eit synleg prov på at det har vore fargeri der, er ein «kypkjel» som i dag star med botnen opp utanfor huset til Hunshamar. Denne kjelen var mura inn i ein peis inne i fargeriet. Det var der fargebadet vart oppvarma.

Anton Beheim dreiv sagbruk like ved huset til Karl Hunshamar. Han dreiv fram til omlag 1964. 

«KRISTI-STOVA» VERT KAFFISTOVE OG SAMVIRKELAG. 

Kristi-stova var vel det ein kan kalla ei typisk strandsitjarstove.
I «Afskrift Brandtaxtforretning fra Hafslo Lensmandsdistrikt, Sogns Fogderi.» frå 1901, kan ein finna ulike opplysningar om denne stova. Desse opplysningane har me funne det interessant å ta med.
Stova står på Marifjærens Almending, Gaards-No 11, Brugs-No 1, i Hafslo herred, tilhørende Kristi L. Stølen.
Det første spørsmålet på branntakstskjemaet gjeld kor vidt denne bygningen tidlegare er forsikra, og på svaret kan ein sjå at det har han vore: » Efter Forretning af 24de Juni 1898. » Vidare kan ein sjå at bygningsmaterialet er tømmer, og taktekkingen er • teglstein og gråsteinsheller. Bygningen er 13,60 m lang, 5,9 m brei og 3 m høg. Huset er innreia.

«Huset inneholder Stue 3 Kammere Kjøkken og Gang og Røsloft, hvor det er enpanelet i Værelse i hver Ende paa huset, har 12 Vinduer og 11 døre«

Det vert og spurt om huset har grunnmur og i tilfelle i kva høgde over grunnen. «Nei Huset er bygget paa Balværk«.
Vidare er det spørsmål «Afstand fra Nabobebyggelse«, og her far me opplyst at «Huset ligger indimellem en Del Søboder og har en Afstand af hanholdsvis 1 til 5 meter fra de nærmestliggende og 20 meter til nærmeste Ildstedsbygning»
Dette fortel litt om korleis huset låg til, sjølv om opplysningane er lite eksakte. Det er lensmann F.E.Falck som har underskrive denne «forretningen». Han skriv: 

«Oversendes ærbødigst Hr.Amtskassereren idet oplyses at Bygningen er beliggende i Strandstedet Marifjæren, hvor samtlige Resicoer beløber sig til 50 000 – femti Tusinde Kr.» 

Hos munnlege kjelder har me fått opplyst at Kristi Stølen dreiv med kafe og med overnatting . Kor lenge ho dreiv, veit me ikkje heilt sikkert. Men me har funne fram til dødsannonsen hennar, og der ser me at ho døydde 10.2.1944, 85 år gamal, og munnlege kjelder seier at ho dreiv til ho var nokså gamal.

Anders Eikum overtok huset etter Kristi Stølen. Kjelder (5) kan opplysa om at han selde huset i 1946 til Indre Hafslo Samyrkelag. Det var då valt eit styre, og mønstervedtektene for samvirkelag var godkjende.
«Sjøhuset», som Kristi-stova vert omtala som måtte setjast i stand til forretningsdrift. Sommaren 1947 fekk laget løyve til å setja i gang, og Alf Fossøy vart tilsett som styrar. I september opna laget utsal i Marifjøra – i Kristi-stova.

«Kristi-stova» stod på pålar utover sjøstranda der botnen inneheld mykje leire. Når no huset vart nytta til forretning, auka tyngda av det p.g.a. varelageret. Me har fått oss -fortalt at under springflo hende det fleire gonger at sjøen stod opp til 30 – 40 cm over golvet i lageret og butikken. Varene måtte då lagrast så høgt, slik at dei ikkje skulle bli øydelagde.
«Men dette kunne ikkje gå i lengda,så styret prøvde å få kjøpa tomt på almenningen, men dette vart avslege.» (6)
Vidare kan ein sjå at i 1954 vart det teke opp forhandlingar med arvingane etter Jacob Feet om leige av dei lokala som Feet hadde drive forretning i (7).
I 1956 vart avtalen inngått, og S-laget flytte frå Kristi-stova.
I 1967 vart Kristi-stova riven, og S-laget bygde ein lagerbygning på tomta. 

I dag er lagerbygninga leigd ut til Felleskjøpet. Dei lagrar gjødsel, kalk o.a. her. Br. Bugge Næss står for utleveringa.
S-laget heldt fram med handel i Jacob-huset fram til november 1982. Då vart S-laget i Marifjøra lagt ned, og Marifjøra var endå ei «bedrift» fattigare  

BEDEHUSET

I ein protokoll som me har lånt hos det noverande styret i Marifjøra bedehus, kan ein lesa følgjande:

«Tanken om at bygge et bedehus i Marifjæren opstod først hos Ragnhild Jans. Marheim, der, efter have baaret paa den en tid, fremlagde den for en par af de aldre troende, der gav hendes tanke bifalds.» 

Vidare kan ein lesa at Ragnhild Marheim 

«…lovde som begyndelse til byggefond kr.1000.-. En komite blev valgt, der skulde have i opdrag at forestaa husets opførelse og søge tilveiebringe de resterende midler ved frivillige bidrag.«

Komiteen fekk god oppslutning, og ein kan i protokollen finna kor mykje kvar einskild gav. Dei fleste gav mellom 1 – ei – og 10 – ti – kroner, så då kan ein tenkja seg kor mykje kr.1000, – frå Ragnhild eigentleg var.

I denne protokollen fann me og dette bygselbrevet: Huset kom opp, og etter dagens prisar vart det særs rimeleg. Me finn at huset vart ferdig i 1888, og det «indvides af Hafslo sogneprest N.Chr. Brøgger, hvorpaa huset derpaa tages i brug«.
I rekneskapen frå 1889 kan ein firma: «Betalt brandskat for 2der halvaar -88, kr. 1,63«.
Denne brannskatten vart betalt kvart år.
Andre utgiftter som me ofte finn att i perioden fram mot 1940, er kjøp av ved, lampeolje og vask av huset.
Inntekter får dei stort sett ved basarar, gåver, og som det står: «Innkommet for kaffekjedelen«.
I rekneskapen frå 1946 ser me huset har vore leigd ut til sjukekassen, og det er bokført godtgjersle med kr.8,-. Same året finn me at Erik Øvrebø (Fjøresmeden) har selt 10 m med takrenne for kr.33,- til bedehuset. Me finn og at det vert kjøpt inn elektrisk matriell, og den 18.11.46 vert det for første gong betalt for lys og kraft til Hafslo kraftlag. I 1950 finn me at Israelsmisjonen hadde film i bedehuset, og den 27.12.50 står det å lesa: » Innkomme på jentelagsfesten kr 63,89″.

Me skal ikkje gå meir i detalj her, men det er tydeleg at det vert meir allsidig aktivitet i bedehuset utover – 50 talet. 

Bedehuset i Marifjøra er framleis i drift, men ein kan vel seia at både aktiviteten og oppslutnaden har gått attende. Det er framleis søndagsskule for born i bedehuset, og 3.dags påske er det basar. Den basaren kan ein vel med rette seia har vore den aktiviteten som har samla mest folk og mest pengar til bedehuset.
Ser ein i reknskapsbøkene kan ein finna at det var basar i mars 1902, og kvart år sidan har det vore basar i mars / april.
Mange av dei me har snakka med i Marifjøra i samband med dette arbeidet, har nemnt 3.dagsbasaren og kor mykje folk som var samla i Marifjøra då. Dei kom frå heile bygda, dei som hadde lengst veg kom heilt frå Mollandsmarka, så det var «svart av folk».
Det var båt i Marifjøra 3dje påskedag, så då fekk «bøgdingadn» sjå båten med det same. 

ULIKE SMÅVERKSEMDER 

Dei informantane me har hatt har og fortalt oss om ymse småverksemder som har vore i Marifjøra. Det var særleg på 30-talet at det var ein del slike verksemder. 

«Sag»-Ingeborg Ingebriktsen livnærte seg av å stiva lause skjortesnippar til mannfolk. Ho hadde ei lita stove ved sida av Bedehuset,på den plassen som vert kalla «Bidlagjerdet». Når det var tilstellingar i Bedehuset, selde ho kaffi til tilreisande for 10 øre koppen. 

Kari H. Joranger var sydame i kjellaren i hus nr.17. Ho budde og sydde på same rommet. Kundane kom til henne og tok mål og prøvde kleda. Det var helst damekle ho sydde. 

Lars Hagelund frå Gaupne var bakar i Marifjøra fram til omlag 1945. Han og heldt til i kjellaren i hus nr.17 – Fredly. Munnlege kjelder meiner at han byrja i ca. 1935.

Ei kvinne som heitte Elen Veum dreiv med strikking for sal. Ho heldt til i «Uglabui». 

I hus nr.17, Fredly, var det og syskule ein periode. Det var ei kvinne frå Krundalen som var lærar. 

SKOMAKAR – BLI VED DIN LEST 

Lars Øy Lars øy vart fødd i Øy i 1874. I ung alder drog han til Bergen for å gå i skomakarlære. Han vart verande i Bergen etter at han var ferdig med læretida, og arbeidde ei stund som skomakar. Men han tykte skomakaryrke kasta for lite av seg, og såg seg om etter noko anna å gjera.
Han fekk seg nytt arbeid som jarnbanearbeidar på Bergensbanen, og jobba der til banen var ferdig i 1909.
Deretter fekk han seg arbeid hjå skipsreiar Kjøde i Bergen. Der var han vedlikehalsarbeidar, og var mellom anna med og bygde murar og laga veg på Kjøde sitt landsted på Lepsøy.

I Bergen møtte han ho som skulle bli kona hans. Ho heitte Kristina Dvergsdal, f.1869, og var frå Dalane utanfor Marifjøra. Ho hadde huspost i Bergen. Dei gifte seg og flytte heim til Marifjøra. Lars vart pendlar. Han arbeidde i Bergen og var heime berre i helgar, høgtider og feriar. Kristina var heime og stelte dei elleve ungane som etterkvart kom.
I starten budde dei i «Myrastova», ei lita stove som står ved det gamle fargeriet. Seinare bygde dei seg hus i Marifjøra (8).

Efter nokre år, flytte Lars heim til Marifjøra. Han hadde kjøpt ein skomakarverkstad i Bergen og kom heim med maskiner og verktøy. 

Kristina dreiv kaffistove og hadde utleige av rom.
Yngste dotter til Lars og Kristina, Marta Bollingberg (f. 11.12. 1910), fortel så levande om dette:

«Eg minnest så vel,» seier ho ,»at jøstedølene kom heimover om kvelden, sette hestane sine inn på kommunestallen, og tok inn hos oss. Det kunne vera tre – fire om gangen. Dei hadde skreppeniste med seg. Og eg gløymer ikkje geitostane som dei skar dualege skiver av, og dei åt og kosa seg. Dagen etter skulle dei henta varer på båten.»

Ho fortel vidare at det og ofte korn handelskarar frå Hallingdal og overnatta hos dei. Det var folk som kjøpte opp «beist» som dei frakta frå Marifjøra til Flåm med båt. Derifrå vart dei drifta over fjellet.

Lars hadde hendene fulle med skomakararbeid. Han laga nye sko, både tøfler, småsko, pluggasko og beksaumarar. I tillegg reparerte han sko. Han hæla, sålte og flikka på gamle sko. Både gaupningar, indrebøgdingar og fjøringar kom med skoa sine til skomakaren. «Ja, ofte kom dei med heile sekker med sko som skulle reparerast,» fortel Marta.
Materialar til arbeidet sitt, som tråd, ler og plugg, kjøpte han direkte frå garvar Meyer i Bergen. Prisen for eit par nye småsko var åtte kroner i den tida. Dersom du skulle ha kraftigare sko kosta det 10 kroner.
Det vart lange arbeidsdagar, men Lars hadde ein leveregel som han ikkje svikta. Kvar måndag låg han ein halv time lenger enn vanleg, for han ville ikkje ha måndagstjas. Ein måtte roa seg, meinte han, for dersom ein «sprang laus» måndagsmorgonane, ville det gå skeis resten av veka. Lars slutta som skomakar i 1952. Og han døydde 15. august 1954.
Kristine døydde 20.mars 1965. 

FELESTOVA SOM SKOMAKARVERKSTAD

«Felestova» (9) låg rett bak der butikken til brødrene Bugge Næss er i dag (10). Denne stova, som fekk namnet «Felestova», var forma som ein felekasse. På grunn av plasseringa mellom to naust ( i den eine enden) vart ho bygd smalare i den enden. Etter det munnlege kjelder fortel, vart felestova brukt til ulike føremål.

Me kan nemna at Sigrid Espe hadde vevstolane sine der, og mange var dei som lærde å veva hjå ho.
Handelsreisande hadde utpakking av varene sin der, så handelsmennene kunne koma til felestova og bestilla varer.
Hans Bugge Næss hadde juleutstilling der i nokre år. 

Men frå 1942 til -46 dreiv brødrene Sønnesyn skomakarverkstad i Felestova. Dei tre brødrene var Magnus €1911, Sverre f.1914 og Trond f. 1919. Magnus som var den eldste av dei tre brødrene, hadde vore på Sandane i skomakarlære. Dessutan var far deira skomakar, så skomakarkunsten var vel litt av barnelærdommen til dei tre brødrene.

I dag er det berre Trond som lever att, og i samtale med han far me vita at dei dreiv både med reparasjon av sko og hesteutstyr. For å halvsola eit par sko, fekk dei fem kroner.
Dei laga og nye sko, som pluggsko, sandalar og skisko, som dei kalla for bekarar. Pluggsko var nytta til arbeidssko.
Trond fortel vidare at dei og laga hesteselar, men at det var vanskeleg å skaffa selalær. Han minnest at det var «kote»på det. Materialane fekk dei frå Bergen.
Dei dagane det var smørdag i Marifjøra, var det mykje folk hjå dei, «…så då kunne me ikkje rekna med å få gjera stort,» seier Trond med eit smil. 

Skreddar Søren Urnes

Søren Urnes var fødd på Odnes i 1874. Han byrja først i skreddarlære hos ein slektning, men reiste til Bergen der han tok svennebrev. Han gifte seg med Johanna f.Eikum (frå Ytre Eikum). Ho hadde neitopp avslutta jordmorutdanninga i Oslo. Dei _ busette seg i Jostedalen,der Johanna fekk jobb som jordmor.
Søren byrja som skreddar i Marifjøra, og var vekependlar til Jostedal.
Den første tida han dreiv som skreddar, reiste han mykje rundt på gardane og sat der og sydde.Det var vanleg på den tida at ulike handverkarar gjorde det, til dømes skreddarar og skomakarar.
Søren hadde Lars Opheimshaug, «Lassen» som han vart kalla, med seg som skreddar i 20 år.

I 1924 overtok Johanna og Søren ein slektsgard på Ytre Eikum, så Søren flytte verkstaden sin dit.
I 1932 slutta «Lassen» hos Søren, og sonen til Johanna og Søren, Toralv, byrja i lære hos faren. Han fortel at han ikkje ville vera med på fartinga frå gard til gard, så det vart til at dei leigde rom i andre etasje i det bygget som Brødrene Bugge Næss har forretning i dag . Far og son var heime på Ytre Eikjo i helgane, og dei måtte ro til og frå.
Til Ytre Eikjo er det ikkje veg den dag i dag, så det er framleis båt som er framkomstmiddelet for dei som vil dit.

Søren var ein svært flink skreddar som kunne sitt fag. Han hadde som nemnt fatt opplæring i Bergen, og var særleg flink til å sy herre-selskapsklær, som til dømes kjole-og kvitt.
Han hadde opparbeidd seg ein kundekrins i Bergen, så mc har fatt oss fortalt at han beheldt nokre av dei kundane etter at han flytte attende til Marifjøra. I dag kan me vel nesten ikkje tenkja oss at folk kom heilt frå Bergen for å få seg ny dress.

Det vert fortalt at skreddarane gjorde god forretning. Ein dress kom på 75 kr. og av det var 18 kr. arbeidsløn. Etter prisane i dag er det vanskeleg å skjøna at det førte til god inntekt. Søren og Toralv Urnes dreiv i to år som skreddarar i andre etasje i forretninga hjå Brødrene Bugge Næss.
I 1934 skilde far og son lag, og Toralv drog til Bergen og byrja som skreddar der. Søren heldt fram på Ytre Eikjo.

Skreddaren i Espestova

Den vesle, raude stova (11) som ligg oppe i Bakken, er gammal og har ein lang historie bak seg (Marifjæren Almenning, Gards-nr 103, Bu-nr 7). Maite Espe (f 29.9 1870) og Ole Espe ((29.11.1868) kom til Marifjøra i 1906. Desse to var foftidra til Tora (f. Espe) Øy. Me har fatt oss fortalt at det var ein som heitte «Bidle-Olen» som bygde stova. Me har ikkje funne fram til andre opplysningar om han. 

Ole Espe var skreddar. Han tok svennebrev i Bergen, og kom derifrå til Marifjøra. Han dreiv ei stund som skreddar i Espestova og hadde då lærlingar hos seg. Ole dreiv og ei tid som skreddar i Høyanger. Nøyaktig kor lenge har me ikkje funne ut. Men frå munnlege kjelder har me fått opplyst at han kom att frå Høyanger i 1940. Han heldt sidan fram som skreddar i Marifjøra, så det var mange som fekk sydd konfirmasjonsdressen hjå han. Ole Espe dreiv som skreddar til han var ein gamal mann. Han døydde i 1952, i ein alder av 84 år.

Idag står Espestova tom det meste av året, men om sommaren er det ofte folk der. Det er familien etter Karl Espe (son til Ole), som eig stova i lag. I matrikkelen har «Espestova» namnet «Utsyn». 

UTAN MAT OG DRIKKE… 

Tora og Nils Øy Tora og Nils Øy dreiv bakeri og kaffistove.
I Marifjøra var det i lengre tid to bakarar. Ja, frå omlag 1934 til 1945 var det faktisk tre.
Tora f Espe (17.9.1904) og Nils Øy (f. 1900) dreiv bakeri og i ein periode kaffistove i det huset som står på Marifjærens Almenning, Gards-nr. 103, Bu-nr.6. Dette huset har i matrikkelen namnet «Bakertun» (12). Me har fått vita at Olav Ugulen budde og dreiv forretning her før han flytte bort i «Uglabui» (13).

Nils Øy tok svennebrev i bakeryrket i Bergen i 1924, og me har fatt opplyst at det var rundt den tida Tora og Nils byrja med bakeriet i Marifjøra. Under krigen (1940 – 45) var det lite med råvarer (t.d.mjøl) til bakinga, så difor dreiv Tora og Nils kaffistove oppe i andre etasje der dei budde i tillegg til bakeriet. I 1947 vart det store framskritt i bakeriet. Nils kunne ta i bruk den elektriske bakaromnen. Prisane på brødvarene vart vel litt høgare, men det vert fortalt at før krigen kunne ein få tre langebrød og nokre kveitebollar i tillegg, for ei krone, hos Tora og Nils. 


Nils baka spesielt gode mjuke vannkringler. Han kunne enkelte dagar baka opp til 400 stk, så ein kan tenkja seg at omsetnaden var god og arbeidsdagen vart lang. Frå bakeriet vart det sendt bakarvarer rundt til dei omkringliggjande bygder i Indre Sogn. 

Dei gråe trekassane med bakarvarer frå Tora og Nils var nok godt kjende for sjåførane på lasteruta. 

I Marifjøra var det og doktarkontor, og dei dagane det var kontordag var det mykje folk i «Fjøra». Ventetida var ofte lang, og mange var dei som sat oppe på butikken hos Tora og Nils for å korte ventetida. Og Tora hadde kaffikjelen klar. Ein kopp med varm, god kaffi og eit nysteikt wienerbrød eller ei tyskeskive gjorde nok sitt til at ventetida ikkje vart så lang likevel. På smørdagane var det sameleis mykje folk i Marifjøra, og då var det liv og røre både i kaffistovene og elles i bygda. 

Nils og Tora dreiv bakeriet fram til 1968. Då måtte dei slutta, for helsa til Nils svikta. Nils døydde i 1977, men Tora har budd i huset fram til ganske nyleg. No er ho inne på Luster sjukestove. 

Bakarfamilien i Marifjøra 

Rundt 1910 kom Johannes Joranger som seinare vart kalla «gamle-bakaren» til Marifjøra.Han var gift med Anna Thune som var frå ein bakarfamilie i Solvorn. Eldste dotter deira, som og heiter Anna (f.8.10.1911), fortel at dei første åra faren dreiv som bakar i Marifjøra, heldt han til i eit hus som stod ved Tørvis Hotell. Familien budde i «Langahuset» til Anna var tre år.(14) 

Omkring 1915 kjøpte dei huset til «Anders-Trond», som dei kalla han. Det rette namnet var Trond Opheim. 

Johannes Joranger starta då som bakar med utsal i eige hus (15). Bakaromnen vart sjølvsagt oppvarma med ved den gongen, så det var ikkje noko lettvindt foretakande. 

Anna fortel vidare at ca i 1918 fekk faren handelsbrev. Ein trengde ikkje gå på handelsskule den gongen for å fa det. Det var nok at to menn skreiv under på at ein kunne driva handel, fortel ho. Ho meiner at faren starta opp med landhandel same året som han fekk handelsbrevet. 

Hjå Jacob Feet kjøpte Johannes eit uthus som låg på den andre sida av vegen. Dei hadde både kyr, gris og høns i uthuset, i tillegg vart det nytta som lager til forretninga. Johannes og Anna hadde tre born. Det var Anna, som me har nemnt før, Borghild (26.2.1915) og Per (7.11.1916). 

Kona til Johannes døydde då Per berre var eit halvt år, så han vaks opp hjå besteforeldra i Solvorn. Bestefaren og morbroren dreiv som bakarar i Solvorn, så Per fekk eit godt startgrunnlag i bakeriet for det arbeidet han seinare skulle velja. Kona til Per, Ragna, fortel at han tok svennebrev i kavring i Oslo. Etter at han var ferdig i Oslo, jobba han eit år på samvirkelaget i Årdal som bakar. I 1948 døydde «gamlebakaren» brått, og då flytte Ragna og Per heim til Marifjøra. Dottera Anna heldt fram med landhandel i huset etter faren. Ho vart seinare gift med Wilhelm Oma (1952). 

Anna fortel så levande frå den tida dei tok i mot smør. Dei hadde eiga smørelte (braok). Når dei skulle elta saman smøret frå bøndene, prøvde dei å ta det smøret som var mest likt på farge saman for å få det så jamt som mogleg. Det var mykje arbeid med oppattrydding og oppvask desse dagane. Dei pakka smøret i kassar, og sende det til Bergen med båt. Kundane kom frå heile Indrebygda. Mange bar varene i ryggsekker. 

Når båten var i Marifjøra, sette kundane att varene på bui og kom ikkje og henta dei att før båten hadde vore om kvelden. «Så dei dagane var det langope,» smiler Wilhelm. Anna og Wilhelm Oma slutta med landhandelen i 1992. I dag bur Borghild Joranger og Anna og Wilhelm Oma i huset, men i første etasje, der det var butikk, står det tomt. 

Ragna og Per ordna uthuset om til bakeri med utsal i 1.etg.og husvære i 2. etg.(16). Her flytte dei inn i desember 1948. Ragna fortel at den første jula dei budde der, hadde dei fjøstrappa som trapp frå første og opp i andre etasje. Den største forandringa på bakeriet frå far til son, var vel at no var det komme elektrisk straum til Marifjøra, og Per kunne ta i bruk elektrisk bakaromn. Det var mykje slit, minnest Ragna: «Me hadde ikkje elektrisk eltemaskin dei første åra, så alt måtte gjerast med handkraft.» Det var lang arbeidsdag. Per starta til vanleg dagen klokka fem om morgonen for at bakarvarene skulle vera ferdige til butikkane opna. Før dei store høgtidene, som jul og påske, måtte dei ofte byrja klokka to om natta. Dei sende bakarvarer med lasteruta mellom anna til Sogndal, Luster og Jostedal. På det meste hadde dei seks ulike utsendingar. 

Ragna minnest at då dei byrja med bakeriet og i mange år etter, kosta eit wienerbrød 15 øre, store kringler var det 15 kroner for, og vanlege langebrød kosta under ei krone. Kundane betalte 2,50 kr for eit langebrød då dei slutta med bakeriet i 1981. Ingen som har vore inne i bakeriutsalet hans «Bakar-Per», gløymer den gode dufta og dei gode wienerbrøda og vannkringlene. Det var mange som køyrde avstikkaren ned i Marifjøra, for å få med seg ein godbit frå bakeriet. Men i april 1981 var det altså slutt, noko som var eit stort sakn for både bygclafolk og tilreisande. Per var ein ivrig fiskar, jakt- og friluftsmann. Det var ikkje ofte han og Ragna tok seg fri. Men første jaktdagen i rypejakta om hausten, var det stengt i bakeriet. Per var og ofte å sjå på tur i Marifjøra, så ein bit av folkelivet vart borte då Per vart funnen død i båten sin den 13.5.1989.
I dag bur Ragna Joranger i huset deira. Men første etasje, der bakeriet og utvalet var, står tom.

«FJØRESMEDEN» – ERIK ØVREBØ 

Erik Larsen Øvrebø var fødd i Belgen i Gaupne i 1873. Foreldra hans flytte frå Belgen i 1874, og fekk seg ny heim i Øvrebø i Gaupne. 

I boka «Bygsleheimar i Hafslo», ved Mons Bathen, kan ein finna at Erik Øvrebø var i smedlære på Kyrkjebø i to år og i Vadheim i eit år. 

I 1894 fekk Erik Øvrebø leigd seg ei gamal smie i Marifjøra. Smia låg ved brua og tilhøyrde A.Tørvi. 

Den 24.5. 1895 gifte Erik seg med Maria Olsdatter Austrim frå Kyrkjebø. Erik kjøpte ei gamal stove på Røneid i Gaupne. Denne stova vart nedteken og sett oppatt i Marifjøra (17). I 1903 kjøpte han smia og sette ho meir i stand. 

Det var vanleg å bygsla eigedommar i den tida, og Erik fekk bygsel på Marifjæren Almenning Gards-nr.103, Bu-nr.l. I bygselpengar skulle han betala 40 kr. i året til A.Tørvi som var eigar på den tida. 

Den siste som tok i mot betalinga var Anna H. Bugge Næss i 1970. Det var same året som Erik døydde. 

«Fjøresmeden» var ikkje arbeidslaus, sjølv om der var smier mest på kvar gard. Bøndene «klabba og klatta» og var sjølvhjelpne med grovarbeidet, men til finare arbeid måtte dei ha fagfolk. Alt dyreforet vart slege med ljå. Mellom steinar og rabbar måtte ein nytta stuttorv eller sigd. Lauving var og vanleg på den tida, og til dette arbeidet nytta dei «snedl». 

Erik laga nok både ljåar, sigdar,snedlar og knivar for sal i den vesle smia si ved Marifjøra bru. 

I «Bygsleheimar i Marifjøra» finn ein og at Erik smidde ei mengd knivar som vart selde til Nord Noreg til fiskarar og til reinsslakting.
Åkrane var store og steinete, og alle potetene vart grevne opp med grev. Dei vart fort butte og måtte «framdragast».
Hesteskor var og forbruksvare i den tida, så smeden laga nok mange slike. Og etter bruk måtte hesteskoa kvessast.
«Fjøresmeden» laga og takrenner. Det kan me sjå i reknskapsboka til Marifjøra bedehus. 

Kor tid Erik slutta som smed, veit me ikkje heilt sikkert, men munnlege kjelder meiner at han dreiv til ut i 50-åra.
«Fjøresmeden» vart ein gammal mann. Han var heile 97 år då han døydde. 

Då vegen opp til «Bakken» vart bygd, måtte dei ta ein del av bærbuskene til «Fjøresmeden». Det var eit trist syn for han, for det vert fortalt at han sa at det var noko av det kjæraste han hadde. I dag er både hagen, huset og smia vekke. Dette vart gjort fordi vegen, landets kortaste riksveg og vegen som går på «Bakken», skulle utbetrast. 

JENS THORSEN – «STAMPESMEDEN» 

Det var to smedar i Marifjøra. Dei vart omtala som «Stampesmeden» og «Fjøresmeden». Smeden Elias Thorsen kom til Kiørlaug i ca 1889. Han budde på ein plass som heiter «Stampa». Huset låg mellom noverande riksveg og Livdtun skule. Staden hadde dette namnet fordi det hadde vore stampa vadmål der. Enkelt forklart er stamping ein prosess der stoffet vert behandla, slik at det vert tettare og ikkje krympar så lett ved seinare vask. Stampinga vart gjort før tøyet vart farga. Me skal ikkje koma nærare inn på den prosessen her, men difor altså, namnet «Stampesmeden». 

Elias Thorsen flytte huset frå Stampa og ned i Marifjøra på Marifjærens sagvelte Gards-nr 104, Bu-nr 4 i 1917, som i matrikkelen er oppførd som Smestad (18). Huset vart sett oppatt større enn det var. Det kan ein sjå på materialane den dag i dag. Det var smie i første etasje og husvære i andre, og der budde smeden med familien sin. Sonen Jens, som var fødd i 1897, byrja i smedlære hjå far sin så snart han var stor nok til det. Då Elias døydde i desember 1927, heldt Jens fram åleine i smia. Han var mykje vitja av bønder frå heile Indre Hafslo, og elles frå omkringliggjande plassar som Eikjastrondi og Kroken. Frå desse stadene kom dei i båt. 

Det var alltid noko som skulle reparerast. Dotter til smeden fortel at ho minnest det «yrande folkelivet». 

Anna, kona til Jens, var gjestfri, så ho var ikkje sein om å setja på kaffikjelen når det kom kjenstfolk «til gards». 

Anna dreiv kafe i nokre år på 30-talet. Men, vert det fortalt, det var mest for ungdomane om kvelden. Som «attåtnæring» dreiv ho og med strikking for sal. Jens var og rundt om på gardane og reparerte ulike reiskapar, eller han kopla vassrøyr. Jens dreiv som smed fram til 1952. Då flytte han og kona til Årdal, der han fekk seg arbeid på verket.

Stampesmeden Jens Thorsen døydde i 1959. Dotter til Jens bur i dag i huset som «Stampesmeden» sette opp på sagvelta. 

UGLABUI

Det kom tidleg igang handelsforening i Marifjøra. Ein meiner at det alt var i gang i kring 1880-åra. Handelsforeninga hadde handel i det huset som Olav Ugulen seinare overtok (19). Handelsforeninga vart avvikla etter 1900. Det vart seinare drive meieri i bygget. Marifjæren Meieri vart oppretta i 1902, og det er truleg at dei overtok bygget etter handelsforeninga. I ein formannskapsprotokoll frå 1891 – 1908 finn ein at Uglabui vert omtala som meieribygning.(20) Vidare har me funne eit brev som er i privat eige. Dette inneheld ein kontrakt (21). Her er det og opplysningar som me har funne interessante. Me får stadfesta at det fanst noko som heitte «Marifjærens aktiemeieri» i 1902, og at det er ein bygning som vert omtala som meieribygning. 

Munnlege kjelder hevdar at meieribestyraren budde i «Elen – stova»(22), og kjelda fortel vidare at meieribestyraren var svigerfar til Olav Ugulen. Frå ei anna munnleg kjelde far me opplyst at Kari Falkagjerdet som var meierske der, var mor til Olav Melheim som seinare dreiv Handelslaget. 

Fylkesarkivet for Sogn og Fjordane har eit privat arkiv frå «Uglabui». Me har sett gjennom det . Vi fekk inntrykk av at Olav Ugulen hadde eit variert varetilbod. Me kan nemna ein faktura frå A/S Norske Frø som viser at ein har motteke ulike frø som snittebønner, sukkerertrer, kruspersillen. Den 8.6. 1934 finn me ein kvittering som fortel at Olav Ugulen har sendt til Alfred Jensen, Torvet, Bergen: 2 holker smør ( 1 holk = 20 kg). Og i ei kvitteringsbok året etter (1935), ser me at Olav Ugulen har sendt: Til Norske Meieries Eksportlag, Bergen: «1 ks. smør ca 20 kg, 2 ks. gjetost ca 85 kg, 5 sk. poteter, 5 led. sekker. Bedes fyldt med kull og returneres med første båt.» 

Begge desse kvitteringane syner at Olav Ugulen har teke i mot både smør og ost frå bønder for vidare sal. Det fortel oss vidare at det ikkje har vore noko meieri her på denne tida.
Me har fatt opplyst frå munnlege kjelder at alle forretningane i Marifjøra tok i mot smør i ein periode etter at meieriet var lagt ned og før det vart oppretta smørlag. I arkivet etter Olav Ugulen finst og eit postkort frå 1919. Dette kortet er frå eit firma som bed om å få koma til Marifjøra. Dette er det eldste kortet ein kan linna i arkivet, men ein kan ikkje dermed dra den slutninga at det var då forretninga starta. Ein faktura frå 5.12. 56 viser at det er kjøpt inn : kopper, asjetter, mugger osv. frå firma Peter M. Kolderup, Bergen. 15.2 1956 Faktura frå Hans E. Wanssen A/S, Stavanger skihuer. Som ein del av dette arkivet finst og ein asjett, der det står med svarte, fine bokstavar: Olaf Ugulen. Dette kan tyda på at han hadde dekketøy til utlån, noko som ikkje var så svært uvanleg om ein går litt bakover i tid.
Kor tid Olav Ugulen slutta med forretning, har me ikkje eksakte opplysningar om, men frå munnlege kjelder har me fatt vita at det var mot slutten av -50 åra. Olav Ugulen budde i huset til han døydde.
I auksjonsprotokollane på Luster lensmannskontor kan ein Linna at det vart halde auksjon i buet etter kjøpmannen Olaf Ugulen den 13.10.1959. 

Etter at Olaf Ugulen var død, vart huset ståande tomt, og det forfall meir og meir. Men så, i 1990, fekk Marifjøra Eigedom A/S ta over bygningen, og dei sette i gang restaurering.
Det same selskapet hadde tidlegare sett igang eit lefsebakeri i huset der Kathie Melheim bur (1988).
Då restaureringsarbeidet var ferdig, flytta lefsebakeriet inn i første etasje i «Uglabui . I følgje opplysningar frå Luster kommune, tok kommunen over drifta av lefsebakeriet frå 25.9.91, men alt 23.1.92 vart lefsebakeriet avvikla – mest sansynleg av økonomiske årsaker.

I dag står desse lokala tomme, men i andre etasje er det innreia eit husvere som kommunen leiger ut. 

MARIFJØRA HANDELSLAG. 

Som me alt har nemnt under kapittelet om «Uglabui» vart Handelsforeninga avvikla i ca 1900. Ein av dei som hadde vore styrar der, Jens Bugge Fraas, bygde seinare det huset som idag vert kalla Marifjøra Handelslag.

Ser ein i martikkel for Luster kommune ført fram til 1.2. 1964 finn ein under G.nr. 100 B.nr.12 Kjørlog, Bruksnamn Fraasgård UL Marifjøra Handelslag. (23) Garden Kjorlaug ligg oppe i bygda ved Livdtun skiile, så dette er nok eit døme på at gardane oppe i bygda eigde jorsstykke nede ved sjøen, der dei til dømes hadde naust. Jens Bugge Fraas dreiv handel i Handelslaget. 

Ei av dei me har intervjua, fortel at ho hugsar ho var med foreldra sine på auksjon i buet etter Fraas, og at dei der kjøpte kjolestoff til henne for kr 1,50. 

Fraashuset vart kjøpt av Brødrene Hjetland frå Høyanger. Dei starta oppatt med forretning der, men budde for det meste i Høyanger. Olav Th. Melheim vart tilsett som dreng hos dei frå omlag 1936.
I 1940 vart UL Marifjøra Handelslag etablert. Eigarane var Brødrene Hjetland, Edvard Lie og Olav Th Melheim. L/L Marifjøra Handelslag starta og opp eit slakteri. 

[ bilete ]

Frå venstre: Slaktehuset, Krististova, bryggja og naustet til Uglabui, bryggja og naustet til Anna og Wilhelm Oma og huset til Thorsen (stampesmeden). Heilt til høgre ser ein bryggja og naustet til Susanna og Per Molland. Bak skimtar ein taket på naustet til Jacob Feet, 

Dei opplysningane me har om dette, har me fatt hjå kona til ein av medeigarane i lutlaget. Ho fortel at det var mest aktivitet om hausten, med saueslakting. Sauen vart klypt i eit eige rom som låg i tilknyting til forretninga. Dersom veret var turt og fint , sat dei under «Langahuset» (10) og klypte sauer, fortel ho. Ho minnest at dei hadde ein slange med vatn som dei gjorde reint med under og etter slaktinga. Reinsemda vart vel ivareteken og kontrollert av både veterinær og lege. Skrottane vart hengde opp nede på kaien med god avstand, under eit halvtak. Der hang dei til neste dag. Så vart dei lasta inn i ein lastebil og køyrde til Drammen / Oslo, til Norges kjøtt-og fleskesentral.

Under krigen var det ikkje så lett å skaffa drivstoff til denne transporten. Då fekk ein mann arbeid med å hogga «knott» til drivstoff til lastebilen. Denne mannen heldt til i eit veahus ved sida av handelslaget. «Knotten» var av or og var omtrent så stor som ein halv knytteneve.
 

Innmat og blod vart selt direkte frå slakteriet. Det kom folk både frå Marifjøra, Jostedal og Gaupne. Kjøparane hadde med seg kollar som dei frakta blod på. Avfallet frå slakteriet, som til dømes hovud og føter, gjekk til revemat rundt om i bygdene. Skinna vart salta og sende til Bergen, tarmane vart reingjorde, salta og pakka i tønner og vart sende til Bergen.
Kjelda vår minnest jekta og. Ho gjekk i fast nite kvar torsdag.
Slakteriet i Marifjøra heldt fram til ca 1952. Ein kan tenkja seg kor mykje folk og «røre» ei slik verksemd førde med seg til strandstaden Marifjøra.

Olav Melheim kjøpte ut dei andre i lutlaget i 1966, og heldt fram med landhandel til 1977 saman med kona Kathie. Olav døydde i 1978. Kathie bur framleis i huset. Marifjøra Handel driv fråmleis med sal av kraftfor, gjødsel og sprengstoff.
Torill Melheim Strand er eigar av Handelslaget i dag.
Magne Moen er lagerhaldar hjå Stormøllen og er deira representant. Dynamitten er det Magne Moen som har. 

SMØRLAG 

Som me tidlegare har nemnt under Uglabui, var det meieri i Marifjøra tidleg på 1900-talet. Dette var i drift berre ei kort tid. Etter at meieriet vart nedlagt, tok alle forretningane i mot smør frå bøndene for vidare sal til Bergen.
I den samanhengen kan det vera på sin plass å fortelja ein av dei historiane me har fått høyra: Ein bonde frå Molland kom med smøret sitt til Hans Bugge Næss som hadde både forretning og dampskipskai. Han hadde difor god kontakt med firma i Bergen.,og hadde nettopp fått telefon om at smørprisane hadde gått ned. Bonden tok difor med seg smøret til ein av dei andre forretningane i Marifjøra. Han tenkte vel som så at der hadde dei sikkert ikkje fått melding om prisnedgangen. Etter ei lita stund kom han att, litt ille til mote. «Korleis gjekk det ?» spurde Hans.»Eg kunne like godt levert det her, for han snytte meg tilsvarande på vekta,» svara bonden. Kor mykje sanning som er i dette, skal vera uskrive, men slike historiar er det nok mange av frå Marifjøra i «storheitstida».
Forretningane tok imot smør, og bøndene måtte ta att varer som betaling. Det var med andre ord rein bytehandel.
Denne betalingsforma var ikkje alle nøgde med, så difor gjekk nokre bønder saman og danna eit privat smørlag. Bøndene fekk no betaling for smøret i reine pengar. Smørlaget hadde tilhald der brødrene Bugge Næss har forretning idag.

Munnlege kjelder meiner at smørlaget starta opp rundt 1935 og heldt fram til 1954. Den første kasseraren var Sverre Urnes.Smørlaget gav ein del arbeidsplassar. Me har vore i kontakt med ein som var i arbeid der frå starten, og han sa at det var to mann som drog smørelta (braoki) med handkraft. Etter at smøret var ferdigelta, vart det pakka i tretønner. Tønnene vart spikra att, og var så klare for transport med båt til Bergen.
«Da va eit sværa arbeid!» sukkar kjelda vår, «eg kom ofte ikkje heimatt før klokka va to om natta.»
Til å byrja med drog dei, som nemnt, smørelta eller «braoki», som dei kalla ho, med handkraft. Den eine drog, og den andre sette til salt etter kvart, slik at smøret skulle bli jamnt salta.

Ei anna av dei munnleg kjeldene våre, som og har hatt arbeidet sitt i smørlaget,seier at det var stor framgang for laget og dei vart sparde for mykje slit, då dei fekk elektrisk smørelte. Han meiner at det måtte vera i omlag 1948. Elta vart innkjøpt frå eit meieri eller smørlag på Stord. » Eg hugsar,» seier han, «at meierska Ragna Prestegård frå Gaupne var borte hjå oss i Marifjøra og instruerte oss i korleis me skulle bruka den elektriske «braoki».
Smørlaget tok imot smør ein dag for veka, og då var det folksamt i Marifjøra. Nokre korn gåande med smøret i ryggsekker, somme brukte båt og andre brukte hest. Då kom «kommune»-stallen (24) til god nytte, ja, det har vorte fortalt at han vart reint for liten.
Hotelldirektøren ved Tørvis Hotell fortel at dei batt hestane langs gjerdet til hotellet, noko som ikkje alltid var like populært når hestane la att «visittkorta» sine. Det kunne bli mange av dei. 

Me har sett gjennom eit privat arkiv frå smørlaget i Marifjøra. Dette er no i fylkesarkivet. I arkivet fann me mellom anna ei kladdebok, der namna til dei som leverte smør er førte inn. Denne boka er frå 1937. Ho fortel oss at smørleverandørane kom frå Indre Hafslo, Bathen, Molland, Marifjøra og Eikjastranda, både Indre og Ytre. Ein kan og finraa kassabok frå Marifjøra smørlag nr. 186 for åra 1942, 1943, 1944 og 1945.

Indre Hafslo Samyrkelag starta i 1947 (25). Alf Fossøy vart tilsett som styrar, og i september same året opna laget utsal. Det vart gjort avtale med Marifjøra smørlag om at utbetalingane for smøret skulle gå gjennom samyrkelaget. I arkivet for smørlaget finn ein at Alf Fossøy var den siste kasseraren for smørlaget. Me finn og at våren 1953 var det styrarskifte i samyrkelaget. Ut frå desse opplysningane kan det vera nærliggjande å dra den konklusjonen at smørlaget i Marifjøra vart lagt ned i 1953. Hermund Kleppa på fylkesarkivet kan opplysa oss om at den 1.1 1954 kom meieriet i Årdal i gang. Det meste av mjølka frå Hafslo kommune vart levert der, og dermed var det slutt på smørlaget. 

DOKTERKONTOR I MARIFJØRA 

Som nemnt under «Posten» bygde Trond Jacobsen Feet det huset som seinare vart nytta til dokterkontor med bustad (26).
Jakob Trondsen Feet selde huset til Hafslo kommune i ca. 1918. Den første dokteren som budde i Marifjøra heitte dokter Kvamme. Munnlege kjelder fortel at han budde i andre etasje. Det er mange dokterfamliar som har budd i det store staselege huset i Marifjøra, og fatt venner for livet i den trivelege strandstaden Marifjøra.
Den siste dokterfamilien som budde i det gamle dokterhuset var Arne Elle med familie. Familien Elle flytte frå Marifjøra i 1968. Då hadde storkommunen Luster bygt ny dokterbustad med dokterkontor på Bakken (27).
Dokterkontoret heldt hus på bakken fram til 1982.
Den 6. mars 1982 vart Helsesenteret i kommunesenteret Gaupne opna, og atter ei «bedrift» i Marifjøra vart lagd ned.
I dag er dokterkontoret innreia som bustad som vert leigd ut.
Det gamle dokterhuset er i privat eige i dag. Dette er innreia som generasjonsbustad, og det er familiane Engjom og Vinda som bur der. 

«JAKOB-HUSET» 

Jakob Trondson Tørvi var morbror til Jon Ness som me har nemnt under «Mølle og sagbruk i Marifjøra».
Jon Ness tok over forretninga i «Jakob-huset» (28), og dreiv til han døydde i 1926. Jakob T. Feet tok over handelen i Jakob-huset etter Jon Ness. Jakob T. Feet var bror til Brita f. Feet Ness, som var gift med Jon Ness. Jakob T. Feet var såleis svogeren til Jon Ness.
Jakob T. Feet dreiv handel i «Jakob-huset til han døydde i 1955.
I auksjonsprotokollen på Luster lensmannskontor kan ein finna at det var auksjon i buet etter handelsmann J.T.Feet den 28.3. 1956.

I 1956 flytte S-laget inn i dei moderniserte lokala i «Jakob-huset», og dei dreiv der til laget vart lagt ned i november 1982.
Som før nemnt, var og Posten i «Jakob-huset» ein periode før han vart flytta til hus nr 17 på kartet. Opphaldet der vart ikkje så langt. I 1978 flytte Posten attende til nye lokale i «Jakob-huset». Susanna Molland var postopnar der fram til 1981, då tok sonen Per Jarle Molland over og var postopnar i «eige» hus fram til postkontoret vart lagt ned den 1.7.1993.
I dag er «Jakob-huset» påbygt og restaurert, og inneheld fire husvære som alle er bebudde. I det eine husværet bur Tordis Ness f.1916. Ho er dotter til Jon Ness. 

DROSJEN I MARIFJØRA

Per Molland f.1912, byrja som dreng på Tørvis Hotel i 1936. Einar Ugulen hadde hatt drosjen i Marifjøra, men slutta sommaren 1937. 

Per overtok både bilen, ein Crysler, og drosjeløyvet.
Me har snakka med Per, og han fortel at det var mykje meir tungvindt då. Dei visste ikkje kva vinterdekk eller piggdekk var for noko. Det vart å klakka rundt med kjettingar vinterstid.
Han hugsar spesielt i 1939, det var det fyrste året ein kunne køyra Sognefjellet. Då køyrde han mange bygdefolk på søndagstur til Ø. Per fortel vidare at i starten var det ikkje så mange turistar, men dei som var køyrde han helst fram til Jostedalsbreen.
Skuleruta byrja han å køyra i 1952. Det var ungane på Eikjastrondi som først fekk skulerute. Per fortel at han slutta med drosje i 1983, for då svikta helsa. Dermed var det slutt med drosje i Marifjøra. 

TØRVIS – FRÅ SKYSSTASJON TIL HOTELL

Som dei fleste andre hotella rundt omkring, hadde og Tørvis Hotel ein enkel start. Den enkle gjestgivargarden frå 1634 er no vorten eit særeige hotell som ligg vakkert til ved fjorden i Marifjøra.(29)
Gjestgivargarden starta med eit par rom, til leige for folk som hadde behov for ein stad å sova om natta.
Her var og hestebyte. Såleis kan Per Bugge Næss, noverande eigar av hotellet, fortelja at jostedølene kom hit, bytte hestar og drog til Hafslo. På heimturen bytte dei hest att, og på den måten fekk hestane kvila seg og vera friske og opplagde til turen framover att i Jostedalen.

I 1739 finn me å lesa om gjestgivaren Peder Folderup at han har «…liden eller ingen næring. Gjestgiveriet er kun en liden kro…»
I 1749 måtte Peder Tommesen Folderup gje seg, og han selde til Thomas Rein. I Tingprotokollane finn me 30.mai 1750 :
«…bevilling til Thomas Rein at holde et lidet øltapperi (gjestgiveri) i Marifjæren – saa lenge han ikke selger noget om søn- og helligdage til fylderi og bruger ærligt maal.» 

Gjestgiveriet og handelsstaden hadde fleire eigarar på slutten av 1700-talet og utover 1800-talet. Jakob Trondsen Tørvi kjøpte Tørvis i 1875. Etter ei tid overtok Anders Tørvi som var som til Jakob. Anders var gift med Thea. Anders døydde i 1905, og enkja Thea heldt fram med drifta.
Bestefaren til Per Bugge Næss, som og heitte Per, kjøpte hotellet i 1918 hjå Thea Tørvi. Han dreiv Hofslund Hotell i Sogndal og overlet drifta av Tørvis hotell til sonen sin, Hans, og kona hans Brita f. Feet. 

I dei gamle protokollane frå «Skydsstationen Marifjæren», kan me forna at fram til omlag 1909 var hotellet mest vitja av handelsmenn, for ein stor del frå Bergen. Desse gjorde ofte ein rundtur, Døsen, Hafslo, Marifjøra før dei returnerte til Bergen. Då me bladde i dei gamle bøkene, fann me elles ein flora av yrkestitlar. Såleis fann me til dømes at i 1901 har E.Borck, amtingeniør, opphalde seg på hotellet. Vidare finn me Alf Brøgger, snedker, postbefordrer Arne T. Drægni, postintendant, Mattias Larsen, hattemager, A.Sakshaug, skogforvalter og Jan Danielsen, garver.

Omkring 1909 ser me eit skifte. No er ein mykje større del av dei som tek inn på hotellet reine turistar. Me finn at både russarar, nederlendarar og tyskarar vitjar hotellet.
Prisen for overnatting med full kost kunne kosta 3-4 kroner rundt 1920.
Per kan fortelja at før han overtok drifta, hadde hotellet fleire hestar til å skyssa turistar med. Det var og skyss-stasjon med hest.heilt fram til slutten av 1920-åra. Hans hadde tre hestar som vart nytta til å skyssa passasjerar til Alsmo og Hillestad, der det og var skyss-stasjonar med hestebyte. I byrjinga av 1930 tok bilane over.
Turistane kom med båt og målet kunne vera å få sjå Nigardsbreen før dei drog frå Marifjøra.

I 1936 kom hotell-lova. Denne kravde at eit hotell måtte ha minst 20 senger. Hotellet har sidan hatt hotell-status.
I dag har har Tørvis Hotell ca.50 rom. Den gamle gjestgivarbygningen utgjer no kjernen i hotellet, og der ligg resepsjonen.
Etter 2.verdskrig har hotellet vorte påbygt fleire gonger, første gongen i 1948. Då vart det bygd ein fløy bak huset. Seinare – i 57/58- vart det bygde to nye fløyar, ein på kvar side av det gamle huset. På grunn av brannføreskriftene måtte desse byggjast i betong.

Frå 1968 til 1970 var det ei ny påbygging. Det kom to nye fløyar. Den eine bygd i terrasseform. I 1990 vart spisesalen utvida, og kjøkkenet modernisert. Så seint som i 1995 har det vore bygging på Tørvis Hotel. No er det «kjøkkeninngangen» som er vorten utvida.
 

Stabburet som høyrer til hotellet, er omlag 300 år gammalt vart flytta då ombyggjingane tok til. Det står no på utsida av hotellet. Dette stabburet har same type bindingsverk som husa på kaiane i Bergen. Det kan nok fortelja noko om den nære tilknytinga Marifjøra hadde til Bergen i tidlegare tider.

Vertskapet på Tørvis Hotel har halde på den gamle stilen. Når ein kjem inn, kjenner ein seg heime i dei koselege og heimlege omgjevadene. Ein te eller kaffikopp med noko attått kan nytast i ein av dei små salongane og der finn du ro for både kropp og sjel. 

FORRETNINGA OG DAMPSKIPSEKSPEDISJONEN 

Til hotellet høyrde dampskipsekspedisjon med kai, butikk og gardsbruk. 

Ein forretningsmann som heitte Eitungjerde hadde kontrakt med Thea Tørvi. Kontrakten inneheldt avtale om leige av forretninga og dampskipskaien og hadde varigheit fram til 1920. Brita og Hans Bugge Næss heldt då fram med drilla. Dei dreiv landhandel (30) fram til krigen var slutt. Då trappa dei ned. Ei av årsakene var nok at det etter kvart var mange som dreiv handel i Marifjøra.
Ei tid selde dei berre souvenirar, dette med tanke på turistane, både dei som tok inn på hotellet og dei som fylgde bussane som stoppa like ved «buadøri». Hans Bugge Næss døydde i 1962.

Sønene Per og Kjell eig i dag butikken og dampskipsekspedisjonen (31) i lag, Kjell (f 1930) eig garden og står for den daglege drifta av butikken saman med kona Signe (f 1931).
Per eig hotellet som han driv saman med den engelske kona si, Vivienne.
Signe og Kjell Bugge Næss overtok drifta av souvenirbutikken, men då Marifjøra Handel slutta i 1977, starta dei for fullt att med landhandel. I dag er det den einaste butikken som er att i strandstaden Marifjøra. Me som bur i nærleiken, vonar at dei vil halda fram i mange år enno. Det er noko personleg og koseleg med slike små butikkar, og hos Signe og Kjell er servicen på topp, mest til alle tider på døgeret. 

«LANGAHUSET» 

Den 26 januar i 1929 selde Hans Bugge Næss, dåverande eigar av Tørvis hotell og butikken, ein del av eiendomen sin til Jens Johannesen Sviggum. Staden vart då kalla «Badestuen», og låg på Marifjærens Almenning.
Vilkåret for sal, var at kjøparen ikkje skulle driva konkurrerande verksemd med seljaren. Huset, som seinare vart kalla «Langahuset» vart så kaffistove og overnattingsstad.(32)

Etter at Jens var død, dreiv kona hans, Berta, vidare. Ho hadde tre rom og fem senger til utleige for folk som kom framom og hadde bruk for ein stad å sova, og ho hadde kaffiutsal i tillegg.

Det vert fortalt at det nok var trongt om plassen hjå Berta dei dagane det var smørlevering og levering av beist på jektene.
På valdagane, har me fått vita, spanderte dei ulike politiske partia kaffi der. Og i ein periode hadde bakar Kristoffersen frå Solvorn brødutsal i huset.
Frå munnlege kjelder har me og fått vita at Berta dreiv kaffistova i «Langahuset» fram til omlag 1955. Ho døydde i 1959.
Johanna og Johannes Stokkebø (Berta var mormor til Johannes) tok over «Langahuset» i 1962. Dei ordna ein del på huset, og hadde nettopp starta med kafe då dei omkom i ei tragisk bussulukke i 1966.
På lensmannskontoret har me fatt opplyst at det var friviljug auksjon etter Johanna og Johannes Stokkebø den 19.7.67. Edvard Lie kjøpte huset, og han leigde det ut til to eldre damer i nokre år.

I matrikkelen kan me finna at i 1978 overtok HS Samferdselsdepartementet Sviggums gård (Langahuset). Riksveg 603 skulle utvidast, og dermed vart både stallen og «Langahuset» rivne.