Bygging av reiskapshus

Det vart på siste årsmøte vedteke å byggja reiskapshus for hestereiskap og utstyr.


Bakgrunn for dette prosjektet, er at Hafslo sogeleg fekk tilbod frå Terje Melheim, om å overta alt av hestereiskapar og utstyr tilhøyrande garden Solvi ( tidlegare eigar Einar Solvi). Styret i sogelaget har hatt synfaring av reiskapane og utstyret, saman med Terje Melheim. Reiskapar og utstyr framstår som godt vedlikehaldne og ivaretekne, ved at dei er oppbevart innandørs. Av utstyr nemnast: stolkjerre, sluff, spisslede, hjulslede, sledar i fleire variantar, potetopptakar, engjaplog, ar, vendeplog,harver, rakerive, hesteselar m m.


Sogelaget meinar dette er eit unikt høve å få hand om ei historisk samling for etterslekta. Utfordringa var oppbevaringsplass for samlinga. Etter fleire drøftingar i styret, kom ein fram til at bygget kunne plasserast på husmannsplassen Fuga, og verta eit supplement til husmannsplasen. Fluga er ,som vel kjent, i  sogelaget si eige.


Dette er tenkt å verta ein samlingsplass for gamle reiskapar frå- og for heile Luster kommune.


Til å finansiera prosjektet har laget motteke gåve frå Luster sparebank på kr 300 000,- ! Det er vidare tilsagn på kr 25000,- frå Luster energiverk (utbetalast ved ferdigstilling av bygget). Det er gitt tømmer (levert på saga), av Per Ivar Lomheim, til villmarkspanel, denne er saga på dugnad av Ole Johnny Sie, og kome i bordlønning av Svein Øygard. Det er vidare planlagd dugnadsarbeid på noko grunnarbeid og til delvis oppføring av bygget.

I byggenemnda er desse med:
Per Ivar Lomheim – leiar
Olav Grøteig
Lars Karlsen
Svein Øygard
Svein Solheim

Planen var å kome i gang med prosjektet i vår/sommar, men grunna uvaneleg treg sakshandsaming av Luster kommune ( byggeløyve), har vi justert tidsplan, med oppstart til våren. Då håpar vi alt skal vera klart.

Alt prosjekteringsarbeid er gjort av Hans Nes Bygg AS på dugnad.

Faksimile frå Sogn Avis - artikkel om bygging av reiskapshus
Følg og lik oss på Facebook: